Debatt

Vi har kome langt i Noreg, men homokampen er definitivt ikkje over

Amundsen som deltakar i Pride-markering ville vere som å høyre Sissel Kyrkjebø synge skjærande falskt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jarl Wåge

Homofile som påstår at homokampen er vunnen ein gong for alle; der har du ein gjeng. Dei vil heller sitte heime og nyte fridomen frontkjemparar har kjempa fram og nippe til Chablis frå høge stettglas enn å ta til gatene. I deira auge er Pride med sitt fargerike mangfald ei skrullegreie som set homofile i eit dårleg lys. Dei fattar ikkje at utan dette mangfaldet sin innsats, hadde dei ikkje hatt den fridomen dei no kan nyte.

Dei er ikkje åleine om slike tankar. «Jeg feirer ikke Pride,» skreiv tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen nyleg på Facebook. «Gudskjelov,» var min spontane reaksjon. «

Amundsen reknar opp fleire muslimske land der det er dødsstraff for homofili. Så kjem han med den absurde påstanden om at Pride ikkje kan tillate seg å kritisere Islam! Han seier vidare at for han vil ikkje Pride og Fri få truverdigheit før dei tar affære med situasjonen i desse totalitære regima.

Det som likevel er verst for Amundsen, er, som han seier, at Pride og Fri «har fått tilgang til å påvirke våre barn med sin radikale ideologi. Det må stoppes.» Sagt på ein annan måte som har blitt svært så gangbar i det siste: Det må bli slutt på å drive med propaganda for homofili.

Noko liknande sa Rosenborg-trenar Åge Hareide i ein kommentar til at München ville lyse opp fotballstadion i regnbogefargar då Tyskland skulle spele EM-kamp mot Ungarn der. Tiltaket skulle vere ein lysande reaksjon på antihomolover som nyleg blei vedtekne av den ungarske nasjonalforsamlinga.

«Man bør holde idretten helt fri for politikk og andre propagandasaker,» var Hareide sin påstand. «Pride er på mange måter propaganda for at folk skal være glade i hverandre,» føyde han til. Hareide modererte seg riktignok same dag etter at utspelet hans blei møtt med ei bølgje av kritikk.

Det ungarske parlamentet har med stort fleirtal vedteke ei lov som forbyr det dei kallar homofil propaganda retta mot barn og unge. Det har blitt forbode å undervise om homofili i skulen. I sin ytterste konsekves vil lova innebere at det blir forbode å vere open homofil i landet.

Vi ser liknande tilstramming overfor homofile i Polen. Der har ei rekke kommunar ganske enkelt erklært seg som homo-frie soner. Allereie i 2013 vedtok Russland anti-homo-lover som går ut på det same som dei ungarske.

Vi ser at historien gjentar seg. Allereie i 1988 fekk Margaret Thatcher i Storbritannia vedtatt Clause 28 som forbaud «promotion of homosexuality».

Det absurde er at bakgrunnen for desse anti-homo-lovene er ein forskrudd idè om at «homo-propaganda» vil føre til at fleire blir homofile. Som om legning er noko ein veljer på same måte som ein veljer farge på huset sitt. Dei som er redde for at regnbogeflagg og opplysing om homofili kan få folk til å skifte fil, må verkeleg vere usikre på eigen seksualitet.

Forfylgjing av homofile er dessverre ikkje noko nytt fenomen. Medan sex mellom personar av same kjønn ikkje var tabubelagt i Antikkens Hellas og Romerriket, endra det seg radikalt då Kristendomen og Islam gjorde sine inntog i land etter land. Medan kristne stort sett har klart seg med å dømme homofile til helvete og kriminalisere homoseksuelle handlingar (avkriminalisert i Noreg i 1972), har dei gått mykje hardare til verks i mange muslimske land der ein, som Amundsen nemner, kan bli dømde til døden for homoseksuelle handlingar. I tillegg er det enda mange fleire statar der homoseksualitet kan gje mangeårige fengselstraffer. Ja, enda til livstid.

Pride er sjølvsagt ikkje, som enkelte let til å tru, ein vervekampanje, men ei fargerik feiring av kjærleiken, mangfaldet og fridomen til å elske den ein vil. Pride handlar også om solidaritet med homofile i muslimske land der det er livsfarleg å vere den ein er, og i land som stadig strammar inn på skeive sine rettigheiter.

I ovanmemnte fjesbokinnlegg skriv Amundsen også at det er lettare for Pride å snakke om mangfold så lenge det ikkje kostar noko enn å ta opp situasjonen i muslimske land. Som om kampen ikkje kostar. I mange tiår har modige menneskje stått på barrikadane mot fordommar, diskriminering og undertrykkjing og for avkriminalisering, partnerskapslov, retten til å gifte seg og å adoptere barn. Så lenge FrP har eksistert, har dei innbitt kjempa imot alle lovene som har sikra homofile likeverd og likestilling.

Vi har kome langt i Noreg, men homokampen er definitivt ikkje over. Det må kjempast mot fundamentalistiske muslimar, også i Noreg, med forstokka, middelalderske, barbariske idear om dødsstraff for å vere den ein er. Mot mørkemenn og -kvinner som vil helbrede homofile og sende dei uhelbredelege til helvete. Mot norske politikarar som ser på Pride som ein fare for barna våre. Mot homofobi og forakt.

Det er like sikkert som amen i kyrkja; kvart einaste år når regnbogeflagga blir henta fram, dukkar sinnet mot Pride opp. Deltakarane driv visst både med propaganda og ein slags omvendt aversjonsterapi. Det blir vel vareopptelling etter kvart. Så får vi sjå kor mange svake-i-heterotrua det er som har blitt omvende i år.

Medan oppteljinga pågår, kan vi andre fundere over følgjande spørsmål: Vil Per-Willy Amundsen at Noreg skal ta imot homofile som flyktar frå muslimske land for å redde livet eller vil han hjelpe dei der dei er?







Mer fra: Debatt