Debatt

Fisken sel vi utan EØS. Alternativet finst.

Eit overveldande fleirtal av det norske folket vil ikkje styrast av EU, men trur vi må ha EØS-bindinga til EU-systemet for å få selt fisken. Det er ikkje sant.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Anders M. Andersen, Nedstrand

Kva har vi når vi ikkje har EØS? Det spørsmålet må vi ha svar på. Ja og har vi svar på. Dette står i EØS-avtalen: Når EØS ikkje lenger gjeld, gjeld frihandelsavtale vår frå 1973. Mange veit ikkje det. Veit heller ikkje Senterpartiet dette?

Dei to som førde forhandlingane den gongen, var landbruksminister Hallvard Eika og forhandlingsleiar Jens Evensen. Dei fekk til det forhandlarane i år ikkje fekk til med Storbritannia. Statsråd Eika og forhandlingsleiar Evensensen forhandla slik at fiskeeksport ikkje vart kopla mot import av jordbruksvarer. Avtalen sikra fiskeeksporten og skjerma jordbruket. Denne avtalen gjeld stadig, med eller utan EØS.

Eit overveldande fleirtal av det norske folket vil ikkje styrast av EU, men trur vi må ha EØS-bindinga til EU-systemet for å få selt fisken. Det er ikkje sant. Vi treng ikkje EØS for å få selt fisken og anna vi sel til EU-landa.

Dei som får folk til å tru dette, vil det fleirtalet av folket ikkje vil. Dei ønsker å gje frå oss sjølvråderetten. Dei vil melda oss inn i EU., men torer ikkje. Det har dei prøvt på to gonger, og tapt. Og folket står fast, vil ikkje inn i EU. Særleg Erna Solberg, statsministeren, tek opp att og opp att: utan EØS får vi ikkje selt fisken. Det blir ikkje sant av at det er ho som seier det. Er Sp òg uvitande om frihandelsavtalen, at den gjeld? Er det grunnen til at Vedum og andre ikkje har stoppa Erna Solberg? Har Sp vore mot EØS utan å ha dette alternativet klart? Slik får Emilie Enger Mehl (Sp) det til å sjå ut når ho etterlyser alternativ frå regjeringa? Det er å venta på noko som aldri kjem. Alternativet for Høgre er medlemskap.

Nei-sida kan vinna fram ved er å læra av ja-sida. Ja-sida prøver ikkje på det dei ikkje får til. I staden legg dei energi, finanstilsyn, post og jernbane inn under EU. Det same kan nei-sida gjera. Ta ei og ei sak; få vekk ordningar og reglar det norske folket er inderleg imot. Når det blir klart at norsk lov og norske avtalar kan gjelda, at fisken får vi selt uansett.