Debatt

Vær utålmodig, menneske

Vi har mange døme på sivil ulydigheit for å stoppe demokratiske vedtak.

Extinction Rebellion-aktivistar blei taua inn under demonstrasjonen i Oslo tysdag.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

21. august 1968 var eg på besøk hoe syster mi i Oslo. Tidleg om morgonen vekte svogeren min meg med fylgjande ord: «Jarl, du må stå opp. Vi skal ut og demonstrere. Sovjet har invadert Tsjekkoslovakia.» Så hadde det altså skjedd det vi hadde frykta. Demokratiprosessen, Prahavåren, skulle stoppast.

Det var bare å fylgje straumen av folk til Sovjet sin ambassade. Eg kjende på adrenalin som kokte, engasjement, sinne. Utanfor ambassaden hamna eg i fyrste rekkje. Eg hugsar at vi prøvde å komme oss inn på ambassadeområdet, men blei stoppa. Eg hadde glatt blitt med på den sivile ulydigheita det hadde vore om vi hadde klart det.

23. august 2021 okkuperte ein gjeng ungdommar frå ei gruppe som kallar seg Extinction Rebellion, Oljedepartementet sine lokale i Oslo. Dei kravde at den norske regjeringa snarast muleg sluttar å leite etter meir olje og at dei sluttar med oljeproduksjon innan 2025.

Sjølvsagt kom det reaksjonar. Forutseibare reaksjonar. Reaksjonar frå alle dei politisk korrekte (tenk at eg bruker dette omgrepet!) som heiar på oljeutvinning og bortforklarer all klimaendring som naturlege svingingar.

Frp sin innvandringspolitiske(!) talsperson, Jon Helgheim, var raskt ute og sa mellom anna på Twitter at aksjonistane ønskjer å legge ned arbeidsplassar som skaffar dei pengar så dei kan vimse rundt i klovnekostyme i arbeidstida og øydelegge for arbeidsfolk utan sjølve å bidra med noko konstruktivt.

Sylvi Listhaug var enda tidlegare ute. Ho prøvde seg til og med med humor og fekk merksemd i alle media med fylgjande oppmoding til unge miljøaktivistar: «Klipp håret og få deg ein jobb.»

Ho fekk forresten svar på tiltale frå ein av aktivistane, Arvid Gundersson, som kunne fortelje henne at han var nyklipt og at han i dei to siste åra har jobba med internasjonal skatterett. Han sa òg at å ikkje stoppe oljeproduksjonen ville vere eit svik mot Parisavtalen, framtidige generasjonar og alle dei som no er ramma av klimaforandringar.

Igjen fekk eg assosiasjonar til mi eiga ungdomstid. Eg var student og kom heim på ferie til Vågsvåg i Ytre Nordfjord med temmeleg langt hår. Mor mi var ikkje glad, for å seie det mildt. «Du viser deg ikkje ute blant folk før du har klipt håret,» var hennar velkommen-heim-replikk. Ho såg nok føre seg at neste stopp for meg var rennesteinen og nålestikk i armen.

Trass i mitt opprørske hår fekk eg meg både utdanning og jobb, og denne gamlisen nektar å bli med i hylekoret. Eg nektar å svare på «meiningsmålingar» på Twitter om vi trur aktivistane øydelegg for dei raudgrøne og saka; Ja eller nei? Desse ungdommane er ikkje ein trussel mot demokratiet. Dei er ikkje «klimafascistar», som ein av dei politisk korrekte klarte å lire av seg.

For meg er engasjerte, utålmodige ungdommar ein mykje større verdi i det lange løp enn oljepengar. Eg er ikkje alltid einig med dei, men ikkje prøv å fortelje meg at dei skadar noka sak. Dei er saka.

Når FN sin nye klimarapport blir omtalt som «Kode rød for menneskja på jorda» og hevdar med styrke at klimautfordringane må handsamast som ein umiddelbar trussel, då trekkjer dei ikkje på skuldrene og tenkjer «business as usual».

Då kjem dei ikkje med bortforklaringar om at klimaforskarar er kjøpte og betalte av maktmenneskje som vil oss vondt og at naturen konstant er i endring. Då handlar dei. Fordi dei er redde. Fordi dei ser skrifta på veggen. Fordi dei vil skape levelege tilhøve for kommande generasjonar. Fordi dei til si fortviling ser at mange politikarar ikkje forstår alvoret i situasjonen.

Vi har mange døme på sivil ulydigheit i forsøk på å stoppe demokratiske vedtak. Alta-aksjonen er truleg den mest omfattande vi har sett. Elve-aksjonistane tapte mot myndigheitene. Likevel sigra dei. Dei var med på å legge grunnlaget for eit miljøengasjement som heldigvis veks seg sterkare og sterkare og som er viktigare enn nokon gong.

«Ungdommen no til dags vil ha luksus, har dårlege manerar, fornektar autoritet, har ingen respekt for eldre menneskje, motseier foreldra og tyranniserer lærarane sine,» sa den greske filosofen Sokrates for om lag 2450 år sidan.

Er det ikkje snart på tide at vi gubbar og gubbinner av alle slag sluttar å klage og syte og snakke ned dei unge. Dei fortener applaus for engasjementet sitt. For at dei bruker ytringsfridomen og talar makta midt imot. For at dei er utålmodige menneskje som ikkje har tid til å vente på at vaksne skal få ut fingern.

Dei får i alle fall langt kraftigare applaus frå meg enn hersketekniske, strigla PK-politikarar som ikkje forstår at kloden vår kan ende opp som Titanic om vi ikkje endrar kurs.

Mer fra: Debatt