Debatt

Jarl Wåge: «Bare dårleg ver»

KRONIKK: Da jeg kom inn døra, var det 27,5 kuldegrader ute. Disse klimaendringene er håpløse, tror vi får den kaldeste januarmåneden noensinne her oppe.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Jarl Wåge, skribent


På Facebook finst det ei «Folkegruppe mot klimahysteriet». Dei hevdar at Lan Marie Berg i MDG er ein diktator og at globalisme er ein styggedom. Dei har avlyst den globale klimakrisa og meiner at diesel er ei Guds gåve til menneskeætta.
Akkurat det siste er Trygve Slagsvold Vedum truleg einig med dei i. I Dagsnytt 18 argumenterte han i alle fall for at folk må få køyre så mykje dei vil med dieselbilar i Oslo sentrum. Særleg fattige folk. Om det er fordi han trur fattige liker å forureine eller at han tykkjer fattige som bur i Oslo sentrum, kan ha godt av meir forureining, er ikkje heilt klart.

LES OGSÅ: Kommentar: Kaldere klima

Hadde Trump vore norsk, hadde han truleg vore medlem i «Folkegruppe mot klimahysteriet». Han avlyste også klimakrisa. Noko av det fyrste han gjorde som president i sin aksjon-skrote-alt-Obama-fekk-gjort, var å melde USA ut av Paris-avtalen. Ein avtale som forpliktar dei fleste av verdas land til å nå konkrete klimamål. Samtidig satsa han massivt på revitalisering av den forureinande kolindustrien.

Joe Biden, som aksepterer at det er ei klimakrise og som har sett seg ambisiøse mål for ein aktiv klimapolitikk, var snar til å melde USA på Paris-avtalen igjen. Det tirra Ted Cruz, republikansk senator frå Texas, ein av Biden sine sterkaste kritikarar som framdeles standhaftig insisterer på at Trump vann presidentvalet, så til dei grader at han tok til Twitter: «Ved å slutte seg til Paris-avtalen indikerer Joe Biden at han er meir interessert i synspunkta til innbyggjarane i Paris enn i jobbane til innbyggjarane i Pittsburg».

Tweeten til Cruz fekk enormt med merksemd. Den typen merksemd Cruz heilt sikkert kunne ha klart seg forutan. Sjølvsagt blei han sporenstreks tolka dithen at han meiner Paris-avtalen har blitt laga for å skaffe folk i Paris eit betre klima. Nesten som om Versailles-avtalen skulle handle om folk i Versailles og Oslo-avtalen om dei som bur i Oslo. Det skulle ikkje forundre meg om Ted Cruz også hadde vore medlem av «Folkegruppe mot klimahysteriet» om han hadde budd her på berget.


Det er merkeleg korleis dette med «klimahysterikarar» og «klimafornektarar» politisk går langs ein høgre-venstre-akse. Dess lenger ut til høgre ein står politisk, dess meir overtydd er ein om at det ikkje finst dårleg klima, bare dårleg ver.
Sist ut var folkevald for Frp, sjølvaste visepresidenten på Stortinget, Morten Wold. Han var nyleg i Hemsedal. Derifrå sende han ein slags klima/ver-rapport frå skieldoradoet til sine følgjarar på Facebook. Han byrja slik: «Hei MDG og andre klimafantastar.» Så heldt han fram: «Da jeg kom inn døra, var det 27,5 kuldegrader ute. Disse klimaendringene er håpløse, tror vi får den kaldeste januarmåneden noensinne her oppe. Passer ikke inn i skremmebildet dette».

Dermed forkasta visepresidenten lett som bare det all forskning frå tusenvis av forskarar som stadig kraftigare åtvarer mot den globale klimakrisa. Det skulle ikkje forundre meg om han kjenner ein klimaekspert som veit og med styrke hevdar at stigande temperatur i hav og atmosfære er natulege svingningar. Kanskje er det sånn at fjella i Hemsedal stengjer for utsikt mot resten av verda for Morten Wold? At når det er nærmare tretti kalde der oppe, så må alt vere normalt i global målestokk òg? Eller som ein skreiv på Twitter: «Det er inga klimakrise i Noreg eller Europa. Litt ekstra regn er ikkje det same som krise.»

Det må vere vidunderleg å kunne sitte og kose med eigen navlelo og ikkje løfte blikket. Tørkekatastrofar, matmangel som jagar fleire på flukt, stadig oftare ekstremver og flaum. Ville brannar som raserer svære område. Pyttsann. Vi merkar ikkje det i Noreg.


Nyleg rapporterte britiske forskarar at issmeltinga går mykje raskare enn dei tilegare frykta. Mellom 1994 og 2017 forsvann 28 milliardar tonn is. Mest på Grønland og i Antarktis. Dessutan aukar issmeltinga enda meir år for år fordi temeraturen stig raskare enn forventa. Men hallo, det er ingen grunn til å ta på veg. I Hemsedal er det målt 27,5 kuldegrader.
Den er merkeleg denne antiglobalistiske ideen om at når alt er vel i Noreg, så er alt vel i resten av verda òg. Ei slags klokkartru på at auka temperatur i hav og atmosfære, at stigande hav og stadig fleire menneskje jaga på flukt av katastrofar, ikkje vil påvirke oss på noko vis. Som om Noreg er ein gudevelsigna enklave på Moder jord. Som om vi har vårt eige private hav og vår eigen private atmosfære og difor er verna mot alt vondt.

Eg skal ta baklengs salto med skru og araber flikk flakk med fjellstøtt nedslag i pur glede om det plutseleg skulle vise seg at FN sitt klimapanel og alle andre klimaforskarar har tatt feil og ropt «ulv, ulv». Like hoppande glad vil eg vere om det viser seg at vi bare kan gje blaffen i alle klimatiltak, kjøre så mange dieselbilar vi bare vil, fyre med ved og kol, fråtse, bruke og kaste fordi klimaforskarane har tatt feil. Men denne bølgja tør eg ikkje kaste meg på. For tenk om det viser seg at det er klimafornektarane som tar feil. Tenk om vi bare hadde latt det skure og gå og gjeve blaffen utan å gjere noko fordi det er kaldt i Hemsedal i januar og fordi meir regn her til lands ikkje har noko med klimakrise å gjere.

Då vil kloden, inkludert Noreg, sitte igjen med Svarte-Per.

LES OGSÅ: Første vinteren på elleve år

Mer fra: Debatt