Debatt

Me treng ikkje straumstøtte — me treng fornuftige prisar

Me treng at regjeringa fastset prisar som er nokolunde i samsvar med produksjonskost.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Regjeringa seier dei gjer så godt dei kan med dei skyhøge straumprisane, og lovar at både folk flest og dei næringsdrivande som fortjener det, skal få straumstøtte. At regjeringane, både Solberg-reegjeringa som var og Støre-regjering som er, gjer «så godt dei kan», har me fått merka — dei vedtok EUs tredje energipakke (med ACER) og bygde nye utanlandskablar, som blei opna i november. Det er jo derfor, og bare derfor, straumprisane har stige til himmels! Produksjonskost på vasskrafta er 10-12 øre pr kWh, det eg betaler, er det 20-doble — etter at eg har fått såkalla «straumstøtte». Når nokon tar ein avanse på det tjue-doble av utgiftene, er det mest å samanlikna med tjuveri. Viss ein tjuv tilbyr seg å betala tilbake ein liten del av det han har ståle, er det fortsatt tjuveri. Og det skal me vera takksame for?

Me treng inga straumstøtte-ordning. Me treng at regjeringa fastset prisar som er nokolunde i samsvar med produksjonskost. Straum er infrastruktur, får me ikkje straum, vil det meste me gjer, stoppa opp, og arbeidsplassane forsvinna. Kva skal me då leva av? Profitten til dei få som blir styrtrike på dagens vanvittige straumregime? Samtidig er energi ein begrensa ressurs som me ikkje må sløsa bort. Korleis skal me sikra nok energi og samtidig hindra sløsing? Enkelt: gå tilbake til to-pris-systemet, med låg pris til nødvendig forbruk og skyhøg pris til overforbruk. Det fungerte, og fungerte godt, i alle år. Så lenge me hadde to-pris-system, var folk nøysomme med forbruket. Då to-pris-systemet blei droppa og straum i staden skulle seljast som ein annan vare på marknaden, gjekk både pris og forbruk opp — til glede for dei som ville håva inn profitt og til skade for jordas miljø.

Gjeninnfør to-pris-systemet me hadde fram til 1990! Makspris på t.d. 35 øre for nødvendig forbruk, skyhøg pris på overforbruk og på straum til eksport.

Mer fra: Debatt