Debatt

Hans Nielsen Hauge – ein forretningsmann før si tid

DEBATT: Vi treng meir som Hans Nielsen Hauge næringslivet, som tek forvaltaransvaret på alvor.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Anne Kristin Bruns, leiar for Rogaland KrF Kvinner

Eg hugse fra min barndom at familien reiste til Devold-fabrikkutsalg i Ålesund og tok ut kle som vi fikk i byte for ull som vi hadde levert inn til fabrikken. Lite visste eg då at denne fabrikken var eit resultat av Hans Nielsen Hauge sitt virke for over 200 år sidan.

3. april i år er det nettopp 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd på Rolvsøy i Fredrikstad kommune. Det er framleis tydelege spor i Noreg etter Hans Nielsen Hauge si verksemd.

Han var ein forretningsmann før si tid, som gjennom si kristne tru trudde på eit bærekraftig næringsliv i eit solidarisk samfunn. Vi treng meir Hauge i næringslivet.

Hauge meinte at eit kristent samfunn skulle vere eit fellesskap av likestilte og likeverdige menneske. Han framsnakka kvinner og let dei både få leiaroppdrag og tale i forsamlingar. I sine skrifter har Hauge vorte oppteken av at samspelet mellom ulike yrker skulle tene heilheita i samfunnet. Ingen skal vere nødd til å tigge, lide naud eller vere utan arbeid, men alle skulle ha nok å gjere. Han nytta sjølv tida godt, der han strikka medan han gjekk gjennom bygdene, møtte folk, delte evangeliet og sin visdom.

Hauge sin visjon for samfunnet var solidarisk, samtidig som han vektla individet. Han står som eit lysande eksempel i norsk historie på moglegheitene for positiv forvandling av samfunnet som ligg i dei kristne grunnverdiane, når dei vert etterlevd i praksis. Og det er faktisk mogleg å meine at Hauge i praksis var ein føregangsmann for velferdssamfunnet Noreg.

I ei tid med liten sosial mobilitet i Noreg, var det ikkje underleg at Hauge hadde appell hjå dei han møtte. Det var noko frigjerande og myndiggjerande ved Hauge sin bodskap. Rørsla han skapte ga menneske håp om ei betre framtid. Han oppfordra med sin bodskap at alle kan bidra, både kvinner og menn, og han la vekt på alle sitt personlege ansvar for å bruke sine evne og talenta i den gode si teneste. Til saman skapte dette ei endring i mentaliteten til store deler av folket som var viktig i demokratiseringa av Noreg på 1800-tallet. Myndiggjering gjennom kunnskap er framleis ein viktig del av internasjonalt bistand- og utviklingsarbeid, så her kan vi trygt seie at Hauge var langt framfor for si tid.

Vi treng alle eit næringsliv inspirert av Hans Nielsen Hauge.

—  -

Det var viktig for Hauge at vanlige folk skulle kunne lese oppbyggeleg litteratur på eigahand. Han utfordra embetsstanden sitt kunnskapsmonopol, gjennom å skrive ei rekke bøker og trykke desse i stort opplag på eigne trykkeri.

Sidan lese- og skriveferdigheitane var dårleg mange stader, dreiv haugianarane med omfattande lese- og skrivetrening. Han lyfta også fram viktigheita av god allmennkunnskap i folket. Bøndene fekk tru på at dei kunne endre samfunnet, og etterkvart var det mange bønder på Stortinget.

Hauge var oppteken av den kristne sitt samfunnsansvar. Han gjorde seg til talsperson for arbeidarane sine rettigheiter: Arbeidsgjevar hadde plikt til å gje arbeidarane rettferdig løn i rett tid. Han viste folket at gjennom å stå saman og organisere seg kunne dei bidra til å endre strukturar i samfunnet. Venesamfunnet var viktig for framgangen.

Ofte såg Hauge nye moglegheiter til næringsverksemdar på stadane han besøkte. Motivasjonen var å finansiere rørsla og skape nye arbeidsplassar. Han leia sjølv oppretting av meir enn 30 bedrifter, mellom anna spinneri, gruveselskap, trykkeri, bokbinderi, rederi, salt-kokeri og handel. Hauge hjalp også til med finansiering, eller rekruttering av leiarar, til oppretting av ei rekke andre verksemder.

Eit levende eksempel er Devold-fabrikken i Ålesund. Devold-fabrikken har sine røter i industrialiseringa og haugianismen på slutten av 1700-talet. Den vart grunnlagd i 1853 av Ole Andreas Devold. Han grunnla også eit av landet sitt første kraftverk for elektrisk straum som gjorde at fabrikken i ei periode var sjølvforsynt med straum. Devold fekk på den måten det første elektriske lyset på Sunnmøre.

Vi står i dag overfor store utfordringar og næringslivet spele ei nøkkelrolle. Vi må omstille norsk økonomi for å møte klimakrisa og for å nå bærekraftsmåla. Det må også vere eit mål at varer som blir importert til Norge ikkje er produsert gjennom barne- og slavearbeid, andre kritikkverdige arbeidsforhold, eller måtar som true miljøet eller krenke menneskerettigheitane.

Vi treng eit næringsliv som tek forvaltaransvaret på alvor, slik Hauge gjorde: eit næringsliv som ikkje har økonomisk profitt som einaste mål, men som også utøve samfunnsansvar, som vise omtanke for alle sine tilsette, som tek ansvar for si næringskjede og vise forståing for at vi alle må ta eit personleg ansvar i dette livet.

Kort sagt: Vi treng alle eit næringsliv inspirert av Hans Nielsen Hauge.

Mer fra: Debatt