Debatt

Sjokkoverskrifter til sjokkinteresserte

Om ein ikkje visste betre, kunne ein freistast til å tru at delar av Dagbladet-redaksjonen er usedvanleg sexfikserte.

Illustrasjonsfoto
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Nesten heile mitt vaksne liv har hen vore ein kjær fylgesvein. Ja, nesten som ein ven å rekne. Alltid foran. Engasjert, engasjerande, provoserande, progressiv. Eg snakkar om Dagbladet. Då det var berre papiravis, kjøpte eg hen omtrent kvar einaste dag. Vi tilbringa timesvis saman på sofaen. Stadig var det ny og viktig lærdom å hente.

I årevis var eg så heldig å få vere spaltist i avisa og fekk såleis samarbeide med mange fine, dyktige, hardtarbeidande folk. Det var rett og slett eit privilegium å få skrive for det som har vore favorittavisa mi nesten gjennom ein mannsalder.

I det siste har avisa endra seg. Det må aviser sjølvsagt gjere om dei skal hengje med i svingane. For denne lojale lesaren, og for mange andre òg, har endringane vore til det verre. Det er nesten som om ein føler seg svikta. Som når ein kjær ven endrar haldningar, får andre verdiar, finn seg ny omgangskrins.

«Hvor var det det butta?» spør Lars Saabye Christensen i diktet «Alle gutta». For Dagbladet butta det etter at dei hamna på nett. Konkurransen om lesarane blei større enn nokon gong, og klikkhoreri blei eit omgrep. Tabloidaviser har alltid vore avhengige av feite overskrifter. Også då dei berre kom i papirutgåver. Overskrifter måtte vere så fengande at vi plukka akkurat deira avis frå avisstativet.

Det kan sjå ut som om redaksjonen har rekna seg fram til at vi eldre lojalistar er ei utdøyande målgruppe. Eit segment dei ikkje lenger kan hale så mykje utav og som dei sjølvsagt ikkje kan byggje framtida si på. Dei satsar på yngre lesarar. Lesarar i farta. Lesarar som klikkar, raskt og effektivt og konsentrerer seg til det dukkar opp enda meir fristande agn.

«Sjokk» er eit klikkagn som er flittig i bruk. «Sjokkbilder. Sjokkexit. Sjokkvalg. Inflasjonssjokket. Sjokkrekning. Sjokkdiagnose. Sjokkert. Raser etter sædsjokk. Glede og sjokk. Drepte date etter sjokkavsløring. Sjokkert og trist. Stjernen sjokkerer. Deler video etter sjokknyheten. Overlevde skjebnedagen. -Sjokkerende,» er berre eit lite utval av sjokkoverskrifter sjokkinteresserte har kunna fråtse i den seinare tida.

Det er likevel eitt tema som ser ut til å overgå alle andre som forførande klikk-åte: «Sex». Om ein ikkje visste betre, kunne ein freistast til å tru at delar av Dagbladet-redaksjonen er usedvanleg sexfikserte. Sjå berre på dette vesle knippet av overskrifter eg har sanka i det siste. «Hun har to vaginaer. Lei av penisbilder. Seks grep for vaginal orgasme. Kvinners favorittpeniser. Nakne menn viser fram alt. Sju stillinger for liten penis. Intimbarberes på storskjerm. En «killer» for sexlysten. Ekspertenes topp 3 sex-leketøy. Løste sexproblem med sjokkmetode. Kunne spist bæsj. Sexy bestselger med orgasme-garanti. Fra lei til vanvittig kåt». Dei fleste overskriftene er sjølvsagt akkompagnerte av bilde av naken hud.

I førre århundre let folk seg sjokkere over at eit dansk par, Inge og Sten, hadde ein sexopplysingsspalte i Dagbladet. I dag er det frykteleg mykje som skal til før vi let oss sjokkere. Det er meir keisemda, leden, ein føler ved å sjå favorittavisa klikkprostituere seg til dei grader.

For meg butta det også skikkeleg for Dagbladet då dei skaffa seg ein kjendisredaksjon. Ikkje anar eg kva som er stillingskravet, men det skulle ikkje forundre meg om det er noko slikt: «Gjer oss meir Se og hør enn Se og hør. Skap nye kjendisar».

Dei gamle, etablerte er ikkje interesserte nok. Det må nytt, friskt kjendisblod til. Kvar finn ein det? I realityprogram, sjølvsagt. Dei mest attraktive er visst dei som ser bra ut og er gode på intriger og renkespel. Har dei i tillegg sex i aller beste sendetid, er dei sikra mykje meir enn femten minutt i rampelyset.

Strategien ser ut til å vere å plukke ut enkelte, spektakulære deltakarar i ulike program og byggje opp ein kjendisstatus rundt dei. Når programserien så er over, har kjendisjournalistane ei Sareptas krukke av stoff å ause av: Kven som kjem på premierefest. Kven som ikkje kjem og kvifor. Om trøblete barndom, Botox både her og der, bryllaup, kjærleikssorger, brot, nye kjærastar, spontanabortar, sorg over å ha mista kjæledyr, ferieplanar. Alt dette berre fordi elles totalt uinteressante personar har hatt seg på tv.

Dei sit vel og flirer godt i kjendisredaksjonen i Dagbladet av denne gamlisen som er såra og vonbroten og sjølv må skrive om «kjærleikssorga» han bêr på fordi ei avis har funne andre og meir lukrative målgrupper å gjere sine hoser grøne hos.

Eg unner alle ein god latter. Medan dei ler, tenkjer eg på alle dei dyktige medarbeidarane som jobbar med andre tema i Dagbladet. Kunnskapsrike politiske kommentatorar, nyheitsjournalistar, krigsreportarar som med livet som innsats gjev oss innblikk i overgrep og øydeleggjingar andre stader i verda, gravejournalistar som vinn prisar for viktige og djuptpløyande avsløringar.

Kor fornøgde er dei med utviklinga? Kor kjekt er det å sjå at deira eige, grundige kvalitetsarbeid druknar i klikkagn som pupp og bæsj og små penisar? For alt eg veit, tykkjer dei det er strålande? Det er iallfall slik nye kostar i Dagbladet vil ha det. Så kan ein jo spørje om nye kostar alltid feiar best?

Medan eg sit og skriv dette, kan eg, om eg vil, lese meg opp på ein norsk kjendis som har vore –«I kilometerlang kø». Eg gidd ikkje å klikke inn på det.

Mer fra: Debatt