Debatt

Å handla okkuperte varer frå Israel er uetisk

Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune bør ta stilling til uretten.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Stavanger kommune og Rogaland Fylkeskommune bør ta aktiv stilling til Israels brutale okkupasjon av palestinske område, og ikkje gje støtte til selskap som profiterer på denne. Innkjøpsreglementet vårt bør sei klart at me ikkje vil bidra til okkupasjon og overtramp mot menneskerettane og internasjonal lov og rett.

Israel har igjen vist at dei ikkje respekterer internasjonal lov og rett. I den siste krigen mot Gaza i mai i år blei 65 palestinske barn drepne. For barn i Gaza er bomberegn ikkje noko nytt, det har vore tre større israelske krigar mot Gaza og fleire åtak bare dei siste 12 åra. Flyktninghjelpen rapporterte at fleire av barna som blei drepne deltok i eit program for å handtera traumer og mareritt. Gaza blir med god grunn kalla verdas største fengsel, kor 2 millionar innbyggarar er stua saman på eit område ikkje stort større enn Stavanger, utan å kunna reisa ut derfrå, og utan å kunna beskytta seg mot israelske bomber.

Krigen i mai starta med ein konflikt i Sheikh Jarrah i Jerusalem-området, ein konflikt som godt illustrerer situasjonen palestinarane lever i. Då staten Israel blei oppretta i 1948 blei rundt 750 000 palestinarar sende på flukt, og i dag er dei og etterkommarane deira blitt til fem millionar flyktningar. Opprettinga av staten Israel var basert på etnisk rensing av palestinarane, og okkupasjonen av Aust-Jerusalem, Vestbreitta og Gazastripa i 1967 har utvida området for denne politikken.

Internasjonal rett seier at okkupantstaten ikkje skal flytta delar av befolkninga si inn i dei okkuperte områda. Det som skjer no er at Israel sidan 1967 har flytta mange hundre tusen av befolkninga si inn i dei okkuperte områda, og med det lagt beslag på ressursar som vatn og land, i tillegg til at infrastrukturen laga for busettarane hindrar palestinarane å bevega seg fritt. Vegar som berre dei israelske busettarane kan bruka, militære sjekkpunkt og store nye byar som palestinarane ikkje har tilgang til, har gjort dei palestinske områda til eit lappeteppe der det som før var ein kort svipptur, no er ei kanskje umogleg reise som må planleggast i god tid. Oslo-avtalen som skulle legga grunnlaget for ei tostatsløysing gjorde ikkje det, i staden har talet på busettarar over dobla seg frå dei nærmare 300 000 som var i 1993. Dei israelske busettingane på Vestbreidda fører til ei permanent endring av landskapet, og øydelegger livsgrunnlaget for palestinarane. I Jerusalem har busettingane preg av vanlege bydelar, noko som gjer fordrivinga mindre synleg. Men palestinarane i Jerusalem kjempar ein dagleg kamp for å ikkje mista landet sitt og huset sitt. Det er dette dei palestinske innbyggarane i Sheikh Jarrah opplever no, dei blir forsøkt kasta ut av aggressive busettar-organisasjonar som ønsker å fjerna palestinarane frå området. Desse busettarorganisasjonane fungerer som ein spydspiss for den israelske utvidinga av territorie. I dette tilfellet har dei gått til retten for å få støtte, og israels aphartaid-rettsystem har då gitt dei støtte i dette. I andre tilfelle ser ein at ekstreme busettarorganisasjonar setter opp såkalla utpostar i okkupert område, og så må det eit stort støtteapparat frå den israelske hæren til for å beskytta dei. Og etter kvart utviklar det seg til ordinære busettingar, der folk bur og anten jobbar i bedriftar i busettingane, eller pendlar sømlaust tilbake til Israel på vegar forbeholdt israelarar, over palestinsk jord.

Busettingane er ein viktig del av den israelske økonomien, og det er jo desto verre å tenkja på når ein veit at ressursane dei brukar høyrer til dei okkuperte palestinarane. Det er bruk av vatn og land til å dyrka landbruksvarer, men også bruk av underbetalt palestinsk arbeidskraft, arbeidarar som er tvungne til å jobba for desse selskapa fordi okkupasjonen kveler palestinsk økonomi. Og det er selskap som bidrar til å bygga ut okkupasjonen, gjennom bygging av busettingar, bygging av militære sjekkpunkt og installasjon og utvikling av ulike måtar å overvaka palestinarane på, i tillegg til vapen brukt mot palestinarane. Norsk Folkehjelp og Fagforbundet har i desse dagar ei kampanje for å trekka Oljefondet ut av okkupasjonen av Palestina, og lista over selskap er lang.

Stavanger kommune og Rogaland Fylkeskommune bør ta stilling til uretten palestinarane opplever. Ein måte me kan gjera det på er å innføra eit innkjøpsreglement som seier at kommunen ikkje skal kjøpa varer og tenester produsert i okkupert område, eller frå selskap som tener pengar på å operera i okkupert område. Kommunane i Noreg gjer innkjøp for milliardar av kroner kvart år og har med dette stor innkjøpsmakt. Viken Fylkesting vedtok i februar i år at dei ikkje skal «kjøpe varer eller tjenester som er produsert i/på områder okkupert i strid med folkeretten». I fjor gjorde Innlandet fylkeskommune eit liknande vedtak. Nordland fylkesting og kommunestyra i Tromsø, Trondheim, Hamar, Lillehammer, Vaksdal og Rælingen har også gjort tilsvarande vedtak.

Mer fra: Debatt