Debatt

Stamvegen i Ryfylke må ikkje raserast

DEBATT: Hurtigbåten er stamvegen for folk i helie Ryfylke, og mest for dei som skal reisa lengst. Men det er og kollektivtilbodet til pendlarar langs kysten og i indre Ryfylke og byøyene, skriver Ingrid Fiskaa.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV

SV satsar på stamvegen mellom Sauda og Stavanger. Hurtigbåten er stamvegen for folk i helie Ryfylke, og mest for dei som skal reisa lengst. Men det er og kollektivtilbodet til pendlarar langs kysten og i indre Ryfylke og byøyene. Alternativet til eit godt hurtigbåttilbod er at fleire set seg i bilen, noko som bidrar til auka klimautslepp og auka press på vegar og parkeringsareal.

SV vil bidra til at folk kan bu og arbeida i heile fylket. Derfor vil me prioritera hurtigbåten. Regjeringa sin politikk legg opp til vidare sentralisering. Det skal me i SV motarbeida. God distriktspolitikk handlar om moderne lokalsamfunn der det blir skapt trygge og gode arbeidsplassar og der folk har kort veg til skule, offentlege tenester, jobbar og aktivitetar.

Me registrerer at det er stor vilje til å satsa på vegbygging hos dei andre partia. Deira stamveg mellom nord- og sørfylket er Rogfast til 25 milliardar finansiert med bompengar, og ikkje rassikring av Rv13 eller sikring av hurtigbåten. SV prioriterer trafikk- og rassikre vegar og eit godt hurtigbåttilbod finansiert av staten.

Fylkeskommunen mista 80 millionar kroner til drift av hurtigbåtane, og no er det i gang eit arbeid for å finna ut kor det skal kuttast. SV reverserte kutta som var føreslått for både 2021 og 2022 i budsjettalternativet vårt for 2021. I tillegg reverserte me dei nye kuttforslaga og kutta som blei vedtatt i fjor. Dette finansierte me med eit driftsresultat på fire prosent.

Samferdselsministeren har sagt at regjeringa skal sjå på fordelingsnøkkelen denne våren, innanfor dagens ramme. Førebels har han lova 17 millionar ekstra til Rogaland. Me treng ikkje glassperler, me treng reelle kroner slik at me kan oppretthalda tilbodet. Rogaland SV ber derfor regjeringa og Stortinget om å vurdera både kystlinjekriteriet og kostnadsnøkkelen for båtruter på nytt.

Men dersom staten ikkje forstår kor viktig hurtigbåten er for innbyggarane og næringslivet i Rogaland og er villig til å ansvar for å sikra drifta, så må fylkespolitikarane ta det ansvaret. Handlings­rommet finst i driftsresultatet. Fleirtalet legg opp til eit driftsresultat på 5 prosent, som er ein prosent over tilrådd nivå frå Teknisk beregningsutvalg. SV meiner me skal bruka dette handlingsrommet til å sikra eit framtidsretta hurtigbåttilbod for innbyggarane i heile fylket.

SV vil ikkje akseptera ei rasering av hurtigbåten. Me prioriterer stamvegen frå Ryfylke til by`n. Og som ved alle oppgraderingar forventar me at reisetida blir forkorta, og ikkje forlenga, når nye anbod skal inngåast.

Mer fra: Debatt