Då eg voks opp, var det eit tydeleg skilje mellom finkultur og massekultur. Finkultur var opera og klassisk musikk, teater, bildande kunst i kunstgalleri, selt og kjøpt for svimlande summar, og skjønnlitteratur av anerkjende forfattarar. Massekultur var pop og rock, kino, «Elg i solnedgangen» og «Sigøynerpiken», teikneseriar og kiosklitteraur. Finkultur var kunst. Massekultur var definitivt ikkje kunst. Det var søppel eller i alle fall utan kunstnariske kvalitetar. Finkultur var det bare eliten som forstod seg på. Massekulturen blei digga av den gemene hob, vanlege arbeidsfolk — som ikkje visste kva kultur var.
Reiulf Steen lanserte på 1960-talet det utvida kulturbegrepet, der alt som blei dyrka i mellom-menneskelege fellesskap, blei kalla kultur. Kultureliten gjorde narr av han for dette, han visste ikkje kva kultur var. Men Steen hadde rett. Kultur er det som blir dyrka i menneskelege fellesskap.
I dag er dei skarpe skilja mellom såkalla «finkultur» og «massekultur» i ferd med å rakna, og godt er det. Eg blir glad når eg ser «Stjernekamp» på TV, der både operasangarar, rockarar og andre musikarar prøver seg i alle slags sjangrar — og ser kor krevande dei ulike sjangrane er. Men kven skapte dei kunstige, og skarpe, skilja mellom finkultur og massekultur, og korfor?
Min påstand er at desse forestillingane blei skapte av overklassen som ville ha «kultur» for seg sjølv, og som eit middel for å nedverdige arbeidsfolk, og ringeakta arbeidsfolks smak. Det overklassen, alliert med «skjønnarane» innan «finkulturen», verdsette, skulle haldast unna arbeidsfolk. Det gjaldt kleskodar for dei som ville i teater eller på opera: dress og vakre kjolar. Du skullle «forstå deg på kunst» om du ville på utstilling. Det var ikkje nok å lika noko. Kunst og kultur blei gjort til synonyme begrep, og var ikkje for arbeidsfolk. Kinofilmar, rock og teikneseriar kunne ikkje tas seriøst. «Om fem år er Beatles gløymt,» sa sanglæraren vår på skolen (han var elles eit utmerka menneske, og godt likt av oss elevar). «Arbeidsfok har ikkje kultur,» var den underliggande bodskapen.
Kultur betyr å dyrka noko, enten me snakkar om bakteriekulturar, kulturmjølk og kulturbeite eller me snakkar om kultur i overført tyding: det som blir dyrka i menneskelege fellesskap. Då kan ein sjølvsagt dyrka kunst. Men kva er kunst? Det tyder ‘det som fordrar kunnskap, ferdigheter’. «Det er ingen kunst,» seier me om det som er lett å gjera. Ikkje all kultur er kunst. Kunst er kulturuttrykk som krev spesielle ferdigheter og inneheld spesielle kvalitetar. Ofte viser det seg at slikt blei nedvurdert i samtida, men høgt verdsett i ettertid. Kva med den massekulturen som har vore rakka ned på? Alt inneheldt vel ikkje dei same kvalitetane, men i dag vil vel dei fleste innrømma at t.d. teikneseirane av Carl Barks og musikken til Beatles har høge kunstnariske kvalitetar, og det er lite tvil om at musikarar flest, enten dei er anerkjende som kunstnarar eller «bare» pop-artistar, arbeider hardt og seriøst med musikken. I dag hyller alle kunstverka til Pøbel. Det er ikkje mange år sidan myndighetene gjorde det dei kunne for å hindra slik kunst — og slett ikkje kalla det kunst. Me må riva dei siste barriera mellom «finkultur» og «massekultur» og gjera kunsten tilgjengeleg for alle. Då må me òg vera opne for all kunst, ikkje bare for slikt som får stempel «anerkjent» av dei som kan betala for kunsten.