Debatt

Storbritannia fekk handelsavtalen med EU

DEBATT: Då Storbritannia gjorde det utenkelege: Vedtok at dei ville melda seg ut, blei det aldri tatt på alvor i Brussel, skriver Leiv Olsen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Leiv Olsen, leiar, Rogaland Nei til EU

Då er det klart: Storbritannia og EU har blitt einige om ein handelsavtale som ikkje inneber at Storbritannia må innføra alle lovar og reguleringar som EU vedtar for den indre marknaden. Dette er ei storhending.

Urealistiske forhandlingar; var Johnson ein klovn? Det blei sagt, og skrive, at Storbritannia, og spesielt Boris Johnson, opptrådde useriøst og ikkje dreiv realistiske forhandlingar. Dei kasta bort tida, for dei skjønte ikkje, eller ville ikkje skjønna, at dei måtte dei la EU bestemma vilkåra som skulle gjelda for handelen. Når Storbritania ville bestemma i eige hus, var dei urealistiske. Boris Johnson blei i norske aviser kalla ein klovn.

Men det Storbritania kravde, var bare å få ein handelsavtale av liknande slag som mange andre sjølvstendige land alt har med EU. Korfor skulle det vera urealistisk? Korfor må ein vera ein narr og ein klovn når ein ber om slikt?

Poenget er at EU aldri har godtatt at nokon skal melda seg ut. I EU finst bare éinvegs-prosessar. Du kan gå djupare og djupare inn i ein stadig tettare union, det skal vera umulig å reversera noko. Når då Storbritannia gjorde det utenkelege: Vedtok at dei ville melda seg ut, blei det aldri tatt på alvor i Brussel. Britane vil nok ombestemma seg når dei får tenkt seg om, var reaksjonen. Og slik tenkte også EU-tilhengarane i Storbritannia, som drog i gong ein massiv kampanje for å få ny folkeavstemning. Når folket stemmer «feil», skal dei få beskjed om å stemma på nytt. Når folk stemmer «rett», derimot, gjeld det for evig og alltid.

Når regjeringa i Storbritannia ikkje ville utlysa ei ny folkeavstemning, var ordren frå EU klar: Dokker kan gjerne få ein handelsavtale, men dokker må fortsetta å innføra alle lovar og reglar som EU vedtar skal gjelda for det indre markedet. Kort sagt: Fortsatt medlemskap, men utan stemmerett.

May-regjeringa ville fyrst ikkje godta dette, men lot seg pressa. Då var det ingen grunn for EU til å legga om strategien og gå inn på reelle forhandlingar. Johnson-regjeringa lot seg ikkje pressa. EU tok likevel for gitt at Storbritannia ville føya seg når det kom til stykket. Johnson-regjeringa ville få kalde føter når dei fikk dårleg tid og fristen for å få i land ein avtale heldt på å gå ut. Men Johnson-regjeringa lot seg fortsatt ikkje pressa. Til slutt, 4 1/2 år etter avstemninga der folkefleirtalet i Storbritannia hadde stemt for Brexit, når det bare var to veker igjen av overgangsperioden og eit eventuelt «no deal» ville tre i kraft, skjønte EU at Storbritannia meinte alvor. Då fyrst begynte dei å forhandla om det Storbritannia ville ha. Og då kom avtalen på plass — på rekordtid.

Kven var det som hadde opptrådd useriøst? Kven var det som hadde opptrådd som ein virkelighetsfjern klovn? Avtalen som Storbritannia og EU no har inngått, hadde komme på plass for fleire år sidan — dersom EU hadde tatt forhandlingane på alvor.

Korfor snudde EU? Media har skrive masse om at Storbritannia er avhengig av å få ein avtale med EU, for EU er det største eksportmarkedet til Storbritannia. Det stemmer. Men media skreiv ikkje det som også er sant, at EU eksporterer meir til Storbritannia enn kva Storbritannia eksporterer til EU. EU treng avtalen like mye som Storbritannia gjer. I Brussel tok alle for gitt at Stor­britannia ville opptre «fornuftig», og «fornuft» vil seia å leggga seg inn under EU-reglar. Slik tenker alle som har EU-briller på. Som for eksempel dei fleste massemedia og forståsegpå-arane her heime. Dei som ikkje vil legga eg under EU-reglar, må vera populistar, og populist er som kjent det verste ein kan vera.

Kva vil skje framover? Det er som kjent vanskeleg å spå, spesielt om framtida, men dersom det etter tre-fire år viser seg at Storbritannia klarar seg godt utanfor EU, kan det oppmuntra folk i andre EU-land. Og misnøyen er stor i mange land, spesielt i Frankrike og Italia. Dersom Storbritannia klarar seg godt (men det veit me ikkje om dei vil gjera), kan det fort komma nye krav både i Frankrike, Italia og andre land om at dei òg skal melda seg ut. Det kan bli begynnelsen på slutten for heile EU.

Og korleis vil det gå i Storbritannia? Det veit me ikkje i dag. Dagens regjering må no visa om dei er i stand til å takla problema dei møter — og problem har Storbritannia no meir enn nok av, spesielt på grunn av korona-pandemien. Ved framtidige val kan veljarane gi andre sjansen til å styra, dersom dei då er misnøgde med dagens regjering. Poenget er at no er det opp til britane sjølv å styra i eige hus. Går det bra, kan den til ei kvar tid sittande regjeringa ta æra for det. Går det dårleg, har dei ikkje andre å skulda på, og då kan nye regjeringar, innsette etter nye val, driva ein annan politikk — til og med ein politikk som bryt med kapitalens «frihet» til alltid å trumfa alle andre omsyn — dersom ein framtidig regjering vil det. Eit slikt val har ingen i EU.

Mer fra: Debatt