Debatt

Regjeringen Støre må gå av...eller?

Om ein hadde fylgt oppfordringane til mange i kommentarfeltet eg har vaka i, hadde Noreg blitt eit diktatur.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Regjeringen Støre må gå av. Det er ikkje mine ord. Det er namnet på ei Facebook-gruppe eg av og til klikkar meg inn i. «Nok er fanden meg Nok nå. Få dem vekk. Interner dem før rettssaker og fengsling. De er svindlere, kjeltringer og verre. Bur dem inne uten lov og dom. Nå! Er så forbannet at ein kan gå i flint over disse yrkesbandittene i dress, slips og skjørt.» Ikkje mine ord dette heller. Det er eit sitat frå ein som har delt ein Resett-tekst med gruppa om korleis bli kvitt udugelege politikararar.

Det er noko trumpsk over dette. Kommentatoren er viljug til å kaste alle demokratiske prinsipp over bord og ta i bruk brutale verkemiddel for å kvitte seg med folkevalde politikarar som ikkje sporenstreks kvikkfiksar straumprisane.

Ein er freista til å tru at det ikkje er seriøst meint. At det er ein overmodig tenåring med litt for mykje alkohol innanbords som har skrive det. Men nei, då. Dette er tiltak som eg også tidlegare har sett bli foreslått i denne gruppa for å bli kvitt «Landssvikar-Støre» og banden hans.

I kommentarfeltet til den delte Resett-teksten stoppar det ikkje der. Ein annan uttrykkjer seg mykje enklare og tydelegare: «Borgerkrig!!» skriv han. Igjen går tankane til det trumpske Amerika. Der er det òg mange som gjer seg til talspersonar for borgarkrig. Om dei tenkjer konsekvensar, anar eg ikkje: Blod i gatene, tusenvis av drepte, øydelagde byar og farvel demokrati er visst ein pris dei er viljuge til å betale for å få fjerna politikarar dei ikkje liker.

«Lett å være rebell i kjellerleiligheten din,» syng Karpe. Ja, det er forbanna lett. Internett, eit tastatur og ein skjerm er alt som skal til for å spy ut kommentarar i alle retningar. Kommentarar ein kan sende av garde heilt utan å tenke konsekvensar. «På tide å lage fandenskap nå,» skriv ein. «Send en hit man,» er den endelege løysinga ein annan har som svar på den oppfordringa.

«At du gidd å hengje deg opp i slikt. Ikkje gje galskapen merksemd,» seier enkelte til meg. Eg kjem til å halde fram med å gjere det. Det kan sjølvsagt vere uskuldig trolling når ein i same kommentarfelt skriv: «Vi må skyte dem» Det er vanskeleg å ta slikt på ramme alvor og lett å avfeie det som tull.

Kva då om det sit eit menneskje og tar slike utspel på ramme alvor? Ein som hentar inspirasjon frå slike oppfordringar? Tenk om ein person forblinda av hat sit i si mørke gøyme og planlegg å gjere tanke om til handling. Tenk om ein eller annan einsam krigar får ekstra næring til hatet sitt og bestemmer seg for å bombe regjeringskvartalet og i kaldt blod massakrere politikararar hen hatar.

Om hen skulle trenge enda meir inspirasjon, kan hen lese denne kommentaren: «Kollektiv avstraffelse. Har hatt rykter om giljotiner på avveie (direkte sitat)». Eller denne (igjen direkte sitat): «Bur inn faenskapet!!! Eller enda ber, men igjen … menne ... sånn … men atte … nei … men ingenting blir gjort annerledes før nånn dør.» Eller denne: «Storm regjeringen å hiv faenskapet utt av regjeringa å det fort (direkte sitat).»

Det er ikkje fyrste gong eg sjokkert og måpande har scrolla meg nedover kommentarfelt i enkelte Face Book-grupper. Men det er sjeldan eg har sett så klare oppfordringar til å ta våpen i hand, så eg tok skjermdump av dei verste. Dette handlar ikkje om ytringsfridom. Det er nesten mat for PST.

I eit anna kommentarfelt om same sak, foreslår ein følgjande: «Folket må forlange og lage et interimsstyre inntil de vi vil ha blir ansatt. (direkte sitat).» Der kan vi òg lese følgjande. «Norges befolkning er den mest hjernevaskede og minst våkne i hele verden.»

Det er dei høge kraftprisane som denne gongen får mange til å kalle politikarar for judasar og landssvikarar. Ved førre kommuneval og med ei anna regjering, var det bompengar som fekk folk til å gripe til tastaturet. I enkelte byar fekk Bompengepartiet solid oppslutnad utan at bomringar har blitt borte av den grunn.

Sjølvsagt er det lett å forstå at folk er opprørte over straumprisane. Det som er skremmande, er at mange trur det finst enkle svar på kompliserte spørsmål berre ein finn ein sterk person til å ordne opp. At når dei som sit med makta ikkje klarer å komme med tilfredsstillande løysingar over natta, ja, så er det vekk med dei same kor folkevalde dei er.

For å få kasta desse «landsforrædarane», gjer dei seg til talspersonar for brutale, antidemokratiske løysingar som ville ha øydelagt alt av grunnleggjande verdiar det norske samfunnet er tufta på.

I USA oppeldna Trump mobben til å gå til åtak på Kongressen for å hindre at Joe Biden, som vann presidentvalet der, skulle bli godkjent som president. Hadde mobben lukkast, hadde USA blitt eit diktatur.

Om ein hadde fylgt oppfordringane til mange i kommentarfeltet eg har vaka i, hadde Noreg blitt eit diktatur. Dersom det hadde skjedd, er det likevel langt frå sikkert at vi hadde fått lavare straumprisar.

Mer fra: Debatt