Debatt

Dette er heimen vår

Me bur på ein stad me har vald å bu.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jostein Eiane, Stavanger KrF

Me bur på ein stad me har vald å bu og bur åleine eller saman med andre me ynskjer å dele bustad med. Bustaden passar til oss og inneheld det som er naudsynt i det daglege. Den ligg slik til at kvardagen går i hop.

Det som står ovanfor gjeld mange av oss, men ikkje alle. Stavanger kommune skal i løpet av hausten revidere bustadsosial handlingsplan eller rettare sagt; tre planar i Finnøy, Rennesøy og Stavanger skal samlast i ein plan for den nye kommunen. Innhaldet i den nye planen får stor verknad for dei som treng den hjelpa kommunen kan gje for å skaffe seg bustad. For mange blir den kommunale bustaden heimen i lang tid, kanskje livet ut.

For å spare pengar eller legge godt til rette for tilsette, planlegg mange kommunar større bufellesskap og legg opp til samlokalisering av svært ulike grupper på ein uheldig måte. Stavanger må ha ein ambisjon om å lytte til dei som treng ein heim, når nye planar skal lagast og tenke tidleg på kommunale behov når nye bustadområde skal etablerast. Resultatet vert då, som Husbanken også tilrår, at ein unngår institusjonsliknande preg og butilhøve som er vanskeleg å finna seg til rette i.

Når ein har budd ein stad over tid føler ein gjerne at her høyrer ein til. Då er det særs viktig at ein er trygg på dei ein bur saman med eller har som næraste naboar. For mange er den kommunale bustaden ikkje den fyrste og då kan tilknyting til ein stad også være viktig. Den nye kommunen Stavanger har ein heilt annan geografi enn gamle Stavanger kommune. Det er større avstandar og mange fleire bur på øyar. Det gjer at geografi må vektleggjast sterkare i den nye planen, slik at ikkje folk mot sin vilje vert flytta til stader dei ikkje kjenner eller ikkje ynskjer å bu. Dette gjeld også for mange som ikkje har så lett for å uttrykke dette sjølv. Kontakt med pårørande eller gjerne skjøre nettverk kan ta skade om ein ikkje tek omsyn til det å høyre til.

Mange som slit med å skaffe seg bustad sjølv gjer det med bakgrunn i utfordringar knytt til rus og sosiale tilhøve. Dette kan gje dilemma knytt til integrering og tryggleik. Det som gjev eit godt grunnlag for den enkelte med hjelpebehov, kan skape reaksjonar og opplevast truande for nærmiljøet. KrF sitt utgangspunkt er at ingen skal vere utan bustad og det er fellesskapet sitt ansvar å planlegge så godt at det ikkje vert grunnlag for uro i etablerte bumiljø. Så ligg det også eit ansvar hos oss alle med å bidra til godt naboskap med rom for at me er forskjellige.

Det er eit stort tal bustadar det skal lagast ein plan for. Stavanger eigde om lag 2600, Rennesøy hadde 60 og Finnøy vel 50. Det seier seg sjølv at med så mange einingar må ein halde seg klar kompliserte løysingar med stort behov for vedlikehald og heller i stor grad nytte vanlege bustadar der kommunen kan kjøpe og selje etter behov. Då vert kommunen sine heimar del av eit levande lokalsamfunn med varierte bustadar og ikkje område som vert oppfatta som «kommunale». Sjølv i Rennesøy var ein bevisst på at ikkje alle skulle være i Vikevåg der det var kort veg til kommunehuset og andre tilsette.

Har kommunen eit tilbod om bustad til dei som treng det? Der er godt kjent at helse- og omsorgstenesta i Stavanger innvilgar tenestar og bustadar kommunen ikkje har kapasitet til å gje. Dette har vore særs vanskeleg i samband med pandemien, men var også eit problem før. Det er avgjerande viktig at planen gjev eit rett bilete av dette slik at omsynet til dei som treng det ikkje vert sett til side grunna manglande oversikt. Omsynet til barn og unge, og avlastning for dei som har store omsorgsoppgåver er ein viktig prioritet for KrF.

Mer fra: Debatt