Debatt

Ein god kommune å bu i for alle

KrF ønsker ein varmare og rausare kommune som stiller opp for dei som treng det mest.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Kongens ord på nyttårsafta rørte mange av oss: «I 2022 trenger kanskje mange av oss å finne tilbake til kvalitetsstundene med mennesker som betyr noe for oss. Til de gode samtalene. Kanskje trenger vi å gjenfinne åpenheten og gjestfriheten i oss selv. Styrke gamle vennskap og knytte noen nye. Sette frem de fineste koppene og invitere hverandre inn». Vakkert sagt! Vi i Stavanger KrF ønsker at dette skal prege vår kommune. Stavanger skal vere ei god kommune å bu i for alle, også dei som treng det aller mest. For å kunne sjå dette skje, har vi ein nokre saker vi meiner det er verdt å kjempe for.

Bustad, utdanning og arbeid er nøklar for at menneske kan leve gode og frie liv. KrF er særleg oppteken av å ivareta alle slags familiar med barn og unge som oppleve ein pressa økonomisk situasjon. At foreldra har arbeid, er det beste verkemiddelet for å lyfte heile familien ut av fattigdom.

Integreringspolitikken må sikre deltaking og like moglegheiter for alle, også dei som flykta frå heimlandet sitt. Stavanger har i mange år vore ein føregangskommune på integrering. Samtidig må vi intensivere innsatsen, integrere barn og unge tidlegare enn vi lukkast med i dag og sikre at fleire kjem ut i arbeid eller utdanning. Frivillige organisasjonar, trus- og livssynssamfunn og kvar einskild innbyggar er heilt nødvendige for integreringsarbeidet. Vi må finne fram koppane som kongen sa. Nettopp her ønsker KrF å sjå ei utvikling i samarbeid med det offentlege tilbodet. Vi har tru på samskaping, som det står i kommuneplanen.

Ved fleire høve har eg hatt gleda av å samarbeide med ulike ideelle organisasjonar som jobbe nettopp med integrering. Her har vi meir å gå på, slik KrF ser det.

Rusavhengigheit er eit av våre største samfunns- og familieproblem. Rusavhengigheit og psykiske lidingar gjer at mange oppleve å falle utanfor i samfunnet. Dei som har ei dobbeltdiagnose innanfor rus og psykiatri, representerer ei særleg stor utfordring. Behandling innan rus og psykiatri må samordnast og organiserast slik at det framstår som ei teneste. For KrF er det uakseptabelt at rusavhengige som ønsker å kome ut av misbruket, ikkje får plass for avrusing og behandling. Ettervernet må bli betre med meir samanhengande og kontinuitet i dei kommunale tenestene, samt betre samhandling med spesialisthelsetenesta. Det er behov for å sjå behandling og ettervern som éi og same sak, der det eine ikkje fungere utan det andre. Her trur vi at samarbeid med ideell sektor er ein svært stor moglegheit. Ein som jobbe i Blå kors sa det så treffande: «Kommuen kan skaffe bustad og støtte økonomisk, men vi kan bidra til at det blir ein heim».

Stavanger kommune skal ha et differensiert tilbod av bustader til ulike grupper av innbyggjarane som slit med å kome seg inn på bustadmarknaden. Personar med manglande bu-evne må få god oppfølging. Pandemien har gjort dette særleg utfordrande. Det bustadsosiale arbeidet er ein føresetnad for å lukkast med måla vi har overfor personar med psykiske lidingar, funksjonsnedsettingar og rusavhengigheit.

2022 er frivilligheita sitt år. Er det noko vi har sett gjennom pandemien, er det verdien av det frivillige engasjementet. Vi må jobbe for at vi kan sjå nye bilete på samarbeid mellom frivilligheita og offentleg sektor. Utan frivillig arbeid ville vi vore eit fattigare samfunn. Her blir det skapt møteplassar, meiningsfulle aktivitetar, god inkludering og integrering. Frivillig arbeid formidle viktige verdiar og er ein føresetnad for eit velfungerande samfunn. Den frivillige sektoren i Stavanger må difor vere levande og mangfaldig. I vårt alternative budsjett hadde vi prioritert fritidskortet for barn mellom 6-18 år. Fritidskortet er eit kort der alle barn og unge kan delta på en fritidsaktivitet uavhengig av foreldra sine lommebøker. Dette var en av fanesakene til KrF sentralt og vi er svært skuffa over at dette ikkje vart vidareført av den noverande regjering.

Stavanger er med sine fem middelalderkyrkjer og Utstein Kloster Norges middelalderkommune. Norge har ein tusenårig kristen arv. Og vi glede oss til å feire byjubileet i 2025. Då vil alle kyrkjene og ikkje minst Domkyrkja ha en sentral plass.

Tru, religion og livssyn er svært viktig i mange mennesker sine liv. Stavanger KrF ønske å framheve kor viktig trusfridom i samfunnet er og at trus- og livssynsspørsmål skal ha ein naturlig plass i det offentlege rom. KrF understrekar at Stavanger skal vere ein by og ei kommune der det er trusfridom og respekt for andre si tru.

Godt nytt år!

Mer fra: Debatt