Debatt

El-krise(maksimering)

Kva med å ikkje skaffa seg fleire straumkrevjande duppedittar?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Eg må vedgå at eg blir inderleg lei av den nesten årleg tilbakevendande krisemaksimering-følgjetongen rundt straumprisar i dette landet. Det skjer like sikkert som amen i kyrkja dersom sommaren har vore mot normalt tørr. Vassmagasina går tome, og straumprisane stig. Dermed blir det krigstypeoverskrifter i alle media.

«El-sjokk. Staumkrise. Sjokk-prisar. Dyraste nokon gong. Familieøkonomien kan kollapse». Og så vidare i det uendelege.

Så blir det haust. Lågtrykka kjem rullande inn frå vest. Regnbyger piskar mot rutene, vaskar landet reint for sommarstøv, lagar flaum og fyller opp magasina med vatn. Og under over under; straumprisane stuper. Dermed må media finne andre ting å snakke med store bokstavar om.

Eg skal langt frå skryte på meg å vere nokon ekspert på økonomi. Sjå om eg ikkje likevel vågar meg frampå med nokre tankar kring dette. Då tillet eg meg å hente inn Josef i Det gamle testamentet som vegleiar. Han, ja, han som flykta til Egypt, hamna i fengsel og tolka Farao sin draum om at det kom sju feite, flotte og sju magre, stygge kyr opp av Nilen. Plutseleg åt dei sju magre opp dei sju feite kyrne. Farao forstod ikkje det spøtt, men det gjorde Josef. Han fortalte kongen at det fyrst ville komme sju grøderike år og at det då var viktig å lagre mat for dei sju magre som ville komme etterpå.

Eg høyrest sikkert ut som ein sånn motbydeleg besserwisser på sin høge kjepphest, men kva om vi òg fylgjer Josef sitt råd til faraoen og set av litt ekstra kronasje i dei feite åra når straumprisane er under normalen?

Kva med, når åra er på det mest regnfulle, å lage strategiar for å spare straum? Med fare for å innta ein slags Luksusfellen-programleiarrolle; kva med å ikkje skaffe seg enda fleire straumkrevjande duppedingsar og anordningar i periodar der ein føler at lommeboka tillet det?

Vi kan like godt ta det innover oss ein gong for alle; nordmenn er i Europa-toppen, og dermed også i verdstoppen, når det gjeld forbruk av elektrisitet. I 2014 melde Statistisk sentralbyrå at det bare var Kuwait som hadde høgare konsum av elektrisk kraft per innbyggjar enn Noreg.

Vi bur i eit kaldt land. Difor forbruker vi naturleg nok mykje straum til oppvarming. Men i tillegg tenner moder og fader og søster og broder alle lys og mykje varme innomhus. Sagt på ein annan måte; mange av oss er ikkje flinke til å slå av lys i og varme i rom der vi ikkje oppheld oss.

Sjølvsagt er det mange fattige i Noreg som verkeleg slit med økonomien. Dei har ofte lært seg å setje tæring etter næring og har klart å redusere straumforbruket sitt. For dei vil sjølvsagt prishopp på el-kraft svi kraftig i lommeboka. Men ein får inntrykk av at det ikkje er dei som skrik høgast når vass-standen i magasina synk.

Det er, naturleg nok, dei som allereie har i overkant høge straumrekningar. Dei som har store hus med overflod av tekniske hjelpemiddel, tv i alle rom og alt som finst av absolutt-må-ha-duppedingsar.

Dei som kanskje har tatt ekstravagansen til nye høgder. Eller kva skal vi seie om varmekablar i oppkjørsla, garasjen og inngangen? Eller badestamp og varmelampar på terrassen? Eller fancy fasadelys som får bustaden til å likne eit opplyst einevelde?

Ofte ganga med to. Det nærmar seg ein halv million fritidsbustader i Noreg. Nokre av dei er framleis av den nostalgiske sorten med torvtekt tak, utedass og utan innlagt vatn og straum. Men dei er på vikande front.

No dukkar fleire og fleire hyttepalass opp som glitrande Soria Moria-slott i fjellsider og langs kysten. Kanskje overflødig å gjenta seg sjølv, men her er det ofte òg varmekablar i innkjørsle, garasje og inngang, badestamp, varmelampar, luksuriøse bad, badstu, kjøkenmaskinar, tv i alle rom og alt som finst av siste skrik i tekniske duppedingsar. Og enda større straumrekning.

Det går ubønnhøyrleg mot jul. Den mørkaste tida på året. Moder (og fader og søster og broder) har, som nemnt, for lengst tent alle ljos. I jula skal ingen krok vere mørk. Ikkje utvendig heller. Dei siste åra har vi sett ein aukande tendens til å overdosere husfasadar og hage med lysgirlander, blinkande reinsdyr og feite lysande plastjulenissar i mengder som omskaper furet, værbitt til ein norsk versjon av Disney Land.

Det gjer godt med ein lysfest når dagane er som kortast og lengten etter sol og varme på det mest intense. Då er det å håpe for dei som påtar seg jobben med å tenne «tusen strålende soler» til glede for oss alle, at vassmagasina framleis er fulle når kalendaren rundar desember. Eller at dei i det minste la seg opp litt ekstra kronasje i dei feite åra.

Oi. Eg må forresten på badet og slå av dei seks spotane i taket der.

Mer fra: Debatt