Debatt

Denne valkampen bør me lyfta blikket

Dei små og store utfordringane her i Noreg må me sjølvsagt bry oss om, men verden er i ei global krise, som rammer verdens aller fattigaste hardast akkurat no.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Me alle merkar at valkampen er i full gang. Alle partier arbeidar med å selge si problembeskrivelse om Norges utfordringar. Mitt mål for denne valgkampen er å snakke mindre om aukte bensinpriser og meir om dei menneska som verkeleg treng politikk. Eg håpar me denne valgkampen evnar å lyfta blikket.

Det er usolidarisk når ein av kjepphestane til FrP og Senterpartiet er billigere bensinpriser dette valet. Verden er i ei pandemikrise, som har utløyst ei svoltkrise, utdanningskrise, demokratikrise og eit utval av andre globale kriser. Dei små og store utfordringane her i Noreg må me sjølvsagt bry oss om, men verden er i ei global krise, som rammer verdens aller fattigaste hardast akkurat no.

Noreg har vore eit føregangsland på bistand lenge, mykje på grunn av KrF sin gjentatte seier om å oppretthalde 1% av BNP (Brutto Nasjonal Produkt) til bistand. Faktum er at norske bidrag innan kompetanseutvikling i U-land og finansiering av bistandsprosjekt retta mot fattigdom og utdanning hadde stor framgang, men så snudde pandemien alt på hovudet.

Etter meir enn 30 år med positiv utvikling aukar nå antall fattige kraftig. Antallet som lever i svolt er meir enn dobla. Millionar av jobbar er forsvunne, mange sårbare barn vil aldri komme tilbake til skolen og FN reknar med at det vil bli meir en 13 millionar fleire barneekteskap på grunn av pandemien. Svaret er ikkje å kutte i bistand som FrP vil, og det er heller ikkje å tviholde på ein overflod av vaksiner som Senterpartiet ikkje vil dele med dei som ikkje har. Svaret på store globale utfordringar, er å ta større globalt ansvar, og Noreg som føregangsland må gå foran.

Ein viktig start er å fortsette det internasjonale presset for å gi fleire vaksiner til utviklingsland, dette vil både vere bistand og sjølvhjelp ettersom ingen er trygge frå ein pandemi før alle er vaksinert. Å oppretthalde 1% av BNP til bistand, og prioritere langsiktig fattigdomstiltak i dei fattigaste landa blir også heilt sentralt for krisen verden står i.

Kvar enkelt har eit ansvar for å vekkja ein indre uro som forpliktar og forandrar. For å gje av vår overflod til organisasjonar som driv med bistandsarbeid, For å stemma på parti som bryr seg om dei globale utfordringane, og for å vera med på å opplyse dei rundt oss om krisene media gjerne lukkar auga for.

Mitt mål for denne valgkampen er enkel, eg vil prata mindre om aukte bensinprisar og irrelevante saker og meir om korleis me kan sikre at endå fleire kjem seg ut av svoltkrise, utdanningskrise og korleis me kan hjelpe menneske i nød.


Mer fra: Debatt