Debatt

Flytt til eit anna land

Å oppfordre menneskje som ikkje er fornøgde med tilstanden i Noreg til å flytte, er saftig og sleip hersketeknikk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

No har Sylvi Listhaug fått vere i fred for meg lenge. Sidan ho nyleg har gjennomført Frp sitt landsmøte på Gardermoen, tenkte eg at det kunne vere på sin plass å gje ho litt merksemd igjen. Kanskje er ho til og med litt glad for det. At ho blei partileiar har ikkje hatt den effekten på meiningsmålingane som mange hadde håpa, så kanskje ho ser på all merksemd som god merksemd?

Listhaug sveipa mellom anna innom Koran-brenning på landsmøtet. Bodskapen hennar er at dei som har problem med at høgreekstremistar brenn Koranen på gater og torg, kan flytte til eit anna land.

Listhaug har altså ikkje problem med at høgreekstremistar lagar Koran-bål. Så ho blir nok her i landet på ubestemt tid. Eg har problem med bokbål. Det gjev meg alltid ekle assosiasjonar til bokbåla i Nazi-Tyskland, og kvar gong Koran-brenning kjem i fokus, tenkjer eg på den tyske forfattaren Heinrich Heine sine ord frå tidleg på 1800-talet. «Der ein brenn bøker, vil ein til slutt også brenne menneskje». For meg er desse bokbåla beint ut sagt vulgære, ja nesten barbariske. Men det er ikkje forbode å brenne bøker, så eg må bare leve med det og har slett ingen planar om å flytte til eit anna land.

Er det andre enn vi som har problem med Koran-brenning, ho meiner bør flytte?

—  Jarl Wåge

Å oppfordre menneskje som ikkje er fornøgde med tilstanden i kongeriket Noreg, til å flytte her i frå, er sjølvsagt saftig og sleip hersketeknikk. Det er ein finare måte å seie: «Hald kjeft eller kom deg vekk» på. Spørsmålet som alltid melder seg er: «Kvar skal vi flytte til?» På Twitter har det blitt delt ein kommentar frå ei som stiller følgjande glitrande spørsmål til Listhaug si flyttemelding: «Hva skjedde med å hjelpe meg her jeg er?»

No er ikkje Listhaug åleine om å meine at folk bare kan flytte. SIAN er av same formeining. Dei går riktignok mykje meir dramatisk til verks og vil tvangsflytte alle (250 000) norske muslimar. Under 2. verdskrigen blei nærmare 800 jødar tvangsflytta. Den største deportasjonen skjedde frå Oslo 26. november 1942 då 529 jødar blei stuva saman på DS Donau og frakta til konsentrasjonsleirar.

SIAN har aldri klargjort korleis dei skal kvitte seg med 250 000 muslimar. Skal dei òg deporterast på lasteskip? Då trengst det uhorveleg mange skip. Igjen melder spørsmålet seg om kvar dei skal sendast. Dei fleste muslimar i Noreg er norske statsborgarar. Kva om andre land nektar å imot dei? Skal skipa i all æve farte kvilelaust rundt på dei sju hav som moderne utgåver av Den Flygande Hollendar?

La oss komme tilbake til flytte-til-eit-anna-land-retorikken til Listhaug. Er det andre enn vi som har problem med Koran-brenning, ho meiner bør flytte? Før jul lanserte Posten ein reklame der nissen kyssa ein annan mann. Det blei eit rabalder. Blant anna i Facebook-gruppa «Vi som støtter Sylvi Listhaug». «Jeg har en anmodning til dere som er homo. Husk det er mange i vårt land som føler oss ille til mote av å se på TV i tide og utide to av samme kjønn kliner (direkte sitat),» skreiv ei.

Dagbladet avslørte for ikkje lenge sidan at i ei lukka fb-gruppe hadde to opne homofile FpU-arar blitt hetsa av andre medlem i same ungdomsparti. «Psykisk-diagnose-tog foran slottet vil vi ikke ha noe av,» skreiv ein. Det blei òg påstått at det dei to homofile ønska over alt i verda, var «Eurovision, Pride og kukk».

Kva har Sylvi Listhaug å seie til sine sympatisørar og ungdomspolitikarar som har problem med å godta homoseksualitet? Vil ho be dei flytte til andre land? Land der dei garantert vil sleppe å sjå to menn kline på TV som til dømes Iran eller Saudi-Arabia?

Kva slags råd vil ho gje til dei som har problem med at det er muslimar i Noreg, at det blir sendt program på NRK i samband med Id-feiringa og som ser snikislamisering bak kvar ein busk? Bør dei flytte til eit anna land?

Og dei som har problem med norske avgifter, skattar og bomringar? Bør dei flytte?

Personleg trur eg at uhorveleg mange nordmenn har problem med Koran-båla til SIAN. La oss gjere eit tankeeksperiment og sjå føre oss at alle desse menneskja tar Listhaug på ordet og flyttar. Oppegåande, dyktige, kloke menneskje. Det ville ha blitt ei hjerneflukt utan sidestykke frå «de gamle fjell i syningom mellom bakkar og berg ut mot havet».

Kven skulle ha gjort jobbane alle desse menneskja utfører i dag? Kven skulle undervise, ta seg av gamle og sjuke, byggje vegar, produsere mat, sitte i kassene på Kiwi og Rema? Det same spørsmålet kan ein stille til SIAN. Kven skal ta over jobbane til dei hundretusenvis dei vil fordrive frå landet?

Den einaste fordelen eg kan sjå for Listhaug om alle som har problem med SIAN og Koran-brenninga deira hadde fordufta frå landet, er at ho hadde blitt leiar for det desidert største partiet i landet. Ho kunne ha blitt statsminister i Noreg og regjert saman med Partiet De Kristne og Demokratene over alle som tykkjer at Koran-bål er heilt uproblematiske.

Kva SIAN skal finne på den dagen det ikkje er motstand att å finne, og det strengt tatt ikkje lenger er nokon vits i å brenne Koranar, er ikkje godt å forutsjå. For dei vil sjølve meininga med livet ha flytta frå landet.

Mer fra: Debatt