Debatt

Alle er så knebla

I sommar under valkampen kunne Sylvi Listhaug fortelje at mange(?) kom til ho og sa at dei ikkje lenger tør å seie høgt kva dei meiner. Dei følte seg knebla.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Alle som kritiserer innvandring, blir kalla rasistar,» er eit anna populært vers i knebla-klagesangen. Det kan vere lurt å bruke følgjande måleinstrument som rasismeindikator om ein er i tvil: «Om det ser ut som ei and, vaggar som ei and og kvekkar som ei and, ja, då er det ei and». Er det ei and, bør rasismekortet sitje laust i brystlomma.

Nokre av dei som stadig hevdar at ytringsfridomen er i fare, er den hyperaktive gruppa Stopp islamiseringen av Norge, SIAN. «Ikkje gjev dei merksemd.» tenkjer du kanskje. «Dei er jo bare ein gjeng skrullingar.» Eg gjer det likevel. Det er mange i høgreradikale grupper som støttar dei, så det nyttar ikkje å late som om dei ikkje eksisterer.

I motsetnad til FrP som nøyer seg med å åtvare mot snikislamisering, ser denne gjengen full islamisering på høglys dag. Som ein av følgjarane deira skreiv i eit kommentarfelt på Facebook her om dagen: «Det er tusenvis av disse i gatene. Massemordere og terrorister». Han kunne og opplyse om at eg, som ikkje heilt trudde på han, mellom anna er naiv, hjernevaska, egoistisk, ignorant, grådig og utan innsikt.

SIAN plasserte eit grisehovud utanfor ein moskè i Kongsberg i samband med dei groteske drapa der. Dei blei riktignok «knebla» av politiet som ikkje ville ha svineriet deira og viste dei bort. Dette med grisehovud er forresten eit nytt verkemiddel frå deira side. Vanlegvis klarer dei stakkars ytringsfridom-frårøva seg med å spytte på og brenne Koranar på gater og torg medan dei gaular: «Send dem hjem, send dem hjem.» Alt dette medan politiet bruker millionar av kroner kvart år på å forsvare retten deira til å ytre seg.

Koranbrennarane blir stadig klaga for å spreie muslimhat, noko dei slett ikkje vil ha hengande over seg. Å spytte på og brenne Koranar er nemleg religionskritikk. Grisehovud likeså, går eg ut i frå. Det at dei skal kaste meir enn 200 000 muslimar ut av landet, er religionskritikk det òg, må vite.. Dei ser seg sjølve som tapre korsfararar mot kjønnslemlesting, kvinneundertrykkjing og steining av homofile samtidig som dei altså vil sende kvar einaste muslim tilbake til land der dei nettopp kan bli utsette for slike overgrep.

Den rørande omtanken for homofile stikk forresten ikkje djupare enn at mange av tilhengjarane deira hyllar homofobiske lover i Polen og Ungarn. Som ein så treffande sa det i eit svar til meg: «Jeg driter i om folk er homo eller ikke. Ønsker noen å gi snabel der det kommer kabel, er det greit for meg».

Antirasistar er forresten dei verste fremjarane av rasisme her i landet, i følgje dei som meiner dei blir hengde ut som rasistar. Den nye leiaren for Justiskomiten på Stortinget, Per-Willy Amundsen, meiner at antirasistar er noko så forakteleg som sosialistar. Han skreiv følgjande til ein lærar som hadde invitert Antirasistisk Senter inn i eit undervisningsopplegg om rasisme: «Du er åpenbart en sosialist som på alle måter viser hvorfor norsk skole ikke fungerer». Han meinte òg at læraren burde diskvalifiserast.

Antirasistar fremjar visst rasisme fordi dei fullstendig ukritisk vil opne grensene for muslimar, og dermed alskens massemordarar, terroristar, homodreparar og kjønnslemlestarar. Då Rune Berglund Steen gjekk av som leiar for Antirasistisk Senter, var det ei gladsak hos SIAN. Som ein skreiv: «Da ble vi kvitt arkitekten bak oppblomstringen av rasisme i Norge. Umettelig innvandringsliberale Rune Berglund Steen, som ikkje kan få nok av innvandrere fra Midtøsten og Afrika, slutter som profesjonell antirasist.» Lenger nede i teksten kan vi lese at når vi blander mennesker frå «religiøse, kollektivistiske klankultuer inn i hypernoderne individualistiske, sekulære samfunn, er det som skapt for fremmedfrykt og toveis rasisme».

I ein kommentar til teksten om Berglund Steen skreiv ein: «Landssviker. Same ulla som Karin Andersen.» Tidlegare stortingsrepresentant for SV, ei heiderskvinne som alltid har stått på barrikadane for dei svakaste i samfunnet, blir altså omtalt som ein Quisling. Ein forrædar.

Merkeleg greier dette. Rasisme blir framstilt som eit virus, ein bakterie, som noko som kjem rekande på ei fjøl og invaderer kroppen og infiserer sinnet til stakkars, uskuldige, ikkje-anande menneskje. Ein vel altså ikkje å vere rasist, ein blir det den dagen ein må omgåast menneskje med annan hudfarge, kultur og religion enn oss sjølve.

Det er noko fascinerande over dette. På eitt eller anna perverst vis har dei jo rett. Hadde Noreg stengt grensene hermetisk og vore eit land med utelukkande etnisk norske, kvite, kristne nordmenn, hadde vi truleg ikkje hatt rasisme her i furet, værbitt.

Utan at eg har vore der, vil eg tru at rasisme ikkje er vidare utbreidd i Nord Korea. Rett og slett fordi dei der i landet må sjå ut, gjere og, i alle fall tilsynelatande, tenkje som Kim Jong-un.

Når folk påstår at dei er knebla, er det truleg fordi dei ikkje fritt får kvekke som ei and, og fordi dei må finne seg i at folk tar til motmæle mot kvekkeriet deira. Det kan i alle fall ikkje vere fordi dei ikkje får lov å ytre seg. Aldri nokon gong har det vore så mange forum der vi kan meine noko. Same kv(ekk)a vi måtte ha på hjartet

Mer fra: Debatt