Debatt

Tid til det viktigaste

Ville eg klare dette, og alt det nye som no låg framfor meg?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Anne Kristin Bruns

Då eg var 16 år flytta eg på hybel for å starte på gymnas (vidaregåande skule). Lisjebroren min var berre nokre få månader, det var nettopp slutt med kjærasten min og eg kjende på mykje usikkerheit for korleis eg skulle klare det «nye» livet heimanfrå. Eg gledde meg, samtidig som eg grudde meg. Ville eg klare dette, og alt det nye som no låg framfor meg?

Eg kjende på press, stress og spenning. Samtidig gledde eg meg til å starte på noko nytt. Det var også utfordrande å kome heim til ein tom hybel etter skuledagen, gjere lekser (utan støtte frå mor og far), vere redd for å ikkje få gode nok karakterar, for å ikkje få det til og finne nye vener.

Heldigvis var det vaksne som såg meg, oppmuntra, spurde korleis eg hadde det og utfordra meg. Eg vart invitert inn i nære relasjonar, og eg tok initiativ sjølv overfor nokre som var litt eldre enn meg og hadde levd livet litt lenger. Det hjelpte meg til å forstå meg sjølv betre og takle kjærleikssorg og dårlege karakterar.

Livet er ikkje for pyser, eg har lært gjennom mitt 60 år lange liv at motgang og utfordringar har gjort meg meir robust i møte med livet.

Livet er ikkje for pyser, eg har lært gjennom mitt 60 år lange liv at motgang og utfordringar har gjort meg meir robust i møte med livet. I vaksen alder måtte eg få hjelp til å sortere tankar og kjensler. Det var til svært god hjelp.

På verdensdagen for psykisk helse vart slagordet #lagplass brukt. I følgje nettsida deira har kvar femte person i Noreg få eller ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg, og det er fleire som er einsame no enn før pandemien. (https://www.verdensdagen.no/tema-2023)

Overgangen mellom kva som blir rekna som psykiske plager og kva som er normale variasjonar i kjenslelivet er glidande. Definisjon av psykiske plager er eit omgrep som blir brukt om symptom som til dømes angst og nedstemtheit.

I vår vedtok Stavanger kommunestyret ein strategi for Barn og unges psykiske helse -strategi for forebyggende arbeid (2023–2035) (1).pdf. Der seier ein mellom anna at å oppleve å høyre til, kjenne på meistring av situasjonar og at livet har meining styrkar den psykisk helsa. Dei nære og trygge relasjonane gjennom tilknyting og inkluderande fellesskap, gjer barn og unge trygge og sterke. Familien og samspelet mellom foreldre og barn er avgjerande for å utvikle ei god psykisk helse. KrF meiner at vi treng å styrkje familiane, ha gode barnehager, skule og fritidsarenaer som bidrar til ei god psykisk helse. Derfor vil vi styrke samarbeidet heim – skule, og gje foreldrestøttande tilbod både for småbarnsforeldre, men også når ein får større barn. KrF vil også saman med det nye fleirtalet innføre fritidskortet for barn og unge. Innsats på disse arenaene er naudsynt for å bygge en grunnmur som er bra for alle, nyttig for nokon og heilt naudsynt for dei som har auka risiko for å utvikle vanskar.

Eg tenkjer ofte på kor viktig det har vore at vaksne og vener brydde seg om meg, såg meg og var der når kvardagen røynde på. Lagde plass slik at eg kunne dele mine tankar, dele det eg var uroleg for og gje meg råd. Men eg måtte sjølv også ta initiativ, vise at eg trengde andre, slik at dei kunne få lov til å bry seg. Ingen klarer dette livet åleine.

Ei anna utfordring som ikkje var ein del av min oppvekst er skjermbruken og forholdet til sosiale media. Ifølgje ungdata undersøkinga (2022) svara 71 % at dei bruker meir enn tre timar dagleg framfor ein skjerm. Gjennom denne undersøkinga kjem det og fram at jenter bruke meir tid enn gutar på sosiale medar, medan gutane bruke meir tid på spel og gaming. Ifølgje undersøkinga ser dei unge for det meste positivt på sosiale media, men det er sjølvsagt at nokon opplever dette som ein utrygg arena. Det er ikkje ukjent å oppleve einsemd og utanforskap, og nettopp sosiale media kan forsterke utanforskap, mobbing og kroppspress. Dette er svært utfordrande for mange unge, og det kan sjå ut som at influensarar pregar kvardagen meir enn det som er sunt for barn og unge.

Vi er i eit tid der slagordet til KrF passer særs godt, nemleg tid til det viktigaste. Det rommar så mykje, men også det å høyre til, lage plass.

Eg kan seie at ved å dele korleis eg har det med personar eg har tillit til, om kva eg streve med, gjer dagane mykje lettare. At eg har noko å dele det med er førebyggande helsearbeid. Vi går inn i ei årstid der mørket sig på. Då treng vi særleg at vi er merksame på kvarandre og lager plass for å møtast med tid til det viktigaste.

Mer fra: Debatt