Debatt

Eit krafttak for kreftavdelinga ved SUS

Sist veke hadde Kreftforeininga den årlege Krafttak mot kreft-aksjonen, og eg vonar du støttar! Du kan framleis vippse til 2277!

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Så trengst det eit krafttak for å støtte opp om kreftavdelinga ved SUS, som får store utfordringar i perioden med såkalla delt drift. Vi har vel alle lese om den vanskelege situasjonen for det nye sjukehuset, byggjetrinn 2 er utsett på ubestemt tid. Men byggjetrinn 1 skal altså vere ferdig ein gong seint i 2024, og då skal SUS drivast vidare i mange år både på Våland og på Ullandhaug. Vedtak knytt til delt drift er visst fatta overordna for heile SUS – alle sengepostar skal flyttast til Ullandhaug, alle poliklinikkar blir på Våland. For kreftavdelinga, eller Avdeling for blod- og kreftsjukdom som er namnet, inneber dette at dei to poliklinikkane blir verande på Våland lenge. Avdelinga har no to sengepostar, to poliklinikkar, ei strålebehandlingseining, palliativt senter og ei forskings- og utviklingseining.

Eg har gjennom behandling i to år ved ABK-klinikken fått erfare kor godt ein kreftpasient blir ivaretatt her – topp kompetanse kombinert med topp omsorg! Dei tilsette imponerer meg kvar einaste gong eg møter dei, dei møter meg som ein dei kjenner, og dei tar omsyn til dagsforma mi: Ein dag treng eg ei god historie og litt prating, ein annan dag kan vi vere stille dei 5–6 timane eg er der for kvar behandlingskur. Men no merkar eg at dei tilsette er urolege for korleis kvardagen blir i perioden med delt drift. Alle tilsette ved SUS har stått i striden gjennom pandemien og dei held ut, no fortener dei meir enn applaus og uro for framtida!

Eg har forstått at god og trygg pasientbehandling på ABK-klinikken er avhengig av tett samarbeid med produksjonsavdelinga ved sjukehusapoteket og med avdeling for medisinsk biokjemi for analyse av blodprøvar – fysisk nærleik mellom desse tre kan vere avgjerande i eit behandlingsløp. Sjukehusapoteket er ikkje kva apotek som helst, det er eit eige føretak, Sjukehusapoteka Vest HF, eigd av det regionale helseføretaket Helse Vest. Føretaket driv sjukehusapotek i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger. Det er produksjonsavdelinga ved dette apoteket som lagar dei skreddarsydde cellegiftkurane som legane bestiller når pasienten sine blodprøvar er analyserte. Det er planen at berre heilt enkle blodprøveanalysar skal gjerast på Våland i delt drift-perioden. Ein konsekvens kan bli at kostbar medisin må kasserast fordi ein ikkje har full oversikt over pasienten sine blodverdiar når cellegiftkuren skal startast, eller at kuren må utsetjast fordi cellegifta ikkje er klar. Logistikk-utfordringane blir store dersom cellegift og blodprøvar må fraktast mellom Ullandhaug og Våland.

Etter dette har eg desse spørsmåla til styret i Helse Stavanger:

  • Er det råd å gjere unnatak frå vedtaket om flytting, slik at ABK kan vere samla i perioden med delt drift?
  • Kan det i alle fall sikrast at sjukehusapoteket har produksjonsavdeling både på Våland og på Ullandhaug, og at analyse og formidling av blodprøvar skjer raskt og sikkert?

Mer fra: Debatt