Debatt

Stopp pensjonsranet

Stopp pensjonsranet og kjemp mot dei aukande forskjellane og for ein langt jamnare fordeling av verdiane me alle er med å skape.

Illustrasjonsfoto
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Pensjonsutvalget som blei satt ned av Erna Solberg si regjering i 2020 har nå levert sin rapport. Ikkje uventa så baserer rapporten seg på dei same forutsetningane som pensjonsreformen som kom i 2011 baserer seg på. Fordi me lever lengre og i framtida og blir færre yrkesaktive for kvar pensjonist så må me jobbe lengre (og helst meir) og me må få kontroll på pensjonsutgiftene. Det siste betyr at pensjonane for folk flest må reduserast om ein ikkje jobber lengre. Rapporten er sukra litt med at ein skal endre reguleringa av minsteytelsane slik at dei som ikkje er i stand til å jobbe lenger blir sikra ein «anstendig» pensjon.

Men la oss vere litt kritiske til forutsetningane. Me brukar i dag stadig mindre arbeidskraft for å produsere det me treng. Logisk sett bør vel det føre til at me kan jobbe mindre og heller ikkje treng å jobbe lengre. Framskrivinga av befolkning og økonomi som Pensjonskommisjonen som la fram i sin rapport i 2004, legg til grunn at talet på alderspensjonister ville auke frå 650 000 den gong til 1,3 millionar i 2050 for deretter å gå tilbake igjen. Men pensjonskommisjonen la og til grunn at veksten i økonomien ville vere på 1.5% pr år. Det vil seie at samla verdiskaping vil vere meir enn dobbelt så stor i 2050 enn i 2004. Norge som nasjon vil altså vere dobbelt så rike. Då blir jo spørsmålet korfor me ikkje kan bruke ein del av denne auka rikdommen til å betale pensjonane til det aukande talet på pensjonister. Svaret er nok dessverre at ein ikkje ønsker seg ein meir sosial fordeling av denne rikdommen men tvert om ser for seg at ulikheitsutviklinga me har sett i fleire tiår skal få fortsette.

Pensjonsreforma frå 2011 er utan tvil den mest usosiale reforma me har hatt i moderne tid. Her er milliardar av pensjonskroner flytte frå dei lågast lønte med dei mest belastande yrkene, med høgast dødelegheit og lågast forventa levealder til dei med dei høgast lønte, som har yrker dei kan jobbe lenge i med fortsatt god helse, som har lågast dødelegheit og høgast forventa levealder.

For å få gjennomført ein slik usosial reform så gjekk det føre seg eit udemokratisk og skittent spel (av nokre kalla godt politisk håndverk) som gjekk på tvers av vanlege demokratiske prosedyrar og som holdt fagrørsla utanom prosessen, i alle fall eit godt stykke på veg. Meir om dette kan ein lese om i forskinga til Anne Skevik Grødem og Jon Hippe som er oppsummert i ein artikkel i forskning.no 29.oktober 2018. Markedsføringa av reforma frå Stoltenberg og hans koryféar i etterkant av pensjonskommisjonen sin rapport og forut for stortingsvedtaket kan i beste fall karakteriserast som sterkt misvisande og var bare forsøk på kamuflere den sterkt usosiale profilen til reformforslaget.

«Alle skal få meir men nokre skal få mindre meir» var av utsagna som blei brukt når dette skulle markedsførast i fagrørsla sine organ. Når nokre av oss peika på at det er forskjellar på kor lenge ein kan stå i jobb i ulike yrker på grunn av arbeidsbelastningane så var svaret at då får me sørge for å betre arbeidsforholda i desse yrkene. Pensjonsreforma fekk me, men tiltak for å betre arbeidsforholda for dei mange i yrker med store slitasjeskader det fekk me sjølvsagt aldri.

Eit anna retorisk knep som blei brukt var at reforma skulle bidra til at folk «velger» å ta ut pensjon på eit seinare tidspunkt ved at du fekk ein livslang avkorting av pensjonen for kvart år du «valgte» å gå av før 67. Sagt på ein annan måte: «Velger» du å ha ein utsliten kropp i ein alder av 62 så blir du «belønna» med mindre pensjon, mens dei som har yrker med ingen eller små helseutfordringar både kan jobbe og få lønn og og ta ut pensjon samtidig.

Dei lågtlønte betaler i realiteten for gullpensjonane til dei høgtlønte. Levealdersjusteringa i pensjonssystemet fordeler forventa levealder på heile befolkninga på eit bestemt alderstrinn uavhengig av forventa levealder for den enkelte sitt yrke. Men deter betydeleg forskjell i forventa levealder mellom ulike yrkesgrupper, 4-6 år i det minste. På grunn av kortare levealder tar dei lågtlønte ut mindre enn pensjonsformuen sin, mens dei høglønte tar ut meir.

Høgare dødelegheit forsterkar omfordelinga frå fattig til rik. Stortingsmelding nr 20 2006-2007 viste at dødelegheita for menn mellom 45 og 59 år er 5 gonger så høg for dei med låg inntekt enn dei med høg inntekt, for kvinner 3 gonger så høg. Alle som dør før dei tar ut pensjon har bidratt til vår samla pensjonsformue, men det dei har bidratt med får dei jo ikkje sjølv nytte av. Og det er altså langt fleire låglønte enn høglønte som ikkje får ta del i den felles pensjonsformua. Fordi dei, for å bruke pensjonsreformforkjemparane sin retorikk, «velger» å ha høg dødelegheit, «velger» å ha eit arbeidsmiljø og arbeidsbelastningar som tar knekken på helsa. Då får ein ta til takke med låg pensjon, gjerne under fattigdomsgrensa.

Har me råd til dei rike? I staden for å stille spørsmålet om me har råd til gode pensjoner for alle med mulegheit for å gå av når ein føler tida er inne, så bør me stille spørsmålet om me har råd til at stadig færre skal stikke av med fortjenesten på den auka verdiskapinga og attpåtil stikke av med dei aller beste pensjonane. I tillegg så har dei aller best betalte sikra seg gullkanta pensjonsordninger utanfor folketrygda, men som likevel blir betalt av vår felles verdiskaping. Nei, stopp pensjonsranet og kjemp mot dei aukande forskjellane og for ein langt jamnare fordeling av verdiane me alle er med å skape.

Mer fra: Debatt