Debatt

Kuler fulle av hat

Anten vi er muslimar, kristne, ateistar, konservative eller radikale, har vi alle eit ansvar for kjempe mot ekstremisme og hat retta mot minoritetar, skriv Jarl Wåge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

22/7. Enda ein gong har vi lagt dagen bak oss. For ellevte gong har vi markert den høgreekstremistiske terroren som valdtok Noregs uskuld. Enda ein gong har sorga, saknet og trauma blitt forsterka hos overlevarane og alle dei som mista nokon umistelege då dei kom i vegen for kuler fulle av hat.

Enda ein gong har dei fått mikrofonar og kamera retta mot seg og fortalt. Ikkje fordi dei elskar å stå i rampeljoset. Ikkje fordi dei tykkjer det er godt å stadig rive plaster av sviande sår og på nytt gjennomleve den verste dagen i sitt liv.

Dei gjer det fordi dei må. Fordi dei ikkje kan teie. Fordi dei føler det er ein plikt. Dei er tidsvitna som ikkje vil tillate at vi gløymer. Som fokuserer på hatet som var sjølve drivkrafta bak udåden. Hatet mot AUF og AP. Med verdigheit og utan bitterheit fortel dei om ei kule som traff auget, om fingrar som blei rivne av, om blod, skrik, jammer og kameratar som fall døde om rundt dei. Vi høyrer og ser, men klarer ikkje heilt å fatte.

«Vi må aldri gløyme at det var ein nazist som stod bak terroren,» seier dei. «At fascismen framleis er lys levande blant oss. Tydelegare enn nokon gong.» Det merkar dei sjølve stadig på kroppen. «Synd ikkje du òg strauk med,» får dei høyre. «Det einaste dumme var at han ikkje klarte å plaffe ned fleire.» «AP og AUF fekk som fortent». Det kjem som direktemelding i innboksen, eller dei kan lese det i kommentarfelt i høgreekstreme FB-grupper.

Desse modige menneskja har altfor lenge tatt kampen nesten åleine. Dei fortener at vi andre stormar barrikadane saman med dei. Kjempar med dei skulder ved skulder. Det er vår forbanna plikt å ta til motmæle, heve røysta og argumentere imot når folk rundt oss ved middagsbordet, i festleg lag og på arbeidsplassen kjem med rasistiske og hatefulle utsagn. Uansett kven dei er retta mot.

Kvart einaste år har markeringane rundt 22. juli vore verdige og vakre. Vonde, verdige og vakre. I år låg det for mange ei ekstra tyngd over dei. 25. juni opplevde Noreg nemleg det politiet karakteriserte som ekstrem, islamistisk terror. Enda ein gong blei kuler fulle av hat avfyrt mot ei gruppe. Ikkje AUF og AP denne gongen. Det var homofile som var ute og feira Pride, som skulle ryddast av vegen. Han som avfyrte skota, var ein kjenning av den islamistiske ekstremisten Arfan Bhatti. Nokre dagar før la sistnemnde ut eit bilde av eit brennande regnbogeflagg og eit sitat som oppfordra til drap på homofile.

Mange påpeikar at det er altfor tidleg å konkludere om bakgrunnen for masseskytinga. Men uansett konklusjon; dette var ikkje eit spontant åtak på tilfeldig forbipasserande. Det var målretta, og det var homofile som skulle bøte med livet.

I samband med masseskytinga skreiv eg mellom anna følgjande i ein kronikk publisert 1. juli. «Det er på tide at Islamsk Råd, imamar og framståande muslimar byrjar å ta aktiv del i LHBT-debatten. På tide å kaste abrahamsk tankegods om homofili på båten og ta steget for fullt inn i det 20. århundredet».

Statsminister Jonas Gahr Støre nemnte naturleg nok også åtaket på London Pub i samband med 22. juli-markeringa. I fjor oppfordra han det politiske høgre til å ta ei oppgjerd med høgreekstremisme. Dette grunngav han med at dei lettare kan nå fram til unge som står i fare for å bli radikaliserte enn om forhatte sosialistar skulle prøve seg. Mange, blant andre Erna Solberg, blei provoserte. Andre høgrepolitikarar var einige med Støre.

I år utfordra han moderate muslimar til å ta ei oppgjerd med negative haldningar til homofili og jobbe for at homohat ikkje får breie seg hos enkelte sårbare, lettpåverkelege, muslimske ungdommar. Han meinte at muslimar er dei som best kan nå fram med haldningsendringar blant sine eigne.

Medan mitt innlegg fekk få reaksjonar, hausta Støre storm. På sosiale media til dømes: «Han skjærer alle muslimar over ein kam.» «Støre slår muslimar i hartkorn med terroristar». «Rart å single ut ein spesiell minoritet,» er nokre av reaksjonane.

Slik går det når ein les Støre som Fanden les Bibelen. Støre gjorde sjølvsagt ingen av delane. I mange tiår har kyrkja, med god grunn, fått massiv kritikk for sitt antikverte syn på homofili. Det har hjelpt. Bortsett frå hos ein del kristenfundamentalistar med eit gammaltestamentleg syn om at homofile skal hamne i helvete, har det skjedd ei gledeleg liberalisering. Homofile kan til og med gifte seg i kyrkja.

Muslimske miljø må sjølvsagt også tåle kritikk. Det er muleg eg har gått glipp av noko, men eg veit ikkje om ein einaste moskè i Noreg som godtek at homofile giftar seg. Eg har ikkje høyrt ein einaste imam her i landet seie at det er ein grunnleggjande menneskerett å få elske kven ein vil. Det eg har registrert, er at islamistar, også her til lands, prediker, og at det i ein del islamistiske statar er, dødsstraff for homofile.

Anten vi er muslimar, kristne, ateistar, konservative eller radikale, har vi alle eit ansvar for kjempe mot ekstremisme og hat retta mot minoritetar. Når nokon fortel oss det, er det kontraproduktivt å gå i baklås. Det er plass til mange fleire på barrikadane.

Mer fra: Debatt