Debatt

Etter ein Pride

…som det aldri blei noko av.

Stavanger på Skeivå, pride stavanger 2018
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det fekk ei bestialsk og feig masseskyting i Oslo sett ein brutal og effektiv stoppar for.

I 2009 heldt Sylvi Listhaug ein tale det lukta svovel av på Frp sitt landsmøte. Der slo ho med styrke fast at ho var stolt over å tilhøyre eit parti som hadde stemt imot homoekteskap. Ho uttalte i tillegg: «Og ekteskapet, ja, det er mellom mann og kvinne!»

Ho er òg sitert på at det ikkje hjelper homofile si sak at halvnakne menn spring rundt i gatene i Pride-arrangement. Då Knut Arild Hareide (fullt påkledd) deltok i Pride i 2017, var hennar ganske syrlege kommentar: «Du trenger ikke gå i Pride for å vise avsky mot de grusomme drapene som skjer på homofile i verden».

No har pipa fått ein annan lyd. Med eit kattemjukt bilde der ho kosar med ein katt fortel ho i VG at ho har skifta fil. Ho vil delta i Pride. Grunn: Dei to grufulle drapa i Oslo.

Eg spør meg sjølv: «Er eg det kjipaste mennesket i verda som ikkje dansar fugledansen i rein og skir glede over at Listhaug vil delta i Pride?»

Tidlegare i år gjekk kyrkja ut og sa unnskyld for måten dei har behandla homofile på. Ei unnskyldning som kom seint, men gjorde godt. Kva om Sylvi Listhaug og Frp tar ei oppgjerd med sine fordommar og negative haldningar til homofile gjennom fleire tiår? Kva om dei endeleg seier unnskyld for at dei har motarbeidd, stått med foten på bremsen og stemt imot alle lovforslag som har betra homofile sin livssituasjon? Tenk om dei hevar røysta og tar til motmæle kvar gong Frp-vennlege kommentarfelt renn over med hets og sjikane mot homofile og transfolk. Faktum er at om Frp hadde hatt makta i Noreg dei siste tretti åra, hadde situasjonen vore langt verre for LHBT-folk her til lands.

Eg lovar; den dagen Sylvi Listhaug heilhjarta tar tak i dette, den dagen ho står på barrikadane i kampen mot homo- og transfobi, den dagen skal eg meir enn gjerne gå side om side med henne i neste Pride.

Kristeleg Folkeparti kunne òg ha tent på, som kyrkja, å be homofile om unnskyldning. På same måte som  Fremskrittspartiet har dei også aktivt motarbeidd alle tiltak som har gjort kvardagen til skeive betre og enklare.

I god tid før Pride uttalte leiar i KrF, Olaug Bollestad, at Pride «står for voksne holdninger som ikkje bør eksponeres for barn.» Eit tilsynelatande tilforlateleg utsagn. Men den gang ei. Ikkje berre er det fullstendig kunnskapslaust. Det er rett og slett ondskapsfullt. I Pride i Oslo deltar kanskje 50.000 menneskje. Eit bitte lite mindretal av desse har aparte, for enkelte provoserande, dristige, humoristiske innslag i paraden.

Dei aller fleste som deltar, er besteforeldre, foreldre, barn, barnebarn, tanter, onklar, brør, systrer, ulike lag, grupper, kor, orkester, organisasjonar, politiske ungdomsparti, politikarar frå dei fleste parti, tropper med politi- og brannfolk i uniform, helsearbeidarar i uniform, fagorganiserte. Det er regnbogefargar, livsglede og ein gigantisk manifestasjon for å få elske kven ein vil.

Dette er det Bollestad er frekk nok til å påstå at barn ikkje må utsetjast for. Ho ser sex der vi andre ser titusenvis av heilt vanlege menneskje med heilt vanlege kvardagar som skal levast. Kvardagar til forveksling like hennar eigne.

Mange muslimske miljø har òg mykje å be om orsaking for når det gjeld spreiing av homofobi og forakt for LHBT-folk. I enkelte fundamentalistiske miljø får ein inntrykk av at temaet ikkje blir tillatt diskutert i det heile tatt. Utover det at det blir fastslått at det bør vere dødsstraff for homoseksuelle handlingar.

Ein kan knapt forestille seg presset unge, skjulte homofile muslimar blir utsette for i moskear, i familiesamankomstar og kameratflokken. Ein muslimsk venn av meg blei kasta ut av familien då han fortalde at han var homofil. Han tør aldri reise tilbake landet dei kom ifrå, av frykt for at slektningar der skal ta livet av han for å «gjenopprette familiens ære».

Det er på tide at Islamsk Råd, imamar og framtredande muslimar byrjar å ta aktiv del i LHBT-debatten. Det er på tide å kaste 1600 år gammalt tankegods på båten og ta steget for fullt inn i det 20. århundret. Det er på tide å slå i bordet og seie høgt og tydeleg frå om at å predike dødsstraff for seksuell legning er fullstendig forkasteleg.

I fleire veker før Pride skulle gå av stabelen, var arrangementet under attakk i media og SoMe. Spesielt i høgreradikale og -ekstreme Facebook-grupper. «Freakshow,» skreiv dei stadig. «Porno. Nakne og halvnakne folk. Ta regnbogen tilbake. Forby Pride. Overgrep mot barn. Barn blir utnytta av Fri. På tide med ein heterodag.» Og så vidare i det uendelege.

Samtidig har vi sett eit intenst og glødande hat mot transfolk. Meir no enn før. Truleg fordi transfolk i den seinare tid har våga å bli meir synlege og ta meir plass.

Vi kan ikkje ansvarleggjere alle muslimar for ei ekstrem, islamistisk terrorhandling (slik blir masseskytinga i Oslo omtalt av PST). Sjølvsagt kan vi ikkje det. På same måte som vi ikkje kunne ansvarleggjere alle høgreradikale for 22. juli-terroren.

Det vi derimot kan, er å ansvarleggjere muslimar, høgreradikale, kristne og alle andre til å kjempe mot hets, sjikane, hat, fordommar og overgrep mot LHBT-folk. Om alle tar ansvar, tenk kor fabelaktig det då kan bli å delta i neste Pride.

Mer fra: Debatt