Debatt

Nøgde barnehageforeldre med Venstre

DEBATT: Målet vårt er å auke andelen barnehagelærarar til 50 prosent av dei tilsette, skriver Mette Vabø.

[object Object]
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Mette Vabø, medlem i utval for oppvekst og utdanning (V)

Ni av ti foreldre er nøgde med barnehagen under korona-krisa. Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at sjølv om koronaen har påverka kvardagen i barnehagen, er ni av ti foreldre nøgde med tilbodet barna deira får. No innfrir heile 99 prosent av barnehagane kravet til bemanning.

For meg og Venstre er det viktigaste at barna trivst og har det bra. Difor er eg glad for at så mange foreldre er nøgde. Det viser at dei tilsette gjer ein duganes og viktig jobb.

Vi ønskjer å styrkje kvaliteten i barnehagen. Da treng vi kunnskap. Difor valde regjeringa i 2016 å setje i gong ei foreldreundersøking for å styrke dialogen om kvalitet mellom foreldra og barnehagane. I dag går 272.300 barn i barnehage. 128.000 foreldre har svart på 2020-undersøkinga. Kva er så hovudfunna?

  • 93 prosent av foreldra er svært eller ganske nøgde med barnehagen. Det er det same som i 2019.
  • Foreldra er spesielt nøgde med at barna trivst og er trygge på personalet (97 prosent). I år er også fleire nøgde med hygienen enn tidlegare (88 prosent).
  • Foreldra er mindre nøgde med mattilbodet. I 2020 var 62 prosent nøgde, ned frå 76 prosent i 2019. Det kan komme av at fleire barnehagar har endra eller fjerna tilbodet om mat under koronasituasjonen.
  • Delen av foreldre som ikkje er tilfredse med bemanningstettleiken i barnehagane har gått ned frå 19 prosent i 2019 til 16 prosent i 2020.

Alt dette er bra, men Venstre vil vidare. Vi har høge ambisjonar for barnehagane. Vi skal ha fleire pedagogar i barnehagane. I følgje Utdanningsdirektoratet er stoda slik at 99 prosent av barnehagane fyller bemanningsnorma i 2020. Det er ein auke frå 94 prosent i 2019. I 2016, før norma vart innførd, fylte berre 55 prosent av barnehagane norma.

Venstre og eg meiner foreldre skal vere trygge på at barna trivst og får best mogleg oppfølging i barnehagen. Ein god start på livet er nøkkelen til like moglegheiter i skolen og samfunnet. Difor er eg glad for at tett på alle barnehagar no fyller bemanningsnorma og at fleire oppfyller pedagognorma. Det har vore ein viktig satsing for oss at alle barn skal få oppfølging av eit best mogleg fagleg kompetent personale.

Utviklinga går rett veg, samstundes er det framleis for mange barnehagar som ikkje har nok barnehagelærarar. Pedagogane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å heve kvaliteten på tilbodet. Målet vårt er å auke andelen barnehagelærarar til 50 prosent av dei tilsette. Over fleire år har vi satsa på å styrke kompetansen i barnehagen, med tilskot til etter- og vidareutdanning. Vi har satsa på regionale senter for å byggje kvalitet og kompetanse vidare.

Vi har høge ambisjonar for barnehagane.

—  Mette Vabø

Vi og regjeringa har om anna laga ein foreldreportal med nøkkelinformasjon om barnehagane. I 2017 innførde vi ei ny rammeplan som gjer klart kva plikt barnehagane har ovanfor barn og foreldre. Vi skjerpa kravet til kor mange barnehagelærarar barnehagane skulle ha hausten 2018. I frå 2019 førte vi inn ei minstenorm for bemanning i barnehagene og hausten 2017 vart strategien for kompetanse i barnehagane styrka. Målet var å sikre at dei tilsette har kunnskapen som trengs for å følgje opp rammeplana. I statsbudsjettet for 2021 har vi og regjeringa gjeve 430 millioner kroner til tiltak som fremmer kvalitet og kompetanse i barnehagen. Det er ei dobling av ressursane sidan 2013.

I Venstre trur vi mange foreldre er særs nøgde med satsinga på kompetanse hjå dei tilsette i barnehagane og krava til kvalitet i rammeplanane. Tilbod om etterutdanning gjev tilsette kompetanse og betre løn. Det gjev og livskvalitet. Dei tilsette i barnehagane gjer særs viktig arbeid. Satsinga på dei og deira kompetanse er og ei satsing på barna.

Ein god start i ein barnehage med høg kompetanse gjev både tilsette og barn fridom og moglegheiter inn i framtida.

Mer fra: Debatt