Debatt

Ap-hatet lever i beste velgående

Ein som har for vane å foreta djupdykk i høgreradikale Facebook-grupper og studere kommentarfelta der, blir etter kvart ganske så tjukkhuda.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Når ein trur ein har sett det meste, så har ein langt frå det likevel. Ein som har for vane å foreta djupdykk i høgreradikale Facebook-grupper og studere kommentarfelta der, blir etter kvart ganske så tjukkhuda. Ein må i tillegg utvikle eit slags teflon-lag for at det ein støyter på der, ikkje skal få ta rotta på ein.

For så plutseleg å oppdage at det er sprekker i teflon-laget. Eg må faktisk «spele Utøya-kortet», igjen, for å forklare dette. Ikkje at det skal handle så mykje om Utøya. Det er meir om det intense hatet mot Arbeiderpartiet. Hatet som var sjølve drivkrafta bak terroren på øya og i Regjeringskvartalet.

Her om dagen klikka eg meg inn på Facebook-gruppa «Vi som støtter Sylvi Listhaug». Ei gruppe med over 68 000 medlem. Medlem Listhaug sjølvsagt ikkje har ansvar for. Her er det dei som støttar henne, som regjerer. Meir eller mindre utan filter.

Eit medlem hadde delt ein artikkel i Avisa Oslo frå 22. juli der leiar i Oslo AUF, Gjertrud Eide, oppfordrar skular til å ta elevane med til Utøya. Ho meiner eit besøk der kan vere sterk medisin mot radikalisering. Hen som delte teksten, stilte følgjande spørsmål: «Trenger Ola og Kari å skoleres mot radikalisering, eller blir Utøya brukt politisk? Hva tenker du?

Eit for så vidt relevant og interessant spørsmål. Det var då eg skrolla meg nedover i kommentarfeltet, eg merka at teflonlaget byrja å sprekke. Eit stort fleirtal av dei 134 kommentarane (så langt) var definitivt ikkje for medisin mot radikalisering og insisterte på at Ap må slutte å bruke Utøya for å skaffe seg nye veljarar.

Her er to direkte sitat: «Dessverre, helt frå dag en av Stoltenberg til i år med Ap-Støre brukes Utøya politisk. Fremstår svært usympatisk og er med å gjøre politikk til et skittent spill.» «Selvfølgelig blir Utøya brukt for alt den er verdt av venstresiden. Den er jo i ferd med å bli Norges nasjonaldag».

Ein annan kommentator skriv: «Det er nok med Utøya som det er. Ap ser alle muligheter til å påvirke ungdom som mulige velgere. Synd at Utøya brukes politisk».

Etter kvart som eg leste, kom reaksjonane. Tjukkhuda eg blei både skjelven og uvel. Når ein som ikkje ein gong er Ap-veljar, reagerer så sterkt, kan ein knapt tenkje seg korleis slikt må gå inn på dei som står midt oppe i det.

Direkte sitat: «Her (på Utøya) blir de utdannet til og tro at de vet bedre enn alle andre. Alle parti har vel noe lignende?» Det er så ein blir sitjande å måpe og lure på kva som traff ein. Heldigvis har ingen andre politiske parti i Noreg opplevd noko liknande. Ingen andre politiske parti har blitt utsett for terror av ein nazist. Ingen poltiske parti opplever eit så intenst, nesten organisert, hat mot sine politikarar. Ingen andre politiske parti har opplevd iskald nedslakting av 69 av sine ungdomspolitikarar. Ingen andre politiske parti har overleverar frå massakren som heile livet må leve med alvorlege skadar og traume.

«MoskèUtøya har alltid blitt brukt som propaganda skole (to ord) for Ap og sosialistene,» kan ein annan melde. Her ser vi basisen for hatet mot Ap. Sjølv om alle parti, bortsett frå FrP, har vore for å ta imot flyktningar, er det Ap som i hovudsak blir skulda for det Siv Jensen kalte «snikislamisering» og Sylvi Listhaug innføring av «svenske tilstandar».

Ein kommentar skiljer seg ut frå dei andre: «La oss få frem det hemmeligstemplede materialet så vi kan få vurdert hva som egentlig skjedde. Først da kan vi ta kvalifiserte slutninger. Hjelper ikke bare hva vi blir fortalt at vi skal se.»

Heldigvis har ingen andre politiske parti i Noreg opplevd noko liknande.

—  Jarl Wåge

Ute i konspirasjonsverda verserer det ein teori om at 22/7-terroristen ikkje var åleine. At han berre var ein reiskap brukt i eit politisk spel. I eit anna kommentarfelt var ein enda tydelegare då han påstod at det var Arbeiderpartiet sjølve som stod bak og iscenesette terroren.

Nokon lurer sikkert på kvifor eg hentar fram slikt grums. Kvifor eg ikkje bare lar det liggje. Om ikkje anna så for min eigen sjelefred si skuld. «Fred er ei det beste, men at man noget vil,» sa saleg Bjørnstjerne Bjørnson. Det eg vil, er å hente fram l ljoset haldningar som finst under overflata og vise at Ap-hatet ikkje er eit oppdikta fenomen.

Eg gjentar så det ikkje skal vere nokon tvil; Sylvi Listhaug har ikkje noko ansvar for kva som skjer i denne eller andre grupper ho ikkje administrer. Samtidig melder spørsmålet seg; korleis kan ho som framtredande politikar leve med slike støttespelarar. Eg har fleire gongar oppfordra henne til å ta ei oppgjerd med høgre-radikale krefter. Ho har gjort nokre spede forsøk, men når ein ser kva som rører seg i denne gruppa, har forsøka vore usedvanleg lite vellukka.

«La nå barn være barn,» og «Skolen har blitt en katastrofe,» melder to som absolutt ikkje meiner skuleelvar har noko på Utøya å gjere. Det er når eg ser slike kommentarfelt at det blir klart og tydeleg for meg kor viktig det er at barn får innblikk i kreftene bak terroren og det fryktelege åtaket på Utøya.

Det er forresten ikkje berre skuleelvar som treng å ta ein tur til Utøya. Eg vil råde dei 68.000 medlema i «Vi som støtter Sylvi Listhaug» til å gjere det same.

Mer fra: Debatt