Debatt

Alle gode ting er trekant

Slagsvold Vedum må truleg, jo før, jo heller, innsjå at alle gode ting er trekant, krype til korset enda ein gong, be om forsoning og invitere SV opp i senga til seg igjen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Ein ting skal Trygve Slagsvold Vedum ha; han har urokkeleg tru på eigen don-juansk sjarm, kastar lystige blikk i alle retningar og inviterer den eine etter den andre opp i senga til seg.

Lenge var han, trudde vi, i ein stabil trekant med Jonas og Audun. Men ikkje no lenger. Med jernskodd fot sparka han plutseleg Audun Lysbakken ut av senga. For alt eg veit, graverte han «Trygve+Jonas er sant» inn i sengegavlen etter den manøveren. Ikkje bare sant, forresten. Trygve nektar å innta noka misjonærstilling. Sjølv om Jonas er større og tyngre, insisterer han på å vere den dominante i relasjonen. Eller statsminister som det også heiter.

Etter at han sparka Audun Lysbakken ut i kulden, har han innsett at senga til tider kan bli i romslegaste laget. For sjå om han ikkje har godblunka tel og gjort seg lekker for Erna Solberg òg. Ho skal han riktignok ved første høve sparke ut av statsministerkontoret, men fingerlokkar henne likevel opp i senga og under dyna til seg. Ikkje på permanent basis, sjølvsagt. Bare når dei meir naturlege sengekameratane ikkje tilfredsstiller han. På olje-, forsvars- og innvandringsfronten, til dømes. Solberg let seg imidlertid ikkje sjarmere og takka prompte nei til invitten.

Det stoppar ikkje der. Audun Lysbakken skal aller nådigast få komme oppatt i senga av og til. Når Trygve vil og kan ha nytte av han.

Merkelege greier, dette. Mange meiningsmålingar har signalisert at dei tidlegare trekantkameratane kan få reint fleirtal etter valet. Dermed kunne dei ha danna ei solid, stabil regjering med stø kurs dei neste fire åra. Men neida. Slagsvold Vedum vil heller kjøre slalåm med vekselvis tyngde på høgre og venstre innerski og leve farleg ned brattheng og over issvullar.

Den våtaste draumen til Slagsvold Vedum er at han og Jonas Gahr Støre skal gjere eit brakval og få fleirtal åleine. Ikkje mange ekspertar trur at det kan skje. Trygve har rett og slett byrja å miste litt av glansen. Latteren er ikkje fullt så trillande lenger, og fleire vender han ryggen.

Stafett er stafett og meiningsmålingar er meiningsmålingar. I det siste kan det likevel sjå ut som om Senterpartiskuta, som med full seglføring ustoppeleg har ridd dei krappaste bylgjer i si ferd mot maktas korridorar, har sprunge lekk. Ja, ho lek faktisk i alle retningar.

På partikontoret og i lokallag hasteanalyserer dei heilt sikkert kvar og når det byrja å butte imot. Slagsvold Vedum lokka ein av Groruddalens store søner, «rappar» og mangeårig AP-medlem, Jan Bøhler, frå asfaltjungel til grøne enger. Tanken var å urbanisere partiet og vise at hovudstaden også er viktig. Men ikkje viktigare enn at Vedum på trumplisthaugsk vis forakteleg snakkar om «Oslo-eliten» som visstnok ikkje veit at det eksisterer eit Noreg nord for Sinsenkrysset.

Nestleiar Ola Borten Moe gav han heller ikkje urbandrahjelp då han på friarferd i Nord Noreg lova å ta frå storbyane og gje til distrikta.

Den største tabben han har gjort, var truleg å lansere seg sjølv som starsministerkandidat i staden for Gahr Støre. Slagsvold Vedum er ein likandes kar, men ikkje så likandes at det norske folk vil ha han som statsminister. Både Jonas, som vil til sengs med han, og Erna, som ikkje vil til sengs med han, er langt meir populære statsministerkandidatar enn Trygve.

Det er godt muleg at dei som skal analysere årets valkamp, i ettertid også vil konkludere med at det ikkje var lurt å gje Lysbakken og SV ei kald skulder. Ikkje ein gong klimaet spelte heilt på lag med han her, for å seie det sånn. 9. august blei nemleg FN sin klimarapport lagt fram. Ein rapport som blir omtalt som «Kode Rød» for menneskja på jorda. Der heiter det mellom anna at klimautslepp kveler planeten vår og set milliardar av menneskjeliv i umiddelbar fare.

Dette er ein rapport som sette ein kraftig støkk i svært mange. Difor har vi sett at dei såkalla miljøpartia, SV er eitt av dei, SP er det ikkje, går fram på meiningsmålingane. Om denne utviklinga står ved lag, kan vi risikere eit enda meir svekka Senterparti og styrka SV etter valet.

Skal Senterpartiet unngå å bli akterutseilt i jakta på makt, må dei legge kursen meir mot babord. Slagsvold Vedum ville truleg tene på å kaste inn handkledet når det gjeld kampen om statsministerjobben. Det er ein kamp han aldri kan vinne. Difor vil han profittere på å peike på Jonas Gahr Støre som statsministerkandidat og samtidig kvitte seg med eit taparstempel.

Dei aller fleste forutser at det ikkje blir ei topartiregjering av Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Slagsvold Vedum må truleg, jo før, jo heller, innsjå at alle gode ting er trekant, krype til korset enda ein gong, be om forsoning og invitere SV opp i senga til seg igjen.

Det er enda ein ting Senterparti-leiaren må forstå: Billeg bensin og diesel er sikkert eit forførerisk løfte for mange, men det er på tide å ta innover seg at folk i distrikta er like urolege for klimatrusselen som «eliten» i Oslo sentrum.

Når det gjeld framtida til våre barn og barnebarn, kan vi ganske enkelt ikkje ta sjansen på å satse på hestar som spring kort og fort, men dei som er seige og uthaldande og står seg i det lange løpet der innsatsen er sjølve kloden vår.

Mer fra: Debatt