Debatt

Norsk frihandel-avtale – like verkeleg som den britiske

DEBATT: Fleire har peikt på at ein frihandelsavtale lik den britiske, vil vera betre enn EØS. Sidan vi har ein slik avtale, skulle den saka vera enkel. Politisk er det ikkje like enkelt, skriver Anders M. Andersen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Anders M. Andersen, Nedstrand

Utanfor EU er avtalen mellom EU og Storbritannia komplett frihandelsavtale. Avtalen gjeld for alle varer, er utan toll og avgifter og utan kvotar. Andre deler av avtalen rører ikkje ved dette. Kva EU prøvde på og ikkje fekk til, er no utan interesse. Avtalen er god for begge partar. Slike avtalar er gjensidige, og ikkje noko den eine gir og den andre får.

Denne frihandelsavtalen kan opna blikket og gjera stillinga vår klarare. Noreg har tilsvarande frihandelsavtale frå 1973. I EØS-avtalen står det at denne avtalen tek til å gjelda når EØS ikkje lenger gjeld. EØS er som kjent folkerettsleg avtale som ein av partane kan seia opp eller få forandra.

Frihandelsavtalen vår frå 1973 gjeld òg i dag. Når ein ser på norsk fiskeeksport, går dette klart fram. Frosen og fersk fisk er den største eksporten etter olja. Fiskeeksporten til EU-landa går etter frihandelsavtalen frå 1973 eller andre, nyare handelsavtalar. Med til dømes Polen, som ikkje var i EU i 1973, gjeld eigen avtale. Til nokre av EU-landa, dei fleste, er det ikkje toll. Til andre er det toll. EØS hindrar ikkje det. EØS er ikkje handelsavtale og har ingen ting med norsk fiskeeksport å gjera. Det viktige er at eksporten går like godt med eller utan toll. Norsk fisk skal kjøparane ha, og dei betaler det fisken kostar.

Alle kan no sjå at handelsavtale er ikkje noko mystisk. Er det difor norske aviser ikkje skriv om denne verkelege avtalen som etter alle avis-spådomar ikkje skulle funnest? Statsminister Erna Solberg sa i desember at vi kan ikkje rekna med å få tilsvarande avtale. Statsministeren skal vita at vi har ein slik  frihandelsavtale. Statsministeren skal òg vita at det ikkje er sant det ho har sagt, at vi taper mange hundre fiskeekport- milliardar utan EØS. Statsministeren skal dertil vita at alle dei aktuelle landa har bunde seg til ikkje å føra inn nye handelshindringar.

Fleire har peikt på at ein frihandelsavtale lik den britiske, vil vera betre enn EØS. Sidan vi har ein slik avtale, skulle den saka vera enkel. Politisk er det ikkje like enkelt. EØS var i si tid laga for å vera sklie inn i EU-medlemskap. Alle veit at det vil ikkje det norske folket vera med på. Det får ikkje våre ja-politikarar til å gje opp planen. Sklia held dei pinnfast på, både Solberg og Støre. Støre forkynner at han er personleg betalande medlem i Europabevegelsen. Han veit vi kor vi har. Men store LO-forbund er imot heile EØS, og LO har kongressvedtak mot medlemskap

Ny EØS-debatt vil fleire no ha. Då kan det kanskje vera klokt i fyrste omgang å reforhandla og få vekk det verste. Noko av det verste er domstolen. Norske rettssubjekt kan etter Grunnlova berre dømast etter norsk lov og rett, så doamar i EU-domstolane er ikkje bindande. Slikt er ikkje rettstilstand. Bindinga til å ta imot og setja i verk direktiv frå vår avtalemotpart er vedvarande overgrep mot vår demokratiske rett. EØS og tenestedirektiv som legg oss inn under EU-systemet for sosial dumping, er årsak til stor og aukande arbeidsløyse.  Dette er tri krav som kan reisast og vedtakast kvar for seg.

Mer fra: Debatt