Debatt

Syndebukkpandemiar

DEBATT: Det eg veit som heilt sikkert, er at vi ikkje må falle for freistinga, slik Carl I Hagen gjer, å jakte på syndebukkar i kampen mot COVID-19. Det taper alle på.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jarl Wåge

Carl I Hagen får meg til tider til å føle meg som ein ungfole. Ja, det er så eg får lyst å seie til han: «Veit du, Carl Ivar, no skal ikkje du vere i hagen lenger. Det er på tide du klatrar opp i hornet ditt på veggen. Og blir der».

Samtidig får han meg til å føle meg som ein dødssliten Metusalem, og eg tenkjer at kanskje eg skal klatre opp i hornet mitt på veggen. Og bli der.

Kva skulle Carl I Hagen ha gjort utan innvandrarar? Og utan folk som lar seg rive med av hans stigmatisering av innvandrarar?

Det siste utspelet hans er så sjofelt at det er ein høgdare i hans anti-innvandrarkarriere: «Nå kan det se ut som om hele Norge stenges ned fordi innvandrerbefolkningen ikke bryr seg om influensapandemien,» skreiv han på Facebook. I ei setning klarte han det kunststykket å skjære alle innvandrarar over ein kam. Som om dei er ei einaste, stor, homogen gruppe som altså gjev blaffen i pandemien.

Ikkje kva som helst slags pandemi. «Influensapandemien», må vite. Som sin sjelefrende, Donald Trump, kallar han COVID-19 influensa.

Ikkje nok med at han meiner innvandrarar ikkje bryr seg. Han vil også vite bakgrunnen til dei som ligg på sykehus med COVID-19. Gjeld det flest nye landsmenn, blir det eit ess i ermet som viser at han heile tida har hatt rett: Vi skulle aldri ha tatt imot ein einaste innvandrar i vårt uskuldskvite, fagre land.

Tenk så spektakulært det blir om sykehusa sender ut informasjon om pasientane sine. Dagens legebulletin frå Ahus: «I dag åtte koronapasientar. Ein tredjegenerasjons pakistanar som ikkje brydde seg. To frå Syria som heller ikkje brydde seg. To polakkar som brydde seg litt og tre reinrasa, norske nordmenn frå Noreg som uforskyldt blei smitta i ein barnedåp.

Tru for all del ikkje at haustjakta er viktigaste jaktsesongen her på berget. Den heilkontinuerlege jakta på syndebukkar får alt anna til å sjå iut som leirdueskyting. Hagen jaktar på innvandrarar. Trump hadde Kina å skulde på. Det var ikkje hans skuld at hundretusenvis av amerikanarar døydde av «The China Virus», men Kina, Obama og demokratane sin feil.

Vi kan godt kalle det ein innvandrarpandemi. Viruset dukka opp i byen Wuhan i Kina. Så kom det vandrande gjennom land etter land. Det blei tatt skikkeleg på alvor her til lands då norske turistar vandra innatt til Noreg frå After ski i dei austerrikske alpar. Stinne av Glühwein og virus. Sjølvsagt kan vi skulde på dei. Eller fadderveker. Eller ulovlege festar i tilfluktsrom. Eller gjestearbeidarar som ikkje overheld karantenereglane. Eler innvandrarar som ikkje har kunnskap eller vilje nok til å ta smittevern på alvor. Men det stoppar ikkje viruset.

COVID-18 er den andre pandemien eg opplever. På 1980 og byrjinga av 1990-talet var eg midt i hiv-orkanens auge. Som homofil og som dagleg leiar av organisasjonen PLUSS, som blei stifta av HIV-positive, fekk eg ei innsikt i denne epidemien som var få forunt.

Her var syndebukkane det lettaste byttet ein kunne tenkje seg. Menn som hadde sex med menn. Smitten breidde seg fyrst i desse gruppene. Menn som endeleg hadde kjempa seg til ei viss grad av fridom, blei jaga under jorda igjen. Den nye homopesten. Viruset som tynna ut i rekkene av soparar. Dei nye spedalske som var smitta fordi dei hadde knulla. Verre kunne det knapt bli.

Kyrkjeleiarar snakka om HIV-viruset som Guds straffedom mot homofile. I USA sa ikkje President Ronald Reagan ordet AIDS offentleg før i 1985, fire år etter at viruset blei oppdaga. Då hadde 6000 amerikanarar døydd. Det var vel feil slags folk som blei ramma. Homoar og sprøytenarkomane var ikkje akkurat fyrstesortering.

Det var frykteleg å oppleve stigmatiseringa og å sjå kor redde HIV-positive var for å bli avslørte. Korleis mange heldt smitten hemmeleg for familie, vennar og kollegaer. I Pluss hadde vi hemmeleg adresse. Medlem måtte kjenne månadens passord for å sleppe inn i miljøavdelinga.

Det var frykteleg å sjå kor sjuke dei blei. Angsten. Fortvilinga. Å sjå viruset gradvis bryte ned immunforsvaret så heilt banale sjukdomar kunne bli dødelege. 60-70 menneskje eg kjende, vennar, medarbeidarar, ein kjærast, flotte, sterke, modige menneskje, bukka under. Gravferder blei ein del av kvardagen.

På verdsbasis har nærmare 40 millionar menneske døydd av AIDS-relaterte sjukdomar. Dei fleste heteroseksuelle i fattige land.

I løpet av vel eit år har 2 600 000 menneskje døydd av COVID-19. Men vi er optimistiske og trur at vi snart vil ha kontroll. På rekordtid har det blitt produsert ei rekke vaksiner som blir distribuerte i land etter land.

40 år etter at HIV-viruset dukka opp, fins det framleis inga effektiv vaksine. Tretten til fjorten år etter at det blei oppdaga, kom det medisinar som gjorde det muleg å leve med HIV, men som ikkje kunne helbrede.

I desse dagar går eg og kjenner på ei sorg og eit sinne og strir med følgjande kjetterske tankar: «Om HIV ikkje hadde vore eit syndebukk-virus som fyrst og framst ramma soparar, narkomane og fattige afrikanarar, om det, som COVID-19, hadde smitta kvarmannsen, hadde vi då for lengst hatt ei HIV-vaksine som kunne ha redda millionar av våre døde kvinner og menn?»

Det får vi aldri vite. Det eg veit som heilt sikkert, er at vi ikkje må falle for freistinga, slik Carl I Hagen gjer, å jakte på syndebukkar i kampen mot COVID-19. Det taper alle på.

Mer fra: Debatt