Debatt

22. juli derpå: Fritt fram for dei stygge orda igjen

Vi er attende i kvardagen. No er det fritt fram for dei stygge orda igjen. Orda som forsøplar og forureinar sosiale media og kommentarfelt.

77 roser ble lagt i vannet under ti årsmarkeringen for 22. juli-terroren ved minnesmerket på Lundsneset på Hundvåg.
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Vi har lagt 22. juli bak oss for denne gongen. Heile landet fekk vere med på ei verdig markering av ei av dei aller verste terrorhandlingane nokon gong på europeisk jord. Pårørande og overlevarar har modig og tappert latt oss få ta del i tragedien som ramma dei og trauma dei truleg må ha med seg resten av livet.

Vi andre fekk tørke tårer og sende sympati og varme tankar til alle som treng sympati og varme tankar.

No er alle dei fine orda om å @aldriglemme pakka bort for denne gongen. La oss håpe at dagen blei eit pusterom for dei som så sårt har bruk for eit pusterom. Dei som kvar einaste dag føler ondskapen frå terroristen puste dei iskaldt i nakken frå alle dei som meiner han hadde rett. At AUF og AP fekk som fortent.

Vi er attende i kvardagen. No er det fritt fram for dei stygge orda igjen. Orda som forsøplar og forureinar sosiale media og kommentarfelt. «Usunt av AP å utnytte 22. juli politisk ved å grave seg hatsk og forbitret ned i offerrollen,» skreiv ein i eit svar til meg på fjesboka 24. juli.

29. juni skreiv eg følgjande i Dagbladet i samband med at vi nærma oss tiårsmarkeringa for 22. juli: «Eg kjenner eg gruer meg til all jamenismen, gifta og faenskapen som vil sige opp til overflata og fløyme utover kommentarfelta».

Det blei verre enn eg hadde frykta. Eg har gjeve meg sjølv i oppdrag å gå inn i kommentarfelt som handlar om 22. juli og ta til motmæle mot jamenisme, gift og faenskap. Det er ei større oppgåve enn eg maktar å gjennomføre.

Ein kommentar som stadig går igjen, er at AP og AUF sjølve har ansvaret for terroråtaket fordi dei har ført ein politikk som fekk terroristen til å gripe til våpen. At terroren aldri hadde skjedd om ikkje AP hadde opna opp for innvandring og islamisering av Noreg. «De døde i en kulturkrig, som de sjølv har startet. Litt motstand må de tåle,» meinte ein.

Det merkelege er at dei let til å tru at det er AP åleine som har bidratt til innvandring i Noreg. Spørsmålet som melder seg når eg ser slike innlegg, er om dei meiner AP skulle ha ført ein meir terroristvennleg politikk? Burde dei ha tenkt då dei utforma partiprogrammet sitt, at dei måtte passe på at politikken deira blei akseptabel for nazistar og andre ekstremistar? Meiner dei at ekstremistar skal legge premissane for norsk politikk?

Ein annan skreiv: «Trodde mesteparten av terror i de fleste former blir skapt av politikken som føres og i ABB sitt tilfelle sannsynligvis av den sosialistiske og feilslåtte innvandringspolitikken.»

Dei styggaste kommentarane eg ser (heldigvis ikkje så mange), er dei som går til åtak på tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen («Utøya-bøgen» som han blei kalt i Fb-gruppa «Fedrelandet viktigst») fordi han var så freidig at han berga livet etter at han blei oppfordra til å komme seg bort frå øya fortast muleg. Som leiar av AUF, var han sjølvsagt hovudmålet for terroristen og ville heilt sikkert ha blitt drept om han hadde blitt. Enkelte tastaturklikkarar meiner tydelegvis at nazisten ikkje fekk drept nok folk på Utøya.

Dei mest vanlege kommentarane går på at vi må legge 22/7-terroren bak oss og at AP og AUF bruker tragedien som ledd i sin valkampstrategi. «No er det på tide det blir slutt på tullet med å framheve hendelsen på Utøya, det var kun en tragedie for dem som ble rammet,» uttalte ein på Facebook.

I sin tale på Utøya 22. juli sa Jonas Gahr Støre mellom anna at høgresida har eit spesielt ansvar for å kjempe mot høgreekstremisme. Det fekk høgreveteran Fabian Stang ut på glattisen. «I dag gjorde Støre tragedien 22. juli til partipolitikk,» skreiv han, og tilføydde: «Støre sa i realiteten at jeg og andre Høyre-politikere har et ansvar for de drap og lemlestelser terroristen begikk».

Stang fekk prompte svar på tiltale. Blant andre frå fleire Høgre-politikarar. Også Erna Solberg. Unge og lovande Sandra Bruflot parerte med at AP og AUF kan seie svært lite før dei anten får melding om at dei bruker 22. juli eller før dei får truslar mot seg.

Ikkje fullt så unge og lovande Sylvi Listhaug var derimot, ikkje overraskande, raskt ute med støtte til Stang. «Tror Stang gir uttrykk for det mange mener,» uttalte ho til VG.

I fleire kronikkar har eg påpeika at Sylvi Listhaug har ei høg stjerne i høgreekstreme miljø, og eg har oppfordra henne til å ta så klar og tydeleg avstand frå ekstremismen at ho mistar populariteten blant dei. Listhaug er faktisk den politikaren i Noreg som, om ho vil, kan bli aller mest effektiv i kampen mot høgreekstremisme. Eit tydeleg signal og eit fyrste steg frå hennar side, ville vere at også FrP går imot økonomisk støtte til HRS og høgreradikale Hege Storhaug.

Benjamin Hermansen sin skulptur på Holmlia blei nyleg tilgrisa med følgjande tagging: «Breivik fikk rett» Tilgrisaren er langt frå den einaste som hevdar det. Det verste vi kan gjere no når 22. juli markeringane er over, er å lene oss tifreds tilbake og tenke at det var det, at vi har gjort vårt. Det er no vi treng så mange som muleg til å ta til motmæle mot jamenisme, gift, faenskap og all slags ekstremisme som dukkar opp i det offentlege rom.