Debatt

Liten gut med stor sekk å bere

KRONIKK: Det verkar som om ein gløymte intensjonen om barnehagen inn i skulen, skriver Ingrid Eiane Setvik.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Ingrid Eiane Setvik, medlem i Stavanger KrF og mamma til Anders (5)

«Liden pjokk med skolesekken på, klar for fysste skoledag, det e ein evighed siå nå», sang Stavangerkameratene i Melodi Grand Prix-finalen i vinter. Heime har eg eit fargesprakande bilete òg frå «ein evighed siå», frå 1989. Meg i rosa genser og linjalklippa pannelugg. Kvart år blir nye barn tekne bilete av, denne merkedagen fyrste skuledag. Bilete med sekken på, klare for å fylle på ting å bere i sekken, både den på ryggen, og den me har inni oss. Kunnskap, visdom og livsmeistring. For mange barn er det ei stor omvelting frå barnehagens gode ramer, med leik, luft og aktivitet. Men like fullt ein merkedag. Ein dag å feire. Me skal få byrje på skulen.

Anders er 5 ½ år. Han skal starte på skulen til hausten, Ein liten gut. Enno med litt for stor sekk. Og ei mor med mange tankar, og nokre bekymringar, no når han om få månader skal reise aleine med skulebussen for fyrste gong.

Det er 24 år sidan reform 97, der ein skulle ta det beste frå barnehagen inn i skulen, og seksåringane skulle starta i klasserommet. Det første skuleåret skulle vera læring gjennom leik og fysisk aktivitet. Då «kunnskapsløftet» kom for 15 år sidan, i 2006, verka det som om ein gløymte intensjonen om barnehagen inn i skulen, og fokuset gjekk over på kartlegging, kompetansemål og stillesitjing.

I ei undersøking frå 2018 frå Respons analyse, kjem det fram at halvparten av lærarane seier at det for liten tid til leik i fyrste klasse. I staden for at leiken skulle takast med inn i skulen, ser me at skulen meir og meir skal inn i barnehagen, og ein startar allereie der med førebuing til skulestart.

Politikarane har gløymt leiken sin betyding gjennom reformane. Leik som ei svært viktig kjelde til utvikling, sosialisering, læring og relasjonsbygging. Forsking viser at mange barna strever med å tilpassa seg denne skulekvardagen med mykje stillesitjing og undervisning. Overgongen mellom skule og barnehage vert stor for mange.

Psykiater Stein Førde ved Rikshospitalet har i ein artikkel frå VG i 2018 skrive at barn mister ein viktig kommunikasjonskanal når leiken vert tatt vekk frå dei. Det er viktig for å uttrykke seg, og trene- og utvikle sosiale ferdigheiter og sjølvkjensle. Leiken er som mest relevant i 5-6-årsalderen, og når denne vert tatt bort, mister barna ein moglegheit til danning av personlegdom.

Ein kan heller ikkje vise til at ti-årig skule har betra kompetansenivået etter målsetjinga. Resultat frå internasjonale undersøkingar som PISA, PIRLS og TIMSS viser ingen tydeleg betring i norske elevar si lese- og realfagkompetanse etter innføring av tiårig skule.

Ein har altså tatt frå barna noko av det viktigaste dei har for utvikling og læring, og erstatta det med noko som ikkje fungerer etter målsetjinga. Då er det på høg tid å gjera nokre endringar.

Kvar helg no om våren, har partia si eiga helg til landsmøte, og får rikspressa og nasjonen sitt blikk retta mot sin politikk ei heil helg i trekk. I helga som kjem er det Kristeleg folkeparti som skal ha sitt landsmøte. Eit av forslaga til ny politikk handlar om dette. Å erstatta dagens 1. klasse med ein «førskuleklasse», med eit nytt, tryggare og meir fleksibelt første år på skulen, lik modellar frå andre land, der til dømes Danmark startar grunnskulen i nullte klasse.

Forslaget handlar om å få fokuset bort frå det så undervisningsfokuserte, og ta leiken tilbake til det første skuleåret. Det skal rettast inn mot læring gjennom leik og utandørs utforsking, med moglegheit for ein meir fleksibel oppstart, moglegheit for fridagar etter eige val, og mindre kartlegging det fyrste året.

Eg håper dette forslaget får fleirtal på KrF sitt landsmøte, og at dette kan vera starten på at ein ser på den inngongen norske barn har med skulen. Det er på høg tid at ein ser på kva barna våre har mista, når så mykje av den frie leiken er tatt bort. Eg håper at dette kan vera starten på å gje fem- og seksåringane våre litt av barndomen tilbake, og at dei kan få utvikla og læra meir gjennom leik og utforsking, enn stillesittande i eit klasserom.

Ein får tidsnok veksa inn i skulesekken sin.

Mer fra: Debatt