Debatt

Tommel opp og tommel ned

No har vi levd med pandemien mykje lenger enn vi kunne forestille oss. I over eit år har livet vore på vent. Eit år då vi har lært oss å seie: «Det er sånn det er no».

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

26. februar i fjor blei det fyrste koronatilfellet i Noreg registrert i Tromsø. 12. mars innførte regjeringa dei strengaste smitteverntiltaka nokon gong. Noreg blei meir eller mindre nedstengt.

På den tida sat eg koronafast i Las Palmas. I Spania hadde dei allereie innført portforbod. 20. mars fekk eg siste setet på eit SAS-fly til Oslo og fly vidare til Stavanger neste morgon. På flyplassen var det tusenvis som ville heim fortast muleg. Eg var omtrent den einaste med munnbind. Flyet var fylt til randa, og igjen var eg den einaste munninnbundne.

Kor uendeleg letta eg var då eg steig av flybussen på Jorenholmen og kunne trille dei to kuffertane mine heim. I det eg låste meg inn døra på Siriskjeret, kjende eg meg fri som fuglen sjølv om det bar rett i to vekers karantene.

No har vi levd med pandemien mykje lenger enn vi kunne forestille oss. I over eit år har livet vore på vent. Eit år då vi har lært oss å seie: «Det er sånn det er no».

Og sjå om det ikkje lysnar. Vi kan seriøst byrje å tenkje på eit liv etter pandemien. Etter påske blir vaksineringa intensivert. Prognosene går ut på at alle over 18 år vil vere vaksinerte i løpet av juli.

Vi kan seriøst byrje å tenkje på eit liv etter pandemien.

Sjølv om Erna Solberg hadde ei privat grunnstøyting så det ljoma blant snøkledde Geilo-fjell, er det tommel opp for ho, regjeringa og helsemyndigheitene fordi dei har styrt SS Noreg trygt over koronaopprørt hav.

Tommel opp for opposisjonspolitikarane som stort sett har klart å unngå å slå politisk mynt på ei spesielt utfordrande tid for landet vårt.

For alle førstelinje-arbeidarar som har gått den ekstra mila for oss alle og halde hjula i gang når det har røyna skikkeleg på.

For alle småbarn som har klart å tilpasse seg ein ny kvardag. Som automatisk går til antibac-dispensaren når dei kjem inn i ein butikk. Som har lært seg ord som kohort, vaksine og pandemi.

For større barn og ungdommar som tålmodig har funne seg i nettundervising og karantener. Som ikkje har fått henge med vennar og har opplevd minimalt med trening og andre aktivitetar.

For foreldre som har trådt til som «ekstralærarar og aktivitetsleiarar» og som saman med andre vaksne saumlaust har organisert heimekontor og kommunisert via nettet.

For alle som har blitt permitterte, som har hatt mindre inntekt og likevel har stått han av, som dei ville ha sagt i nord.

For alle som har følt forsterka einsemd og angst herje med psyken sin, men som har bite tennene saman og gått vidare.

For alle eldre og sjuke som har blitt isolerte og tålmodig må vente på oppmuntrande besøk frå oldebarn, barnebarn og barn.

For alle dei som har hatt lyst å gjere opprør, å bryte reglar, å gje blaffen, men som likevel lojalt har innfunne seg med nye sett levereglar fordi det rett og slett handlar om å leve.

Summen av all innsatsen er ein viktig grunn til at vi i Noreg så langt har sluppe relativt billeg unna samanlikna med mange andre land.

Men det er også tommel ned. For alle som på trumpsk vis har bagatellisert pandemien. «Bare 700 døde,» seier dei. «Det dør fleire i ein influensaepidemi.» Det viser bare at strenge smitteverntiltak har virka. I Sverige, som ikkje har hatt så strenge tiltak, er det godt over 13000 døde.

For sju Ap-politikarar som tykte det var ein god idè å nachspiele i ein hotellsuite i Bodø medan folk flest hadde tatt innover seg at slikt får vi vente med.

For Frp sin Jon Helgheim som fleire gongar har slått innvandrarpolitisk mynt på pandemien. No sist ved å påstå at skyhøg smitte blant innvandrarar gjer at gjestehamner i Noreg er stengde i påska så «vi andre ikke kan besøke en øde øy i Oslofjorden».

For alle som ikkje forstår at ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak. Som klagar på at menneskerettigheitene ikkje blir ivaretatt fordi reiserestriksjonar hindrar dei i å reise både hit og dit. Som går til rettsak mot staten fordi dei ikkje fritt kan dra til hytta sin i Sverige.

For alle som trur på absurde konspi-løgner om at koronaviruset ikkje eksisterer. At det er dikta opp så maktmenneskje kan ta kontroll over dei store massene. At det er spreidd av jødar som vil ha verdsherredømme. At vaksinene er ei gåve til korrupte politikarar så dei kan tene seg søkkrike. At dei er utvikla for å påvirke folk sitt DNA.

To tomlar ned for den illeluktande, brune lapskausen av høgreekstremistar, avblomstra hippiar og koronafornektarvaksinemotstandarar som for ikkje lenge sidan hamna i den sorte demonstrasjonsgryte foran Stortinget for å lufte konspirasjonsteoriane sine.

Høgreekstreme nytta høvet til å hate jødar i full offentlegheit. Hippiane ville vise at «What the world needs now» er fri kjærleik, dop og blomekrans i håret. Og resten av kostebinderiet? Tja, dei vel ville enda ein gong ut i gatene for å insistere på, som dei har lest seg til i mørke gøymer av internettet, at jorda framleis er flat.

To tomlar opp for det vesle, vakre, rare, gode landet vårt. For alle som har tatt innover seg alvoret og funne seg i til tider uklare reglar og tilsynelatande urettferdige tiltak og innstrammingar. Summen av all innsatsen er ein viktig grunn til at vi i Noreg så langt har sluppe relativt billeg unna samanlikna med mange andre land. Fellesinnsatsen er og hovudgrunnen til at vi kanskje i løpet av sommaren slepp stadig å gjenta: «Det er sånn det er akkurat no».

Mer fra: Debatt