Av: Jarl Wåge, skribent
Viss Erna Solberg hadde vore Donald Trump.
Oslo 14. september 2021.
I går var det stortingsval. Erna Solberg har saman med Siv Jensen barrikadert seg på statsministeren sitt kontor og nektar å godta valresultatet. Dei hadde lova folk ei ny, slagkraftig, mørkeblå regjering, men gjekk på ein skikkeleg smell. Veljarane ville det annleis.
«Vi gir deg nyhetene før de skjer,» var ein fast sluttsekvens i «Hallo i uken» på NRK-P2, det beste satireprogrammet nokon gong produsert for norske øyre. Eg skal gå programmet i næringa og med nostradamsk klarsyn gje dykk nyheiter om stortingsvalet 2021 før det skjer.
Valkampen blei ei snuskete affære med møkkaspreiing på eit nivå som får bøndene si våronn til å lukte som ei duftlysmesse på Hadelands Glassverk.
Politikarar i fri utfalding som er meir enn viljuge til å dolke motstandarar i ryggen i kampen om den beste utsikta frå maktas tindar, er aldri noko vakkert syn. Vingle-Jonas (som Siv Jensen kallar han) balanserte i månadsvis på slak line. Livredd for å stige for langt høgrover for å ikkje bli klisslik Høgre. Ei vanskeleg øving når han ville til sengs med Senterparti-Vedum som på enkelte område er så ekstrem at Siv Jensen stadig gjorde seg lekker og prøvde å lokke han inn i sitt boudoir. Ikkje kunne han bli for Bompenge-Lan (Siv Jensen)-grøn heller. Då ville Sp-Trygve gå i fistel fordi MDG vil at ulven skal leve.
JARL WÅGE: Munnbind er nettopp det; munnbind
På den andre sida stod Ulve-Audun (Siv Jensen) som Ole Brumm-snill sa «Ja, takk, begge delar,» men aller helst kunne tenkt seg å regjere med Kommunist-Bjørnar (Siv Jensen) og MDG.
Men i går talte altså veljarane. Dei vil ha Jonas, Audun og Tygve. Regjeringskåte og klare dundrar dei på døra til regjeringskontora og vil inn. Det kan dei bare gløyme. Solberg er urokkeleg. Justisministeren hennar (sikkert ein ny ein) har varsla omteljing i fleire fylke på grunn av mistanke om juks. Ja, til og med døde skal ha stemt.
Høgre gjorde eit katastrofeval med tilbakegang i alle fylke. Regjeringsslitasje er ei forklaring. Den einaste staden dei hadde framgang, var Bø i Vesterålen, Noregs svar på Cayman Islands. Dit har ein mangemillionær-kohort med Bjørn Dæhlie i spissen, skatteflykta for å spare nokre kroner på «formyeskatten».
Frp gjorde heller ikkje suksess trass i at dei sa innvandrarar, muslimar, terror og svenske tilstandar på inn- og utpust. Ingen kjøpte deira fornya løfte om å fjerne alle bompengestasjonar. Ikkje ein gong at Sylvi Listhaug stilte på same scene som Jan Hanvold på Oslo Symposium med eit kors så stort og tungt som eit åk rundt halsen og lova å bare ta imot kristne (kvite) kvoteflyktningar om ho fekk bli minister att, hadde ønska effekt.
At dei fusjonerte med KrF som, etter at liberale kristne gjekk til det nye partiet Sentrum, likna mindre og mindre på eit folkeparti og meir på Kristeleg Mørkemannparti, gav heller ingen merkbar gevinst.
JARL WÅGE: All ekstremisme er totalitær
Ikkje ein gong Carl I. Hagen hamna på Tinget. Han gjorde Gammel Oppland av seg (lånt frå Twitter) og blei nominert på fyrsteplass på partiet si stortingsliste der. Valdagen derpå har han djupt såra og vonbroten proklamert at han vil klimaflykte for godt til den norske ghettoen i Torrevieja der han framleis har ei høg stjerne. Han skal til og med melde seg på spanskkurs sidan dei enda ikkje har lært å snakke norsk på sjukeheimane der.
Senterpartiet blei den store valvinnaren. Slagsvold Vedum har spelt på nasjonalisme. Å bruke kongen sitt «Alt for Norge» i kvar einaste debatt han deltok i, ser ut til å ha gått heim hos mange. Lenge kravde Sp at han skulle bli statsminister, men måtte gje seg. Kronargumentet mot var at dei ikkje kunne sende ein statsminister som ler som Slagsvold Vedum, ut i verda for å representere Noreg.
Det er erklært unntakstilstand i landet. Det er fyrste gong vi opplever kuppforsøk sidan Vidkun Quisling gjorde statskupp over radioen (Twitter fanst ikkje den gongen) 9. april 1940. Det er eit kolossalt oppbod av folk. Bak dei tre raudgrøne står Bompenge-Lan med sin grøne og Kommunist-Bjørnar med sin raude armè klare til å tre støttande til om det blir naudsynt.
JARL WÅGE: #tingeglærerpåSATS
Tungt væpna soldatar og politi er på plass. Siv Jensen kan i det minste glede seg over at politiet i dag får bere våpen. Internasjonale media spør kvifor Solberg ikkje har tatt lærdom av det som skjedde med Trump. 20. januar, dagen då Joe Biden var klar til å innta Det kvite hus, barrikaderte Trump seg på liknande vis i The Oval Office med sine Proud Boys som livvakter. Dei hadde ikkje nubbesjans då nasjonalgarden storma bygget, jaga Trump sine stolte gutar på skjelvande flukt med geværa mellom beina og bar ein hylande og sprellande eks-president ut dørene. Vel ute, plasserte dei han i ein golfbil og sende han i retning ei golfbane i Virginia.
Jan Tore Sanner og Ketil Solvik-Olsen prøver med alle middel å få kontorokkupantane til å kaste inn handkledet og erkjenne tapet. Til inga nytte. Dei to damene kommuniserer med omverda via Twitter. «VI VANN», tvitrar dei. «Dei raudgrøne har stole valet,» melder dei. «Alt media serverer, er FAKE NEWS,» skriv dei.
Trass i dei enorme folkemengdene er det dørgande stille utanfor. Det einaste som høyrest, er rasling med våpen.