Debatt

Tenk nytt i samferdselspolitikken

Er det eit problem at måla i bymiljøpakka ikkje kan nås?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Bymiljøpakka er skrudd saman med innbygde motsetninger», skriv Bjørn Sæbø på leiarplass i onsdagens RA.

Og Harald Minge i Næringsforeningen er bekymra for gjennomføring av diverse vegprosjekt.

Spørst kvar disse motsetninger eigentleg ligger og om dei ikkje er eit innbilt problem.

Det peikes på styringsforma med konsensuskrav i bymiljøpakka som gjer at politikere blir til byråkraters gisler når disse legger til grunn utviklinga for eksempel for elbiler som blir overtruffet av realiteten. Det har ingenting med styringsform å gjere. Politisk aksept for absurde trafikkprognoser kjenner me frå andre prosjekt som ikkje har denne styringsforma berre dei gagnar den politiske agendaen.

Trafikkframskrivinga levert av SVV som grunnlag for finansieringsopplegget for Rogfast er eit gyllent eksempel. Dagen før opninga (som var tenkt i 2025 denne gong) seie prognosen at 4900 biler skulle krysse Boknafjorden. Etter opninga skulle det vere 5950 bilar dagleg med vidare og større trafikkvekst etter opninga enn før. Eg vil minne om at det var 4180 biler dagleg i 2014, det er fortsatt under 4200 i dag og det var det også i 2019 før korona slå til. Trafikken over Boknafjorden veks ikkje, den stagnerer og det skal me vere glad for. Det er lett å spå at me vil få ei økonomisk fadese også for Rogfast. Ingen politikar var tvingde til aksept av denne prognosen. Om nokon hadde eit ønskje om realisme i finansieringa kunne det lett blitt justert i tilleggsproposisjonen som satte prosjektet i gong igjen.

Det peikes på at ein blir straffa viss ein lukkas med miljøtiltak fordi inntekter svikter når trafikken går ned og når elbil andelen aukar som ønska. Og omvendt ville det også bli økonomisk straff i form av trekk i belønningsmidler om trafikkutviklinga går feil veg. Då meiner mange at mål i bymiljøpakka ikkje kan nås fordi prosjekter ikkje kan realiseres.

Men er det eit problem? Det er berre eit spørsmål om å prioritere og styre porteføljen riktig og skrote prosjekter som undergraver målsettinga.

Sidan me fekk nullvekstmålet gjennom bymiljøpakka har me fått skjerpa overordna klimamål. Utslepp frå ikkje kvotepliktig sektor som omfatter trafikken skal ned med 55 % innan ni år. Det kan ikkje nås utan tydeleg trafikkreduksjon. Nullvekst er utdatert. Reduksjonen må fyrst og fremst komme ved å redusere persontransporten med bil.

Pandemien har lært oss at heimekontor kan hjelpe mykje. Og folk kan bruke kollektiv, sykle eller gå. Det er derimot ikkje eit alternativ å frakte store mengder varer lokalt eller store mengder med verktøy til montasje og næringstransporten må difor skjermas.

Så kva er problemet viss me satser for fullt på kollektive løysingar, gir eit skikkeleg insentiv til å sykle ved å styrke sykkelstamnettet og risikere at finansiering av nedprioriterte vegprosjekter ryker?

Me må satse heilhjarta på å lukkast med det. Da vil trafikken minke i tråd med klimamåla, køproblemer vil forsvinne og dagens vegnett vil vere heilt tilstrekkeleg for den reduserte trafikkmengda som fortsatt vil vere der. Dermed vil framkommelegheit vere sikra for næringstransporten som Minge er oppteken av og skal vere oppteken av. Den vil få gode vilkår heilt utan å bygge ein einaste meter av dei vegprosjekt han er bekymra for.

Det betyr ikkje berre at me ikkje har behov for dei vegprosjekter Minge ivrer for. Dei bør ikkje komme. Ikkje berre fordi me ikkje har råd til dei som konsekvens av ei ønska trafikkutvikling, ikkje berre fordi me ikkje treng dei fordi dagens vegnett vil vere tilstrekkeleg men fordi dei faktisk undergraver målsettinga om trafikkreduksjon og setter den i fare. Det er ei kjensgjerning at auka kapasitet genererer meir trafikk. Berre sjå til trafikkutviklinga i Ryfast. Personbiltrafikken skal ned for klimaets og næringas framkommeleigheits skuld.

Det einaste problemet me har er at det trengs ei radikal og grunnlegjande omstilling i hovudene våre. Det trengs ei forståing at næringslivets behov ikkje imøtekommes direkte lengre men indirekte. Me løyser samferdselsproblemer ikkje ved å bygge ut endå meir veg som genererer endå større utfordringar med arealtap og utslepp. Samferdsel løyses ved å gje folket den mobiliteten det treng med fullgode alternativer til unødvendige turar med privatbilen som er i vegen for næringa. Vinn-vinn-vinn…

Regionen lever fint med inntektsbortfallet berre me ikkje mister hovudet, prioriterer riktig og bruker porteføljestyring i regionens favør ved å la dei rette prosjekta dø.

Så lett er det viss ein klarer å gi slepp på gamle tankemønstre som låser oss fast til feil innfallsvinkel. Det minner meg på eit godt slagord frå 2015-valet: Tenk nytt – Stem grønt!

Mer fra: Debatt