Debatt

Oppgjeret med Eurabia-tanke­godset må vera konkret

Breivik har alt fått éin oppfølgjar, Philipp Manshaus. Skal me hindra fleire, må me ta tankegodset på alvor, skriver Leiv Olsen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Me må ta oppgjer med 22. juli-terroren, blir det sagt, og gjentatt. Men det er ikkje nok å seia at me må ta eit oppgjer, me må gjera det — og då må me bli konkrete. Kva var det terroristen skreiv i manifestet sitt?

Anders Behring Breivik skreiv om «Eurabia» og påstod at det var ein konspirasjon mellom sosialdemokratar eller «kulturmarxistar» og islamistar. Hensikta var å snikislamisera Europa, og muslimske flyktningar var ein invasjonshær i denne konspirasjonen. Derfor var det både nødvendig og fortjenstfullt å bruka vold for å stansa invasjonen. Dette var begrunnelsen for terroren, og dette er tankegodset me må ta eit oppgjer med dersom me vil stoppa fleire terrorhandlingar — Breivik har alt fått éin oppfølgjar, Philipp Manshaus. Skal me hindra fleire, må me ta tankegodset på alvor.

Me fekk ikkje noko oppgjer i 2011, dels fordi psykiatrisk sakkyndige meinte heile tankegodset var galskap og ikkje kunne tas på alvor. Men Breivik var ikkje aleine med slike tankar. Mye hadde han henta frå Fjordmann, som i 2018 blei belønna med pris frå Fritt ord(!) Tankane florerer i skjulte nettfora, og ikkje bare der — Hege Storhaugs HRS er blant dei som ofte kjem med liknande utsagn. Tilmed framståande politikarar høyrest i blant ut som ekko av Anders Behring Breivik.

Ein av grunnane til at oppgjeret har uteblitt, er at folk har vore redde for å trakka Frp på tærne. Jensen, Listhaug og Helgheim er ikkje einige med terroristen. Då må dei heller ikkje ordlegga seg slik terroristen gjorde. Er det vanskeleg?

Meiner nokon seg misforstått, får dei forklara kva som er forskjellen på det dei seier og det som står i manifestet til Breivik. Kva er forskjellen på å snakka om «snikislamisering» og påstå at det finst ein konspirasjon for å islamisera Europa? Kva er forskjellen på å snakka om Ap som ei samling landsforædarar og påstå at Ap tar meir omsyn til muslimske terroristar enn til sine eigne landsmenn? Frp seier me må kalla ein spade ein spade. Klarar dei ikkje å snakka så klart at folk skjønner dei meiner noko heilt anna enn kva terroristen meinte, kan dei bare lasta seg sjølv.

Erna Solberg held kjeft når nokon av ministrane hennar har komme med utsagn som liknar på terroristens, eller ho har sagt at «eg ville ikkje brukt dei orda». Då Abid Raja tok til motmæle mot det han oppfatta som brunkanta ytringar, fekk han null støtte frå Erna, han fekk ikkje ein gong støtte frå sin eigen partileiar. Men unnfallenheten har gjort det stovereint å komma med ytringar om «snikislamisering» og «muslimsk fare». Unnfallenheten har gjort det utrygt å vera muslim i Norge og lettare å spre hatefulle ytringar om både muslimar, Ap og sosialistar generelt. Dette må det bli slutt på. Det er tankegodset frå Breiviks manifest me må ta eit oppgjer med. Me må reagera kvar gong nokon snakkar om snikislamisering, konspirasjon mellom sosialistar og islamistar, muslimsk invasjon eller muslimsk fare. Og me må ikkje seia at folk «trekker folk 22. juli-kortet» når dei reagerer på hetsen. 22. juli-kortet har blitt trekt altfor sjeldan.

Skal me ha null-toleranse for noko, må det vera for påstandane i Breiviks manifest.

Mer fra: Debatt