Debatt

Vårt samfunn skal vere aldersvenleg

KrF vil tenkje nytt om alderdom og seniorpolitikk.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

KrF vil tenkje nytt om eldreomsorg og seniorpolitikk. Visjonen er at Noreg skal vere verdas beste stad å bli eldre.

Nordmenn er friskare og lever lengre enn før. Dei fleste eldre er aktive deltakarar i samfunnet, og mange bidreg med stor frivillig innsats i sine nære fellesskap. Diverre ser me samstundes teikn til aukande utanforskap og einsemd. Derfor må me skape møteplassar for eldre, styrke samspelet mellom generasjonar og anerkjenne og ta i bruk samfunnsbidraga frå dei eldre.

I eit aldersvenleg samfunn må ein leggje til rette og tilpasse samfunnet til behovet den einskilde har for fellesskap, aktivitet og tryggleik. KrF vil leggje til rette for at eldre kan leve eit aktivt liv gjennom å ta i bruk eldre som ein ressurs. Om ein skulle bli sjuk eller skrøpeleg, så skal den enkelte oppleve god omsorg i tråd med eigne behov. Den offentlege omsorga må styrkast og forbetrast. Men også den uformelle omsorga og frivilligheita er ein viktig del av løysinga for ein varm og trygg omsorg for våre eldre.

Mange pårørande gjer ein viktig innsats og er ei stor støtte for dei eldre i familien. Dette kan ikkje erstatte helsefagleg hjelp, men det er ein uvurderleg omsorg som er verdifull i seg sjølv og som kan gjere at behovet for andre tenester kan kome noko seinare.

KrF anerkjenner og verdset innsatsen pårørande legg ned. Mange opplever ei ny tidsklemme midt i livet når foreldra blir eldre. Ein skal kanskje både ta vare på eigne barn samstundes som ein ynskjer å ta vare på eigne foreldre når dei blir eldre. Me må anerkjenne og verdsetje omsorga pårørande gir meir enn i dag. Derfor vil KrF ha ei eiga pårørandestøtte, ei kontantstøtte for pårørande til eldre med omsorgsbehov på 7500 kroner i månaden.

Kontantstøtte for eldre er eit fantastisk tiltak, for det går rett inn i strategien om at eldre skal bu lengre heime, og den fornyar eldreomsorga.

Alderdomen handlar først og fremst om å leve.

—  Anne Kristin Bruuns

Eit viktig poeng her er at denne pårørandestøtta skal ikkje erstatte helsetenester frå det offentlege. I tilfelle der den eldre mottek helsetenester som følgje av statlege ordningar eller kommunale vedtak, skal det offentlege framleis ta vare på desse. Dette er uavhengig av om den eldre bur tett på sine pårørande eller ikkje.

Andre parti peikar på ei einsretting, kvar kommunane skal få stadig meir ansvar. KrF meiner at det er ei meir moderne løysing å leggje opp til auka valfridom, både ved å sikre ideelle og private tilbod, og å verdsetje og leggje til rette for den uformelle omsorga i større grad.

KrF vil også innføre avlasting på resept for pårørande til eldre med omsorgsbehov. Fleire eldre står i ein omsorgssituasjon for personar med demenssjukdom eller anna alvorleg sjukdomsgang. Dei er både pårørande og omsorgspersonar, og trengjer derfor hjelp til avlasting slik at dei kan halde fram med å stå i ein krevjande omsorgssituasjon over tid. For eldre utanfor arbeidslivet er det for dårlege rettar for avlastning.

Eit betydeleg tal eldre opplever einsemd og depresjon. Det kan vere som følgje av funksjonstap, sjukdom eller som følgje av tap av livspartnar eller vener i alderdomen. Eit stadig meir teknologibasert samfunn kan forsterke einsemd og utfordringar i kvardagen. KrF går til val på ein eigen inkluderingspakke for eldre.

Me vil styrke matgledekorpsa og «spisevener» slik at også heimebuande eldre og eldre på sjukeheim får nokon å ete måltid med. Me vil styrke frivilligheita, seniorsentra og andre lågterskeltilbod som gir sosiale treffpunkt og aktivitetstilbod til eldre. Me vil tilby fleire kurs og arenaar for opplæring i digital kommunikasjon. Me vil sikre alternativ for dei som ikkje ynskjer å bruke digitale løysingar.

Alderdomen handlar først og fremst om å leve. KrF vil tenkje nytt om eldreomsorg og seniorpolitikk. Visjonen er at Noreg skal vere verdas beste stad å bli eldre.

Mer fra: Debatt