Debatt

Å vera vitne til Holocaust

Viss du er taus i dag når folkemordet pågår i Gaza, hadde du kanskje vore taus også då Holocaust pågjekk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Leiv Olsen, styremedlem i Rogaland nei til EU forteller at det ikke er forsvarlig å avholde den planlagte strøm-demonstrasjonen på Torget i Stavanger torsdag. Årsaken er dårlig vær.

Korleis hadde me reagert dersom me var vitne til Holocaust? Me håper me ville gjort kva som var mulig for å hindra det. Berga unna dei som kunne bergast unna. I alle fall protestert høgt og tydeleg dersom me budde i eit fritt land då det skjedde. – Men hadde me gjort det?

No er verda vitne til at 2,4 millionar menneske, sperra inne på eit lite landområde, utan mulighet til å rømma unna, blir teppebomba frå morgon til kveld, kanskje natta med, i veke etter veke. Alle slags bygningar blir bomba, ikkje ein gong sjukehus er freda. Folk blir oppfordra til å flykta til den søndre delen av Gazastripa, men dei blir massivt bomba også der. Det finst ingen stad der folk er trygge. Tilgang til mat, vatn, straum blir blokkert. Små mengder, altfor små mengder, med naudhjelp får omsider sleppa inn, som dråpar i havet. Dødstala passerer titusen – 10 000 – av dei halvparten barn – og då snakkar me bare om døde som er identifiserte, med namn og ID-nummer, kor mange som ligg under betongblokkene veit ingen. Langt fleire kjem til å dø, om ikkje Israel blir tvinga til å avslutta krigen. Folk dør, enten av bomber, eller svelt, eller tørst, eller fordi sjukehusa ikkje blir i stand til å gje dei behandlinga som kunne ha redda livet deira. Israel hevdar dei har rett til å gå fram sånn. Dei seier palestinarane er dyr. Me veit kven som før kalla andre folkeslag for dyr.

Israel seier dei har rett til å forsvara seg. Mot kven? Kva for eit land har angripe dei?

Israel seier dei har rett til å forsvara seg. Mot kven? Kva for eit land har angripe dei? Israel fører ein krig mot folket dei har okkupert. Ein stat skal bruka politi og rettsvesen for å halda oppe tryggleiken, dei har ikkje rett til å føra krig mot eit okkupert folk.

Vestlege statsleiarar lar Israel tura fram. Enkelte, som den norske regjeringa, protesterer i det minste på at Israel bryt folkeretten. Andre gir Israel full støtte. Historia vil dømma dei.

Ikkje alle sit passivt og ser på. Jødar over heile den vestlege verda protesterer, saman med palestinarar og andre folk, og krev at Israel stansar krigen og slepp hjelpa inn. Familiane til gislane som Hamas tok 7. oktober, krev at Israel stansar krigen og forhandlar for å få gislane sette fri. Dei seier: alle menneskeliv er like mykje verdt, enten dei er jødar, palestinarar eller andre folkeslag.

Hadde du protestert dersom du hadde fått vita om Holocaust då det pågjekk? Viss du er taus i dag når folkemordet pågår i Gaza, hadde du kanskje vore taus også då Holocaust pågjekk. Alle menneskeliv er verdifulle. Gjer som mange jødar gjer over heile verda, slutt deg til kravet: Israel må stansa krigen og oppheva blokaden av Gaza! Innfør sanksjonar mot Israel så dei skjønar at no meiner verda alvor! Få i gang forhandlingar for å få gislane sette fri. Alle menneske er menneske, alle menneskeliv er like mykje verdt.

Mer fra: Debatt