Debatt

Kommunepolitikar etter valdagen

Som småbarnsmor gler eg meg til å få fritidskortet i Stavanger.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Har ein statsministeren på sitt lag, eller på sitt motlag etter 13. september? Over eller under sperregrensa? I posisjon eller i mindretal? Kven blir Noregs neste statsminister?

Spørsmåla og spekuleringane har vore mange før valet, og dei siste vekene har vore hektiske for alle som arbeider med politikk. Men etter 13. september går likevel dei fleste av oss som er kommunepolitikarar tilbake i kvardagen i Stavanger, med dei same politiske konstellasjonane som før, der rokering av plassane på Stortinget ikkje har stort å seie for den jobben me er vald til å gjera i Stavanger, også dei neste to åra.

For KrF var ein av dei kjekkaste nyheita for byen vår i valkampen, då barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad var på Hinna og fortalde at Stavanger skal vera ein av byane som får ta i bruk det nye fritidskortet neste år. Då skal alle barn mellom 6 og 18 år kunne få støtte på nokre tusen kroner i året til å drive med fritidsaktivitetar, og få dekka ein del av desse kostnadane. Dette blir ei generell ordning for alle barn, utan spørsmål om inntekt eller behov.

For det er dyrt å driva med aktivitetar. Når ein har fleire barn, som kanskje og går på fleire aktivitetar vert kostnadane store for mange hushaldningar i løpet av eit år, anten ein har låg- eller meir middels inntekt.

Bergen kommune fekk nyleg laga ei oversikt over kor mykje fritidsaktivitetar kostar for kvart barn i gjennomsnitt. Til dømes kosta det i gjennomsnitt 4500 kroner for eit barn å delta i fotball. I tillegg til aktivitetsavgift og medlemsavgift til idrettslaget, som er dei offisielle kostnadane, kjem tilleggskostnadar til køyring til kampar, klede og utstyr og deltaking i cup og turneringar. Undervisning i kulturskulen kostar også 4500 kroner per år, medan deltaking i turn, dans eller friidrett, var litt lågare, og låg på eit gjennomsnitt på rundt 2000 kroner per år. Det er slått fast at om lag 1/3 av kostnadane knytt til aktivitet omhandlar medlemsavgift og kontingent.

Med fleire barn som går på litt ulike aktivitetar, blir reknestykket ofte stort i løpet av eit år, både av reelle kostnader til aktiviteten, men og alt av tilleggsutgifter som følger med.

Tal frå frivillighetsbarometeret for 2019 viser at 27 % av barnefamiliane i Norge har latt vera å delta i ei fritidsaktivitet på grunn av for høge kostnadar. Dette er ein stor del, og ein ser og at delen barn som ikkje er med i organisert aktivitet har auka dei siste ti åra.

I Stavanger kommune sin overordna «Plan for inkludering av barn i lavinntektsfamilier», som går fram mot 2022, vert det slått fast at barn i låginntektsfamiliar deltar i mindre grad enn andre barn i organiserte fritidsaktivitetar. Dårleg økonomi, svake norskkunnskapar og avgrensa sosiale nettverk, reduserer sannsynligheita for deltaking i både organiserte og uorganiserte fritidsaktivitetar. Desse barna og familiane går då glipp av ein viktig arena for fellesskap og tilhøyre.

KrF vil fortsetta å arbeida for at alle barn skal få delta i aktivitetar, og at den terskelen som økonomi har for deltaking skal forsvinne. Me heier på det frivillige arbeidet som føregår i kommunedelane våre, i korps, idrettslag og organisasjoner, og meiner at dette er hjørnesteinen i eit levende demokrati og i velferdssamfunnet.

Som småbarnsmor gler eg meg til å få fritidskortet i Stavanger. Eg håper at det vil komma mange barn og unge til gode. Som KrF-ar i Stavanger-politikken vil eg arbeide for å utvide dette tilbudet til gode for alle som vil driva med ein fritidsaktivitet.

For det er dyrt å driva med aktivitetar.

Mer fra: Debatt