Debatt

Skjellsord er dårlege argument, Hillestad

Debatten mellom Hillestad og meg begynte med at eg skreiv om ulovleg overvaking, svartelisting og forfølgjing av folk i åra då antikommunismen herja her i landet.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Debatten mellom Hillestad og meg begynte med at eg skreiv om ulovleg overvaking, svartelisting og forfølgjing av folk i åra då antikommunismen herja her i landet, særleg dei to fyrste tiåra etter krigen. «Sammensurium», skreiv Hillestad, men påviste ingen feil eller manglar i det eg skreiv. Sjå lesarbrevet mitt 3.9., Hillestads kommentar 8.9. og mitt svar 10.9.

Laurdag 11.9. gjentar Hillestad at det eg skriv, er «sammensurium». Fortsatt utan å påvisa feil i det eg har skrive, og utan å grunngi kvifor folk som hadde sett liv og helse på spel for Noregs frihet, skulle fortjena å bli utsette for ulovleg overvaking, svartelisting og anna forfølgjing. Med mindre det skal vera eit argument at Stalin var endå verre. Då fortjente ikkje korkje kommunistar eller krigsseglarar betre.

Det er eit faktum at i åra etter 1945 blei mange folk knekte psykisk, endå mange av dei hadde sett liv og helse på spel under krigen. Dersom du meiner dette er tøv, Hillestad, oppfordrar eg deg til å seia til krigsseglarane: dykk fekk som fortjent, for fleire av dykk hadde tillitsvalde som var kommunistar. Viss du derimot meiner at dei ikkje fekk som fortjent, korkje krigsseglarane eller andre som blei knekte under antikommunismen, synest eg du skal innrømma at antikommunismen er eit svart kapittel i historia vår.

I det siste innlegget (11.9.) vedgår Hillestad at eg har enkelte poeng: «Verken jeg eller andre har benektet at også flere enn kommunistene har gjort seg skyldig i grove overgrep.» Men fortsatt vil han ikkje ta opp det som var temaet i innlegget mitt 3.9.: overgrepa som folk blei utsette for i Noreg i dei fyrste tiåra etter krigen. Hillestad vil heller snakka om noko anna.

Til det Hillestad heller vil snakka om: er kommunismens visjonar om eit betre samfunn mogleg? Kan verda ein gong oppleva eit samfunn utan kapitalismens rovdrift på natur og arbeidsfolk? Korkje eg eller Hillestad har fasitsvaret. Til no kjenner me til forsøk som har havarert, og som viser korleis me ikkje kan gjera det. Betyr det at me må seia som Maggie Thatcher: there is no alternative? Eg nektar å gravlegga håpet, men vil halda fram å stri for at eit betre og meir rettferdig samfunn må vera mogleg.

Hillestad skriv til slutt: «Alvorlige overgrep er også foretatt av andre krefter og bevegelser slik Olsen påpeker, noe som selvsagt må fordømmes.» Bra. Då går eg ut frå at me kan einast i å fordømma overgrepa i den såkalla «krigen mot terror», med blant anna torturen i fangeleirane USA oppretta over heile kloden: Guantanamo, Abu Ghraib, Bagram, eller overlagde drap på sivile og journalistar som Wikileaks avslørte, eller behandlinga av Edward Snowden, Chelsea Manning og Julian Assange. FNs spesialrapportør for tortur, Nils Meltzer, har slått fast at behandlinga av Assange er tortur. Som blir gjennomført av våre nærmaste allierte, dei liberale demokratia USA og Storbritannia. Ja, dette er ikkje korkje Holocaust eller Gulag, men ille nok. Eg synest både media og styresmakter her heime burde sett meir søkelys på desse systematiske overgrepa.

Kan me då venda tilbake til det temaet som starta debatten? Eg oppfordrar Hillestad til å kommentera det eg tok opp 3.9., den ulovlege overvakinga, svartelistinga og forfølgjinga som ramma tusenvis av menneske under antikommunismens herjingar, og knekte eit utal menneske psykisk. Helst utan å ty til stempling, skjellsord eller avsporingar.

Mer fra: Debatt