Debatt

Om «FEDRELANDET NORGE»

Det er viktig å avsløre og vise kva slags farlege haldningar dei representerer. Ikkje fordi dei er veldig mange, men fordi dei blir fleire og modigare.

Det var ikkje veldig diplomatisk av meg å hevde at kvite, arbeidslause nynazister ikkje har bygd så mykje av landet. Det fall heller ikkje i smak at eg påpeika at Noreg ikkje var ferdigbygd ein gong for alle på 196-talet før vi henta innvandrarar hit fordi vi mangla folk til å utvikle landet vidare, skriv Jarl Wåge
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det står 8. mai på kalendaren. Datoen då Nazi-Tyskland kapitulerte etter den verste krigen verda har opplevd så langt. Det er òg dagen for å heidre og ære modige motstandskvinner og -menn som aldri gav opp kampen mot tyske okkupantar. Med livet som innsats kjempa dei for eit fritt og demokratisk Noreg. Sjølvsagt skulle eg ha vore ut og hylla desse heltane på ein slik dag.

I staden sette eg meg ved tastaturet for å skrive ein tekst. Ein tekst som ikkje ein gong handlar om desse heidersfolka. Snarare tvert imot. Temaet er alle desse som må ha skulka ein haug med historietimar og ikkje forstår at dei hadde ynskt dei tyske okkupantane velkomne og slutta seg til Quisling sitt parti, Nasjonal Samling, om dei hadde levd på 1940-talet.

Det skal handle om alle desse som gjerne omtaler seg sjølve som patriotar og kallar alle som er ueinige med dei, forrædarar, landssvikarar og venstreradikale kommunistar. Om alle som vil velte «overløparen» Jonas Gahr Støre av statsministerstolen, kaste dei «korrupte» folkevalde ut av Stortinget, tøme landet for muslimar, knuse «homolobbyen» og sende «hjernevaska» feministar attende til kjøkenbenken.

Du trur kanskje det er dikt og forbanna løgn, det eg skriv her?

—  Jarl Wåge

Om dei som skriv i høgreekstreme Facebook-grupper at no nyttar det ikkje å sitte stille lenger. At det er på tide å ta til våpen og gå til krig. «Mot kven?» spør du kanskje. Mot globalistar, kven no det er. Mot Arbeidarpartiet. Mot muslimar som berre er ute etter å lage svenske tilstandar. Mot maskuliniserte feministar som ikkje forstår at hovudoppgåva deira er å føde ariske barn. Mot homofile som eigentleg er kamuflerte pedoar. Ja, faktisk er det ikkje mange i kongeriktet desse «frontsoldatane» ikkje vil kjempe imot.

Du trur kanskje det er dikt og forbanna løgn, det eg skriv her? Eg kan banne på at det er sant kvart enda ord. Eg frekventerer med iver høgreekstreme fb-grupper og hamnar stadig i diskusjon med høgreekstremistar på Twitter. «At du orkar!» seier folk til meg. Ja, eg orkar. Eg klarer ikkje å la vere. Nokon må ta til motmæle, og sidan eg ikkje kan stole på at bygda gjer det, så får eg gjere det sjølv.

«Ikkje gje dei merksemd,» seier enkelte. Eg er usamd. Det er viktig å avsløre og vise kva slags farlege haldningar dei representerer. Ikkje fordi dei er veldig mange, men fordi dei blir fleire og modigare og ikkje nøler med å blottleggje rasisme, fascisme og antidemokratiske haldningar i full offentlegheit.

Siste ekskursjon til Facebook si mørke underverd, gjekk til gruppa «Fedrelandet Norge» (Har forresten nyleg blitt ekspedert der ifrå av eksklusjonspelotongen deira). Dei heiter gjerne noko med kors og flagg og fedreland, desse gruppene. Ei heiter «Norge Er Vårt Fosterland». Der spurde ei kvinne nyleg: «Er det greit at den norske regjering vil islamifisere Norge?»

La meg gje dykk ei reiseskildring frå opphaldet mitt i «Fedrelandet Norge». Den fyrste attraksjonen som stal merksemda mi der, var eit bilde av nokre medlem av naziorganisasjonen «Den nordiske motstandsbevegelsen». Dei hadde aksjonert på 1. mai med eit digert banner der det stod: «Hvite arbeidere bygde dette landet.» Aksjonen blei omtalt som vellykka, og nokon blei visst krenka. Eg tillet meg å påstå at dei er historielause og lurte på om dei ikkje hadde fått med seg at kvinner òg har ein stor del av æren for at Noreg er eit strålande land å bu i.

Eg fekk prompte svar på tiltale (direkte sitat): «I gamle dager var det primært menn som bygde ting, og kvinner var hjemme og beriket landet vårt med fler etniske nordmenn. Det var kvinners rolle. En kvinne som får mange barn gjør mer nytte for landet, enn en kvinnelig jurist eller politiker». Det meinte for øvrig Hitler òg.

Same mann, som blei med vidare til ein diskusjon på Twitter då eg siterte han der, stilte fylgjande spørsmål. «Hvorfor ha en frekk og kravstor kjerring som ikke vil ha barn fordi hun er opptatt med å ta mastergraden, når man kan ha en vakker, tradisjonell og submissive en som vil ha barn og er flink på kjøkkenet?» Han oppfordra også menn til «å date kvinner fra nabostammene, de tidlegare Sovjet-Statene, fordi de fremdeles har de tradisjonelle verdiene og ikke er hjernevasket av feminister.»

Det var ikkje veldig diplomatisk av meg å hevde at kvite, arbeidslause nynazistar ikkje har bygd så mykje av landet. Det fall heller ikkje i smak at eg påpeika at Noreg ikkje var ferdigbygt ein gong for alle på 1960-talet før vi henta innvandrarar hit fordi vi mangla folk til å utvikle landet vidare.

Administrator for gruppa, ein kjend nynazist som tydelegvis ikkje er glad i ytringsfridom, trua med å kaste meg ut om eg dreiv og opponerte. Han meinte òg at eg ikkje hadde fått med meg kva som eigentleg skjedde i Nazi-Tyskland: «Den politikken som ble ført der var bemerkelsesverdig og et prakteksemplar på kva man kan oppnå ved å sette eget folk først». Nemleg!

Det verste minnet eg har frå rundturen i «Fedrelandet Norge», er likevel ein videosnutt (Gif) ei kvinne hadde delt av ei (arisk) barn som dansa og lo. Over snutten stod det skrive: «Sieg heil».

Eg skulle ønskje at langt fleire legg reiseruta innom desse ekstremistgruppene. Tar vi ikkje til motmæle mot dei, kan dei lulle seg enda djupare inn i ei førestilling om at hatet og menneskeforakta deira er gangbar mynt.


Mer fra: Debatt