Debatt

Stavangermann med uvanleg roman

Med denne romanen var Sundland tidleg ute med ny skrivemåte og tenkemåte; kritisk og moderne

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Stavangermannen Egil Sundland var lektor i Haugesund då han i 1960 slo til med ein uvanleg og sterk roman på Gyldendal, Tjuv bankar på. Sundland hadde ein litterær suksess frå før. Med skodespelet Møblert værelse til leie hadde han vore med i tevling om det beste stykket for amatørteater og tok andreprisen, etter Tor Jonsson med Siste stikk og framføre Agnar Mykle med Morgon i appelsingult.

Egil frå Våland kunne elles mange ting; hadde i Oslo vore med i det legendariske Studioteatret som så visst ikkje var nokon amatørscene, der store namn i norsk teater var med. I Haugesund var han symfonikor og symfoniorkester.

Med romanen var Sundland tidleg ute med ny skrivemåte og tenkemåte; kritisk og moderne; som få år seinare slo gjennom og har sett varig preg på den norske litteraturen. Sundland kom med noko så uvanleg som filosofisk roman med spennande, til dels dramatisk handling.

Tjuv bankar på viser koss ein type i tida skeiar ut i forvirra tenking. Litt kjekkas er han, men meiner det vél og står for det han kjem med. Miljøet er den tids småby, der husmangel kunne gje spelerom for byvarianten av «bygdedyret»; eit maktmenneske som veit alt om alle og veit å gjera bruk av det. Den unge utbrytaren frå byborgarskapet har vendt tilbake frå hovudstaden. Der har han gjort seg gjeldande i kulturdebatt og det som i si tid heitte åndsliv. Nå vil han opna småbyen for ny og fri, men ikkje politisk tenking. Kona hans har gått frå ein veik ektemann. Han sit att med hus og dotter han ikkje er far til.

Den heimkomne utbrytaren treng hus. Dette ordnar den store velgjeraren i byen, han som hjelper til alle kantar, som «veit å hjelpa så det svir», og som før hjelpt den forlatne ektemannen. Nå får velgjeraren han til å ta inn i huset sitt ekskona og den nye mannen hennar. Krise og konflikt som her var å venta, kjem ein annan stad.

Den heimvende frigjeraren vil starta diskusjonsforum for fri tenking. Han skal sjølv halda det fyrste foredraget, om å gjera seg absolutt fri frå konvensjonar og vanetenking, og om så skal vera, fram til sluttpunktet, sjølvmordet. Den gongen var dette kjende og typiske idear henta frå halvforstådd motefilosofi. Velgjeraren har mobilisert stort frammøte, og folka hans bryt inn i foredraget med salmesong og fortel skandalehistorier om foredragshaldaren frå hovudstaden. Møtet endar i slagsmål. Velgjeraren triumferer. Frigjeraren tek livet av seg, utanfor huset til velgjeraren.

Då kjem den veike ektemannen til. Han har hatt ein skogteig utanfor byen som han har planta og skjøtt. Nå sel han skogen og betaler tilbake pengane velgjeraren har hjelpt han med. For velgjeraren er dette eit slag midt i makta og æra. Den mannen veit likevel å berga skinnet. I gravferda tek han på seg skulda, bed alle hjelpa seg; rett og god som alltid. Dei etterlevande tek den veike ektemannen seg av.

Romanen viser koss «den minste og veikaste» blir den som gjer seg fri og tek ansvar. Han kjende ufridomen og makta og veit å slå til der makta sit. Han har teke ansvar og gjer seg fri. Romanen får fram koss materiell og åndeleg overmakt gjer miljø og menneske ufrie. Og koss eit enkelt og ytre sett veikt menneske med eiga handling gjer seg fri.

Djupe livsproblem får i Tjuv bankar på uttrkk i daglegdags, enkelt språk. Gjennom ledig nynorsk skil romanspråket seg frå maktspråket i byen. Og like viktig: dette daglegdagse språket gjer stilen fri for psykologiske klisjear og filosofisk sjargong. Handlinga og stilen gjer den ufrie småbyen nifst levande. Romanen Tjuv bankar på er knapp i forma, kald i stilen og klar i tanken.

Boka fekk mykje ros av kritikarane, men forfattaren var ikkje fornøgd. Bokdomarane tok ikkje poenget. Dei hadde på 1950-tals vis ikkje sett anna enn psykologi og enkeltpersonar. Egil Sundland hadde med tema og skrivemåte vore på høgd med si tid, som kritikarane ikkje var. Forfattaren kom med uvanleg temaog sterkt emne. For lesarar som ikkje straks gav seg til å tolka personane ein for ein skulle poeng og tema vera ganske tydeleg; nærast som eit lærestykke.

Så Egil Sundland skreiv ikkje fleire romanar. Han flytta til Stavanger og var i mange år høgskolelektor i lærarutdanninga. Seinare i livetvekte han ny interesse med litteratur av anna slag; ein studie i meininga i folkeeventyr, Det var en gang et menneske. Denne boka legg hovudvekt på appellen i kjende eventyrfigurar som Askeladden har om å vera fri og tenka fritt.

Kva hadde Egil Sundland sysla med i mellomtida? I intervju i Aftenbladet med Tor Obrestad sa han at han hadde rota seg vekk med teater. Og så hadde han halde foredrag; mest om eventyr. Roman på nynorsk frå Haugesund og Stavanger var uvanleg den gongen. Nye romanar på nynorsk v kom det òg lite av då. Forklaringane på det kunne vel vera fleire. Den enklaste forklaringa er få i dag klar over. Egil Sudland fortalde at hovudkonsulenten i Gyldendal, Sigurd Hoel, formann i Riksmålsforbundet, ville ha han til å skriva boka om til bokmål. To år før hadde Ragnhild Magerøy hatt stor suksess med debutromanen sin. Ho fortalde i Dagbladet at Cappelen hadde kravt omskriving til bokmål og fekk det. I dag ville slikt vera utenkeleg. Det skulle òg snu; og bli den lange rekka av nynorskforfattarar vi har i dag. Åra rundt 1960 var på mange måtar ei daud tid; slutten på ei lang etterkrigstid. Nytt var i emning. Med Egil Sundland og andre

Mer fra: Debatt