Debatt

Mykje å leve for heile livet

KRONIKK: Stopp litt og tenk: Korleis vil eg ha det når eg blir eldre?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Anne Kristin Bruns, leiar i Stavanger KrF, og medlem i utvalg for helse- og velferd.

For mange av oss kan eldrepolitikk virke fjernt. Men stopp litt og tenk, korleis vil eg ha det når eg blir eldre? Korleis skal livet mitt levast? Kva kan mine erfaringar brukast til?

Eldre er rike på livserfaringar og er ein stor ressurs for samfunnet, og skal kunne leve sjølvstendige, aktive, trygge liv og halde seg friske så lenge som mogleg. Det gir livskvalitet å få vere ein aktiv samfunnsborgar heile livet. Komande eldregenerasjonar vil vere friskare, ha betre utdanning og betre økonomi enn nokon tidlegare generasjon. Eg ser berre på dei eldre eg sjølv er i kontakt med, kor spreke dei er. Mange eldre opplever einsemd, og i denne tida med pandemien har dette kome tydelegare fram. Ein eldre mann eg nyleg snakka med sa at livet har blitt så stille i denne tida. Dei faste tinga eg deltok på er stengt og eg møter ingen. Heldigvis blir det sakte, men sikkert fleire vaksinerte og tilboda kan opnast opp att.

Stavanger kommune driv sjølv og støtter økonomisk fleire eldresenter og dagtilbod. Desse sentra gjer ein svært viktig jobb nettopp på å førebygge einsemd og stimulere til aktivitet.

Auka samarbeid mellom eldresenter og frivilligsentralar vil vere positivt, også for mange eldre som sjølv ynskjer å bidra med frivillig innsats. Tenk så spennande å samlokalisere til dømes seniorsenter og fritidsklubbar som kan bygge relasjonar mellom generasjonane.

Vi treng fleire slike gode nabolag.

—  -

Heimen er viktig for oss alle, og eg trur at dei fleste av oss har ein draum om å få bu heime heile livet. Då må vi gjere tilpassingar i eigen bustad for å møte behova som melde seg når vi blir eldre. KrF vil jobbe for at det blir etablert nasjonale støtteordningar gjennom Husbanken for dette behovet. Mange eldre bur åleine og har behov for bufellesskap og generasjonsbustad. Då meine vi i KrF at det må bli stimulert til bygging av fleire bustader med servicefunksjonar, lettstelte leilegheiter, bustader og «seniortun», der bebuarane kan ha fellesfunksjonar. Kommunane bør etablere rådgivingstenester for bustadstilpasning slik at vi som bur her kan setje i verk endringane sjølv.

Kommunane bør også utarbeide planer for ei samanhengande omsorgstrapp, der det å kunne bu heime, få heimesjukepleie, tilbod om dagsenter, dagtilbod i institusjon, omsorgsbustad, bustad med heildøgns omsorg og pleie og sjukeheimsplass er dei naturlege trinna. Då meine KrF at ein naturleg samansetting på tvers av generasjonar i omsorgstrappa er ein styrke både for livskvalitet og livsmeistring.Omsorg+ er eit eksempel på eit konsept med omsorgsbustader for eldre som ikkje har behov for sjukeheimsplass, men som har utfordring med å klare seg i eigen bustad. Det kan til dømes vere tilpassa leilegheiter som er bygd rundt fellesrom med moglegheit for ulike aktivitetar og sosialt fellesskap, og der det er bemanning heile døgnet i form av ein husvert. Ein annan modell er Vindmøllebakken som er her i Stavanger. Her er det mogleg både for barnefamiliar og pensjonistar å knyte band og vere til hjelp for kvarandre. Vi treng fleire slike gode nabolag på tvers av generasjonar.

Vi veit at teknologien kan forenkle ein del funksjonar og frigjere oppgåver, men det er viktig å understreke at teknologien ikkje må erstatte den menneskelege kontakten. På desse områda vil KrF ha ein kraftig auke i satsinga på innovasjon innan velferdsteknologi og hjelpemidlar.

Talet på menneske med demens framover vil auke. For at personar med demens skal kunne bu heime så lenge dei og deira pårørande ynskjer det, må tenestetilbodet bli tilpassa deira behov for hjelp, støtte og avlastning, også i heimen. Pårørande omsorg vil vere viktig å utvikle i åra som kjem. Korleis skal vi verdsette den usynlege omsorga som svært mange pårørande gjer? Kva støtte og oppmuntring treng ikkje nettopp denne gruppa? Mange oppleve sorg når den næraste har ein begynnande demens. Både før og etter institusjonsinnlegging bør individuelle planer bli brukt i mykje større grad for personar med demens. Mange treng heildøgns pleie og omsorg i små familiære einingar som er tilrettelagt for demenssjuke og deira behov for tryggleik, aktivitet og gode opplevingar.

Ideelle, private og frivillige aktørar er viktige for å bidra til eit heilskapleg tilbod, betre kvalitet og valfridom for brukarane. Når tenester skal anskaffast ved anbod, bør det bli vektlagt når organisasjonar leverer tenester med eit omfattande supplement av frivillige ressursar som aukar kvaliteten.

KrF meiner at fleire yrkesgrupper må inn på sjukeheimane for å skape pulserande kvardagsliv, men også for den menneskelege ressursen. Tenester må kunne bli bygd ut med eit betre samspel mellom familie, nettverk, naboar, lokalmiljø, frivilligheit og tenester. Ein eldrepolitikk for framtida.


Mer fra: Debatt