Debatt

Frivilligheit må til for å løyse flyktningkrisa

Kronikk: Det er over 10 veke sidan krigen i Ukraina starta og om lag 16.000 flyktningar er til no registrert. Men det er ikkje alle som får den hjelpa og støtten dei treng av det offentlege.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dei frivillige i Noreg gjer en stor innsats for å ta imot og integrere flyktningane frå krigen i Ukraina. Men det er ikkje alle som får den hjelpa og støtten dei treng av det offentlege. Kommuna kan innta ei meir audmjuk og takksam haldning overfor dei som har bidratt til å avhjelpe og løyse ei krisesituasjon, og som har tatt ei stor rolle i flyktningar sitt hjelpebehov, når det offentlege har stått utan bustader og mottaksplassar.

Det er over 10 veke sidan krigen i Ukraina starta og om lag 16.000 flyktningar er til no registrert i Noreg. Mindre enn 2000 har blitt busett hittil viser tal frå IMDi.KrF stemde for eit vedtak i formannsskapet 7. april at Stavanger kommune skal busette og integrere 750 flyktningar inkludert 10 mindreårige flyktningar både under og over 15 år. Hittil er 38 busette i vår kommune.

Mange privatpersonar og frivillige lag og organisasjonar har stilt opp for å hjelpe menneska på flukt. KrF vil trekka fram alle som har opna heimane, hjarter og gitt tilbod for dei som sto i ingenmannsland før dei offentlege hadde opplegg klart for å ta imot. Vi heier på hjartevarme, engasjement og at vi viser medmenneskelegheit. Mange har gjort veldig mykje for våre medmenneske som står i ein kjempekrise.

Det ligg tydelegvis i folkesjela vår å hjelpe når menneske er i naud. Det har krigen vist oss. Vi som nasjon har lang tradisjon for at frivillige ligg før dei offentlege med å etablere og starte opp tiltak der behovet har vist seg.

Me treng dei frivillige, som har engasjement og initiativ overfor andre, ofte gjennom diakonal og kristen nestekjærleik. Så kjem rutinar, regler og offentleg omsorg også inn, men det frivillige engasjementet kjem oftast først. Slik var det i flyktningkrisa i 2015 og akkurat same skjedde no i 2022.

KrF har forståing for at ei må ha rutinar og lovverk på plass, men når ein ser at nokre fell mellom to stolar meiner vi at vi som kommune må stille opp og tette dette holet. Difor hadde KrF i kommunestyret 30. mars eit forslag til vedtak om at kommuna skulle gå i dialog med frivillige lag og organisasjonar om korleis ein skal dekke faktiske kostnader rundt det å stille opp i ei krise. Dette vart nedstemt av fleirtalet i kommunestyret. Eg må seie at dette skuffa oss i KrF stort.

Mange tilsette i kommuna vår jobbe natt og dag for å få desse tinga på plass, og har verkeleg snudd seg rundt, sjølv om mange meiner at det skjer ingenting og går for seint. For dei aller fleste er system godt i gang, og folk får utbetalingar til livsopphold. Ting er veldig på rett veg for dei ukrainske menneska som har kome hit.

Men så er det likevel nokre som har møtte eit byråkrati og eit system som i staden for å hjelpe, set kjeppar i hjula.

Det er dei som kom til Stavanger før eit etablerte apparatet var oppretta. Fleire som opna heimane sine heilt i starten på krisa har opplevd å ikkje bli høyrt eller forstått. Eg vil dele ei historie som eg har blitt kjent med frå ei familie i Stavanger som eg synest er både provoserande og uforståande.

Tre veke etter krigen i Ukraina starte, den 15. mars, kom ei mor, to barn og ei mormor til Stavanger. Dei var på flukt frå krigen og hadde ei veninne som budde her. Sidan veninna ikkje hadde plass til å ta imot dei, bestemte ei norsk trebarnsfamilie for å opne sin heim. Dei budde trongt og måtte kommunisere via Google Translate, men flyktningane fekk god hjelp til å kome i gang med livet i Noreg. Dottera starta på skulen og mormor lage til ein grønsakhage.

Dette skjedde før akutt-mottakssenter ble oppretta i Rogaland og det var lite system på plass for å hjelpe med å ta imot flyktningar. Men statsministeren hadde oppfordre folk til å opne sine heimar for dei som rømte frå krigen og denne norske familien ville hjelpe dei som var i naud. Etter kvart blei dei ukrainske flyktningane registrert hos politiet og arbeidet for å sikre desse fast bustad og støtte starta. Men i staden for å få hjelp frå dei offentlege, blei denne familien sendt frå den eine til den andre etat utan å få hjelp. På grunn av svært liten plass hjå vertsfamilien var det ikkje aktuelt at dei kunne bu fast hjå dei gjennom AMOT ordninga som er blitt oppretta.

Det var ikkje støtte for dei som budde privat, men dei fekk verken hjelp til å finne eigen bustad eller til å kome inn på mottak. Kommuna sitt opplegg for sjølvbusetting innebar tre veker ventetid for å godkjenne leilegheita, og utleierane ville forståeleg nok ikkje vente så lenge utan inntekt. Familien som hadde teke imot dei prøvde å få dei inn på mottakssenteret, men verken UDI eller senteret kunne hjelpe. Dei ble fortalde av politiet at dei berre kunne hjelpe dei som står på grensa og skal ha akuttplass. Til slutt fekk dei hjelp av ein frå politiet som forstod situasjonen og tok ansvar. Han klarte å skaffe rom til flyktningane på Thon hotell.

Gjennom vekene som familien budde privat, har dei ikkje fått nokon form for økonomiske støtte. I tillegg til å betale for klede, utstyr og mat, måtte vertsfamilien dekke høge medisinske utgifter for mormora. Men så lenge desse faller utanfor det systemet som er satt opp, får dei ingen hjelp.

Vertsfamilien fortel: «Den ukrainske familien enda opp som kasteballar i systemet, og når vi prøvde å finne hjelp til dei vart vi berre tilvist fram og tilbake og enda til slutt opp utan nokon hjelp. Den ukrainske familien vart fortvila og deprimert over å måtte leve slik, og alle vi som ønsket å hjelpe dei, sit att frustrerte og slitne».

Det nyttar ikkje å stå stille når våre innbyggjarar har gjort det dei vart oppfordra til i starten på krisa, nemleg å opne heimane sine og ta imot dei som treng tak over hovudet. KrF meiner at dei som har gjort det storsamfunnet oppfordra til skal dei bli møtt med ai audmjuk og takksam haldning. Når vi blir kjende med slike historier må vi ta grep og det krev politisk leiarskap og mot.



Mer fra: Debatt