Debatt

Kva skjer i skole-Norge?

DEBATT: Når ein lærar har fått tildelt ansvaret for å føra visse klassar gjennom visse fag, er det læraren sin jobb å syta for at elevane kjem igjennom pensum i desse faga og er kvalifiserte til å gå opp til ein eventuell eksamen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Bjørn Ove Hersdal, medlem av fylkestinget, Raudt Rogaland, Sara Mauland, medlem av opplæringsutvalet og 1. vara til fylkestinget, Raudt Rogaland, Kristian Mateo Norheim, 1. vara til opplæringsutvalet, Raudt Rogaland, Elin Freim, 2. vara til opplæringsutvalet, Raudt Rogaland, og Leiv Olsen, 3. vara til opplæringsutvalet, Raudt Rogaland

Tillitsvalde i skolen slår alarm i Stavanger Aftenblad onsdag 24. mars. Har dei grunn til det?

Tariffoppgjeret 2001 endra korleis lærarårsverket blei rekna ut på. I staden for å rekna at eit fag svara til ein viss prosent av eit lærarårsverk, skulle ein no tella timar. Det skulle vera ei reint teknisk omlegging, eit lærarårsverk skulle likevel vera det same som før. Samtidig blei noko av tida lærarane hadde til å førebu undervisninga, og følgja den opp med rettearbeid og anna, timeplanfesta, og i dei timane skulle lærarane vera pålagde å vera til stades på skolen.

Når ein lærar har fått tildelt ansvaret for å føra visse klassar gjennom visse fag, er det læraren sin jobb å syta for at elevane kjem igjennom pensum i desse faga og er kvalifiserte til å gå opp til ein eventuell eksamen. Hadde læraren utført dette, i fag som til saman utgjorde 100 % av eit årsverk, etter gamal reknemåte, hadde dei også gjennomført eit helt årsverk. Etter den nye reknemåten skulle lærarårsverket settast opp time for time gjennom heile året. Viste det seg då at ein enkelttime ikkje kunne gjennomførast, på grunn av eksamen, ein OD-dag eller andre fellesaktivitetar, blei timane rekna bort frå lærarårsverket. Ikkje fordi eksamensavviklinga la beslag på meir tid enn tidlegare, men fordi årsverket blei rekna på ein annan måte. Det som skulle vera ei reint teknisk omlegging, blei eit høve til å rekna bort timar og på det viset krympa lærarårsverket. Krympinga har skjedd litt etter litt, den har komme snikande.

Viss timar fell bort og derfor må reknast vekk frå lærarårsverket, så får vel heller ikkje elevane desse timane? Jo, det gjer dei, hevdar arbeidsgivar. Elevane får alle undervisningstimane sine, også når det ikkje er undervisning. Korleis går det i hop?

Når undervisninga i klasserom, på verkstad eller andre stader, skal føregå, må inn på ein timeplan. Men det omfattande førearbeidet frå læraranes side, og etterarbeidet i tillegg, som er sjølve grunnlaget for at elevane skal ha utbytte av timane, er ikkje mulig å talfesta presist. Kva læraren må gjera, og kor mye tid det tar, varierer frå fag til fag, frå klasse til klasse, frå år til år. Det er umulig å seia at det skal ta så-og-så mange timar eller skje klokka då-og-då. Men det er det skole-Norge no bir pålagt å gjera.

Den nye time-for-time-utrekninga av lærarårsverket har opna for kreative måtar å rekna på. Timar og eventuelt minutt som blir rekna bort, kan rektor bruka til å nytta lærarar som vikarar, utan ekstra betaling. Timane hadde falle bort på grunn av eksamen og anna, slik dei alltid hadde gjort, men det faktiske arbeidet lærarane utførte, hadde ikkje krympa, det blei bare krympa i reknearket. Slik kunne skolane spara pengar.

Gi lærarane oppdrag og utfordringar, men òg tillit.

—  -

I praktiske fag får elevane delar av opplæringa på arbeidsplassar. Kven er det då som gir elevane opplæringa? Faglærar er ansvarleg, gjer avtalar med bedrifter, held kontakten med dei og følgjer dei opp, og faglærar skal setta karakterar. Men faglærar er jo ikkje i lag med den enkelte eleven i samtlege timar når eleven er i bedrift, så kanskje faglærar får betalt for timar som ikkje blir utført? Best å krympa timetalet faglærar blir tildelt.

Arbeidsgivars iver fører til timeplanfesting av mye som ikkje er mulig å timeplanfesta. Den nitide timetellinga og kontrollen verkar demotiverande. Vil du ha tilsette med engasjement, må arbeidsgivar visa ansvar og gi folk tillit!


Arbeidsgivar vil i staden stimulera til ekstra innsats ved å gi indivuelle lønnstillegg til enkelte lærarar. Kva som kan gi tillegg, varierer frå oppgjer til oppgjer. Det skjer ei dreiing bort frå tillegg ut frå objektive kriterium og over til noko meir uføreseieleg og bingo-prega. Politikken verkar splittande og demotiverande.

Gi lærarane oppdrag og utfordringar, men òg tillit. Gå tilbake til det gamle systemet der kvart fag blei anslått til ein viss prosent av eit heilt årsverk. Å fastsetta presist kor mange timar ein lærar då må legga ned i arbeidet, ut over timane i klasserom og verkstad, er umulig, så prøv ikkje på det. Set opp ein plan over kva fag kvar lærar skal undervisa, og kor og når undervisninga skal føregå, og overlat resten til lærar i det enkelte faget. Det er dei som veit best. Det som var eit 100 % lærarårsverk før 2001, må på nytt bli eit 100 % årsverk. Og gi lærarane lønn ut frå objektive kriterium — då veit dei òg kva dei skal strekka seg etter.


Mer fra: Debatt