(Ja, eg veit. Mor mi hadde bede meg vaske munnen min med såpe om ho hadde lest overskrifta.)
Du hadde ein vanskeleg barndom, Vlad. (Kan eg kalle deg Vlad?). Vi er klar over det. Du vaks opp i Leningrad, no St Petersburg, på 1950-talet. Ein by som framleis var djupt prega av fryktelege lidingar etter 2. verdskrigen. Over ein million døde etter at tyskarane omringa byen i tre år. I tillegg til enorme øydeleggjingar. Du var gatebarn og mobbeoffer i ein by i ruinar. Det vrimla av rotter i nabolaget ditt. Du var fattig og svolten og fekk ikkje den kjærleiken og omsuten barn er så avhengige av.
Difor er det nesten forståeleg at du overkompenserer og opptrer som ein karikatur av ein machomann. Rullande rundt med svart belte på judomatter i kamp med andre mannemenn. Ridande med baris og struttande brystmusklar inn i solnedgangen. Vi tilgjev deg det, Vlad.
Det vi ikkje kan tilgje deg, er at du, som levde i etterdønningane av den hittil verste krigen verda har opplevd, som har sett dei ufattelege lidingane kampane førte med seg, ikkje har hatt innlevingsevne og empati nok til å lære eit fnugg av historien.
Men med kva slags rett invaderer du eit naboland og startar krig mot eit broderfolk? Fattar du ikkje, er du i det heile tatt ikkje i stand til å ta innover deg, at du utset det ukrainske folket for dei same lidingane som dine byborgarar gjekk gjennom under og etter 2. verdskrigen?
Med kva slags rett kan du, ein aldrande mann, sende Russlands ungdomar ut i krig og la dei dø i titusenvis medan du sjølv sit trygt i eitt eller anna palass langt frå våpengny og likstank? Ungdommar som eigentleg skulle ha studert, skaffa seg jobb, blitt gode, kjærlege foreldre til kommande slekter.
Med kva slags rett sit du og gnikkar og gnur på atomknappen og gjer den fantastiske kloden vår til ein utrygg og farleg plass? «Fjerde verdskrig vil bli utkjempa med stokkar og steinar,» har ein langt klokare person enn du sagt. Eg veit ikkje kven, men kan du ikkje bare leggje deg det på minnet?
[ Provokatøren Jarl Wåge fra tweets til dikt ]
Faen ta deg, Josef Stalin.
(Ja, eg veit. Mor mi hadde)
Du hadde ein vanskeleg barndom, Soso. (Det var kjælenamnet ditt.). Vi veit det sjølv om du prøvde å dekkje over det. Far din var brutal og slo både deg og mor di. Kanskje det var difor du var så opptatt av å stige til maktas tindar? Det kan vere forståeleg det. Som ein kompensasjon for alt det vonde du opplevde som liten.
Men med kva slags rett tok du livet av fleire titalls millionar av dine eigne landsmenn?
Med kva slags rett sende du millionar av menneskje til Gulag-arkipelet, som Aleksandr Solzjenitsyn kalte nettverket av fryktelege arbeidsleiar rundt om i landet ditt? Med din eigen paranoia som einaste domstol fekk du ekspedert millionar av menneskje til den visse død i slike leirar.
Med kva slags rett gjorde du Sovjetunionen til eit terrorvelde verda knapt har sett maken til, din despot?
Faen ta deg, Benito Mussolini.
(Ja, eg veit. Mor mi)
Du hadde ein vanskeleg barndom, Benito. Vi veit det. Ein far som var glødande sosialist og ei strengt katolsk mor som stadig krangla om oppsedinga di, var langt ifrå noka suksessoppskrift for ein harmonisk barndom. Var det kanskje difor du blei så opptatt av vald? Kva var det du sa? Jau, det var det: «Vald lutrar sjela.»
Vald inngjekk i ideologien du utforma; den antidemokratiske, antisosialistiske, ekstremt nasjonalistiske Fascismen som var med å prege landet ditt i 25 år og som framleis ligg strødd som giftampullar rundt om i mange samfunn.
Men med kva slag rett allierte du deg med Hitler før og under 2. verdskrigen?
Med kva slags rett førte du store lidingar over ditt folk og land i ein krig de tapte fordi du hadde ein pervers, nasjonalistisk draum om å gjere Italia til ei stormakt? Til eit nytt Romerrike.
[ Portrettet: Jarl Wåge om ekstremisme, hat og alderdom ]
Faen ta deg, Adolf Hitler.
(Ja, eg veit. Mor).
Du hadde ein vanskeleg barndom, Hitler (Eg orkar ikkje bruke fornamnet ditt). Vi veit det. Mor di forguda deg. Du var porselensdukka hennar. Far din, derimot, var valdeleg. For han var du ein puslete tapar. Du og mor di blei hoggestabbane hans. Akkurat som heime hos Stalin. Ikkje rart du blei ein forvirra ung mann. Ein som mislukkast med det meste.
Skal ein hobbypsykologisere litt, er det lett å påstå at det truleg var difor du hadde store draumar. Truleg difor du grunnla Nazismen. Ei slags vidareføring av Mussolini sin Fascisme. Bare så mykje meir gjennomført rasistisk. Her i låg ideen din om eit stort og mektig Tyskland. Eit land som ikkje ein gong var heimlandet ditt. Eit land du ville utvikle til Das Drittes Reich.
Men med kva slags rett, Hitler, omtalte du eit heilt folk, jødane, som skadedyr. Skadedyr du sette deg føre å utrydde i fryktelege dødsleirar?
Med kva slags rett starta du ein vanvittig krig som kravde 72 millionar menneskjeliv, skadde enda fleire, la byar i ruinar og gjorde landområde ubebuelege i årevis framover?
Med kva slags rett trampa du gjennom verda med jernskodd hæl?
Det verda treng no, er kjærleik, søt kjærleik. Det alle barn treng, er kjærleik, overflod av kjærleik. Det verda slett ikkje treng, er fleire Putinar, Stalinar, Mussoliniar og Hitlarar. Så difor, kjære alle foreldre; gje barna dykkar kjærleik. Overflod av kjærleik.