Debatt

Eit nesten ubrukt år

Det er i det heile tatt underleg kor fort vi hamnar tilbake i kvardagen etter at året har blitt nytt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Nyttårsfyrverkeriet har slokna. Til glede for alle vitskremde hundar og andre kjæledyr. Mange av nyttårsforsetta har vel allereie byrja å miste glansen òg. Det er i det heile tatt underleg kor fort vi hamnar tilbake i kvardagen etter at året har blitt nytt, festen har ebba ut og nyttårsbakrusen er gjennom- og overlevd.

Alle dei gode ønskja om eit nydeleg, fabelaktig, fredfullt nytt år var sjølvsagt både ektefølte, ærlege og velmeinte. Likevel går det ganske fort opp for ein at håp og draumar om fred på jord og kjærleik og mat for alle, er nettopp det; håp og draumar.

I fjor (det høyrest lenge sidan ut) var eg så heldig å få feire jul hos nær og kjær familie i Måløy. Sanneleg kom det julesnø der òg. Eit kvitt teppe som lagar ekstra stemning same kor lite ein liker snø. Så mykje kom det at eg måtte til med noko eg ikkje har gjort sidan eg budde på Austlandet; måke snø. To dagar til endes. Mykje snø. Eine dagen tung snø. Men det blei god trim.

Denne eldre herren er forresten ikkje glad i vinter lenger. For ein som har budd i vinterstader som Sauda og Kongsberg og som etter kvart blei veldig glad i å gå på ski, er dette ei litt merkeleg innrømming. Faktum er at glatte gater og fortau får meg til å karre meg fram som ein hundreåring med gebrekkelege bein, og broddar blir beinbrotshindrande følgjesveinar kvar gong eg må ut døra.

Då Stavanger i fjor vinter var fullstendig ned-isa over ein periode på fleire dagar, byen var glatt som skøytebana i Sørmarka Arena og legevakta melde om stadig fleire beinbrot, heldt eg meg rett og slett innomhus. Den daglege treninga blei å springe (springe er kanskje å ta i) trappene i blokka der eg bur, frå garasjeplan og til topps.

Eg har tatt konsekvensen av at eg ikkje lenger diggar snø, is og mørke, korte dagar (som riktig nok lysnar minutt for minutt) og klimaflykta. Fyrste nyttårsdag, etter mykje teljing på knappane, om og men og skal/skal ikkje, sette eg meg på flyet frå Sola til Las Palmas de Gran Canaria. Med returbillett 2. april. Her har eg leigd husvere i fyrste rekkje på Las Canteras med fabelaktig utsikt mot hav og strand og promenade.

Sidan det framleis er skuleferie her i landet, er det eit yrande folkeliv utanfor. Ei herleg generasjonsblanding av barn, unge og gamle. Eg høyrer glade rop frå leikande ungar, ser eldre sitje på benkar og prate, og uteserveringane er fulle av folk som nyt dei siste feriedagaene. Som ein konstant bakgrunnsstøy høyrer eg havet som sender late bølgjer inn mot stranda.

Dei fyrste dagane av 2022 har temperaturen lege på opp imot tretti grader her. Det er ei sann glede å ikkje måtte finne fram superundertøy, gensar, ekstra varm bukse, jakke, hue, skjerf og vottar for å gå ut døra. Det er ei sann glede å kjenne varmen tine opp ein frosen kropp. Er det rart eg tar meg sjølv i å tenkje: «Paradisiske tilstandar»?

Men som alle paradis, har også dette ein slange. Korona, delta og omikron er fenomen som heng som ein mørk skugge over alt ein foretar seg. Smittetala aukar her som i Noreg. I det eg går ut døra, må eg på med munnbind. Det er påbode overalt når ein ferdast der det er tett med folk. Det er strengare enn i Noreg, og det er veldig få som syndar mot det.

Elles har eg som nyttårsforsett å ikkje diskutere med antivaxxarar i det nye året. Slike diskusjonar blir alltid i overkant heftige. Dei er like intenst og fundamentalistisk imot alle former for COVID-19-vaksine og finn stadig nye arenaer der dei kan spreie konspirasjonsteoriane sine. Kva skal ein for eksempel seie om denne kommentaren som ein fekk slengt etter seg i ein tråd på Twitter der vaksine blei diskutert (direkte sitat): «Igjen HVOR MYE TJENER DU PÅ Å FREMME KRIMINELLE PFIZER`s eller er det WEF (World Economic Forum. Min kommentar.) som betaler lønna di din Erna rævsleikende PFIZER FASCIST.»

Her i landet må forresten antivaxxarane kanskje krype til vaksinekorset, eller vaksineteltet. I alle fall om dei er glade i å ete på restaurant. Det blir nemleg forlangt kornapass om ein skal inn på spisestader.

Eg sit og skriv og ser utover det endelause havet. Tanken på at eg i løpet av to veker har opplevd to verder, slår meg. Men eg har jo ikkje det. Det er ei verd. Den same verda anten vi er her eller der. Vatnet i havet som er omgjev denne øya vest for Afrika, er det same vatnet som rullar inn mot norskekysten.

Ikkje er det nokon skilnad på menneskja heller. Sjølv om vi er meir tynnkledde her og fleirtalet er mørke i håret, har vi dei same kjenslene, håpet og draumane. Eg er heilt sikker på at det med fyrverkeriet på nyttårsafta over heile kloden blei sendt opp dei same ønskja om fred og fridom for alle menneskje.

Med desse orda håper eg at vi alle får eit framifrå nytt år og at vi får brukt det til å gjere Moder Jord til ein litt betre plass for alle menneskje. Enda ein gong låner eg setninga som barn så optimistisk uttrykte i land etter land då korona invaderte liva våre for nesten to år sidan: «Alt blir bra.»


Mer fra: Debatt