Debatt

EØS har tjent EU godt

EØS gjer oss stadig meir avhengige av EU, og har ført til eit underskot i samhandelen med EU, eit underskot som bare aukar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

EØS har tjent Norge godt, får me ofte høyra, men er det sant? Tala viser tydeleg at samhandelen mellom fastlands-Norge og EU har blitt stadig meir negativ i åra med EØS-avtale.

Mens den norske eksporten auka under åra med handelsavtalen frå 1973, blei utviklinga annleis etter at EØS-avtalen trådde i kraft.

No er det EU som tjener på utviklinga: Norge har blitt ein av dei viktigaste marknadene for EU-landa, og sjølv om norsk eksport har halde fram å auka i absolutte tal, har samhandelen, når det gjeld fastlands-Norge, snudd frå norsk overskot til norsk underskot — eit stadig større underskot.

Sjølv når me tar med norsk eksport av olje og gass, blir det bare omtrent balanse i rekneskapen, utan olje og gass er underskotet i dag alarmerande stort.

Dette kom tydeleg fram då Rogaland Nei til EU inviterte NHO og AgriAnalyse til konferanse om fastlands-Norges eksport til EU. Det var full semja om tala, og kva tala viste, sjølv om debattantane var ueinige om kva som bør gjerast.

Min konklusjon er at EØS ikkje ser ut til å ha tjent Norge særleg godt. EØS gjer oss stadig meir avhengige av EU, og har ført til eit underskot i samhandelen med EU, eit underskot som bare aukar. Men det er fullt mulig å gjera noko med det.

Me kan seia opp EØS-avtalen. Handelsavtalen frå 1973 gjeld enno, og om me ønsker det, kan denne avtalen forbetrast i nye forhandlingar.

Mer fra: Debatt