Debatt

Sur, gammal gubbe-varsel

Det er på tide at vi sluttar å vatne ut det norske språket med angloamerikanske ord og namn.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Om du ikkje likar sur-gammal-gubbing, bør du kanskje ikkje lese vidare.

Sist fredag blei eg, av alle, invitert av Stavanger Kommune til å vere med på eit seminar på Kilden i Hillevåg. Der skulle to arkitektkontor presentere planar for utvikling av Hillevåg sentrum. Grunnen til at eg blei invitert, var truleg at eg i denne avisa hadde skrive ein kronikk der eg blant anna påstod at Hillevåg både er rotete, ukoseleg og stappfullt av bilar. Dei to arkitekt-kontora var Pir II og Lala Tøyen.

Og la det vere sagt med ein gong. Begge kontora presenterte spennande planar for eit framtidig Hillevåg. Ja, faktisk, om dei ansvarlege klarer å overføre planane frå teikneborda til verkelegheita, kan Hillevåg sentrum bli eit levande, miljøvennleg og hyggeleg område dit folk får lyst til å dra for å opphalde seg.

Eitt av forslaga ville fjerne biltrafikk og bare tillate busstrafikk langs Hillevågsvegen. Det tykkjer eg både er viktig og nødvendig om ein skal få til eit heilheitleg Hillevåg. Hillevågsvegen er sterkt traffikert og splittar verkeleg området i to.

Eg som ikkje har ansvar og veit at det er gratis å tenkje stort, vil gå enda lenger enn Lala Tøyen. Stavanger er tunellbyen framfor nokon i Noreg. På godt og vondt. Mest godt, tenkjer eg, når tunellane fyrst er der. Så kvifor ikkje leggje nokre hundre meter av Hillevågsvegen i tunell? Då vil ein «få bort» all trafikk. Tenk på alt det fabelaktige ein då kunne på til av park, leikeapparat og forretningsverksemd på det området som no er ein firefelts veg!

«Ikkje mykje sur-gammal-gubbing her,» tenkjer du kanskje. «Ver tålmodig, menneskje,» svarer eg då. «Det kjem!» Etter kvart.

Noreg er eitt av landa i Europa som har vore aller ivrigast til ukritisk å ta angloamerikanske ord, uttrykk og namn inn i språket. Lenge køyrde eg forbi Traffic Inn i Gudbrandsdalen. Eg stoppa der då dei skifta namn til Åttekanten Kro. I vesle Selje i Ytre Nordfjord kan ein gå ut og ete på Blue Lagoon. I Måløy ligg Corner Pub. Det tykte dei nok var eit betre namn enn «På hjørnet».

Sjølvsagt har trenden vore den same i Stavanger. Snart opnar dei eit nytt konsept i gamle Fermenten i Stavanger øst. Det skal heite East Side. Eg tenkjer at Østkanten eller Østsiå hadde vore eit mykje betre namn. Elles kan eg nemne i fleng: Gossip Bar, Backstage, Beverly Hills Fun Pub, Green Oil Company, Checkpoint Club og så vidare.

Når det er sagt, har Stavanger heldigvis massevis av serveringsstader med kreative og originale, ja, beint ut sagt geniale, norske namn. Her kan det òg nemnast i fleng: Bøker og børst, Blyge Harry, Hekkan, Døgnvill, Drollehålå, Hygge, Broremann, Piren, Hanekam, Nåløyet, Vinkontoret, Bar Bache (under tvil), Ostehuset, Kanelsnurren, Munken og heilt sikkert mange fleire.

Men sjå om eg ikkje har klart å hamne langt ute på viddene, for ikkje å snakke om Stavanger sitt natteliv, så la meg endeleg komme i gang med gubbinga. Trur de ikkje eg klarte å sitje og irritere meg stort sett heile tida på seminaret på Kilden medan det eine arkitektkontoret, Pir II, la fram planane sine for Hillevåg! Ikkje fordi det var dårlege planar. Langt der i frå. Det var mykje både spennande og kreativt i som blei presentert frå teikneborda deira.

Så kva er det då eg sit og sutrar for? Jau, ganske enkelt dette: Dei hadde kalla prosjektet sitt «Downtown Hillevåg»! Kva i all verda er det slags medvitlaus haldning til det norske språket? Korleis er det muleg for oppegåande arkitektar i det heile tatt å komme opp med eit slikt namn? Eg ser det for meg. Ein dag på kontoret hadde dei idèmyldring for å finne det aller beste namnet på prosjektet. Ein kom plutseleg og triumferande på «Downtown Hillevåg». Og dei andre bare: «Ja. Bravo. Hurra! Der kom namnet på plass.»

Sjølvsagt høyrest det flott ut med Downtown Manhattan, Downtown Atlanta, Downtown Los Angeles. I USA. Vi ser føre oss skyskraparar tett i tett og travle menneskje på veg inn i stål og betong for å gjere unna dagens dont. Men Downtown Hillevåg?! «Get real man,» som dei ville ha sagt der borte.

No veit ikkje eg om Downtown Hillevåg bare er arbeidstittel? Om dei no skulle vinne med sitt utkast, ser dei då føre seg at folk skal kalle det Downtown Hillevåg? Eg tykkjer eg høyrer det: «Hei, skal vi møtast i Downtown Hillevåg i morgon?» «Du, eg kjem litt seint heim i kveld. Skal innom Downtown Hillevåg».

Det er på tide at vi sluttar å vatne ut det norske språket med angloamerikanske ord og namn. Der har vi mykje å lære av Sverige. Kanskje enda meir av Island som har sett si ære i å finne islandske namn på nye fenomen.

Pir II har mykje å lære av alle dei kreative namna på utestader i Stavanger. Dei skaper nærleik og identitet. Kva med å kalle prosjektet «Hjertet til Hillevåg» eller «Hillevågs hjerte»? Eit enda enklare namn er «Hillevåg Sentrum».

Sånn. Då har eg gubba frå meg for denne gongen. Det skal bli lenge til neste gong. Trur eg.

Mer fra: Debatt