Debatt

Ferjeavløysing – ei samfunnspolitisk kortslutning

DEBATT: Ubetydelege små justeringar med raud eller blå politisk mynt held ikkje mål lenger.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av Alexander Rügert-Raustein, gruppeleiar Dei Grøne Rogaland

Eg er politikar for å endre kursen. Ubetydelege små justeringar med raud eller blå politisk pynt held ikkje mål lenger. Min visjon for Noreg i 2050 er eit samfunn som har det betre med mindre. Meir livsglede med mindre forbruk og mindre hastverk allereie på vegen til eit slikt samfunn. Det gjelder ikkje minst samferdselspolitikken. For å kunne ta denne svingen er det fyrste naudsynte steget å ta foten frå gassen.

I leiaren laurdag 1. august meiner Sæbø at eg har gløymd at Rogfast er eit ferjeavløysingsprosjekt. Det har eg ikkje gløymd. Ferjeavløysing som konsept er det ikkje behov for i framtidas Noreg. Difor vel eg å la vere å byggja og unngår dermed å sende båe kostnader og ulemper inn i framtida. Sparte investeringskostnader kan med fordel bli brukt til å hente inn vedlikehald på eksisterande vegar og fremme trafikk- og rassikring.

Langs strekninga for «ferjefri E39» er det ein del fjordkryssingar der det er usikkert om avløysingsprosjekta kjem. Det skapar store problem for planleggjarane i Statens Vegvesen.
Viss prosjekta kjem må ein nemleg planleggja for mykje meir trafikk enn viss dei ikkje kjem. Dette gjer veldig tydeleg at ferjeavløysing er ei sjølvoppfyllande profeti satt i system.

Fjordkryssingane sjølv generer mesteparten av trafikken dei er påstått å bli bygd for.

Dei Grøne har vedteke målsettinga om nullvekst for all trafikk i heile landet. Det vil seie at talet på kilometer køyrt over heile landet ikkje skal auke i frå no av. I byregionane der det er lett å flytte persontransporten over til kollektive løysingar gang og sykkel, skal trafikken ned med 30% i solidaritet med distriktet som kanskje har behov for å kunne køyre noko meir bil.

Grunnen til det er enkelt: Nullvekst er eit fyrste steg i retning av eit redusert trafikkvolum som er naudsynt for å nå utsleppsmål set i Parisavtala. Det betyr noko så lett og så vanskeleg som å la vere å byggje dei store vegprosjekt som generer trafikk på grunn av auke i kapasiteten.

I eit livsløpsperspektiv er utslepp frå transport ein kombinasjon av utslepp frå bygging og vedlikehald av veginfrastruktur, utslepp frå produksjon og vedlikehald av køyretøy og utslepp frå køyring. Ingen av disse utgjer meir en halvparten av dei total utsleppa frå transport. Det betyr at kutt trengs på alle område for å redusere utslepp med minst halvparten innan 2030.

Ikkje ein gong 100% nullutsleppsbilar vil vere nok. Målet kan berre nåast ved å redusere køyrte kilometer. Og når me køyrar mindre treng me ikkje meir vegkapasitet.

Det er altfor få som ser det store potensialet som ligg i å få det betre med mindre bilkøyring.

Reisevane­under­søk­ingar fortel oss at jo lengre jobbreisa er og jo fleire som har jobb utanfor eiga kommune, dess fleire nyttar bil. Dette reduserer fyrst og fremst reiser til fots og med sykkel.

Stillesitting i bilen og på jobb er ein kjent bidragsytar til såkalla livs­stilssjukdomar. Me må få fleire til å bevege seg meir og sitte stille mindre. Enkelt sagt, å gå og sykle meir og å sitte mindre i bilen. Det får me ved å leggja opp til kortare jobbreiser. Rogfast har som erklært mål å bygge ein større felles bu- og arbeidsmarknad. Ikkje berre skal det bli pendling over større avstandar, men fleire skal pendla for at finansieringa går opp. Det er å motarbeide folkehelsa.

Den gjengse pendlaren bruker gjerne 15% av lønna til pendling med bil og det går med tilsvarande 15% av arbeidstida i tillegg. Ei halvering av pendleavstanden vil auke netto i lomma monaleg og gje 2 til 3 timar ekstra i veka. Fleire vil kunne gå eller sykle. Det er openbart at dette vil gje mindre stress og betre helse, og dermed eit betre liv for mange.

Det er i overordna arealplanlegging løysinga ligg. Fleire små fleirfunksjonelle område gir færre samferdsels- og folkehelseproblem. Meir veg gjer alt berre verre.

Mine «soloutspill» skal løfte behovet for ei slik ny innretning av politikken. Lufte tanken på eit partiseminar er da håplaus. Der er problemforståinga for lengst kome mykje lengre. Det er ut i frå forståinga dei Grønes prisverdige engasjement for ei klimavenleg retning kjem.

Eg signerer difor som gruppeleiar for dei Grøne og ikkje som leiar for samferdselsutvalet.

Overskrifta lød følgeleg «MDG-topp foreslår...» og ikkje «Leiar for samferdselsutval føreslår...».

Eg var veldig klar over at eg ville måtte kunne stå i spagat mellom vervet som leiar av samferdselsutvalet og min framtidsretta visjon utan foreløpig å ha fleirtalet med meg. Det var alle posisjonspartia klar over og dei ville ha oss med i båten for det. Me blei difor einige om å ikkje binde oss på dette området i vår felles plattform slik at alle kan stå fritt for sine politiske standpunkt.

Frå fleire hald er eg blitt oppfordra til å vere lojal mot fatta vedtak. Ingen har vedteke at Rogfast skal byggjast uansett. Stortingets vedtak om bygging av Rogfast blei knyta til fleire føresetnader når det gjeld kostnadsramme og finansieringa.

Treffande nok kom det berre eit tilbod for Kvitsøy-kontrakten. Tilbodet sprengte kostnadsramma med stor margin. Difor er prosjektet blitt stoppa av fagetaten. Vedtaket kan ikkje gjennomførast. Saka skal som kjent tilbake til Stortinget. Dermed er det ikkje noko funksjonelt vedtak å vere lojal mot på det nåverande tidspunktet så langt eg kan sjå.

Ingen hadde rekna med at me ville få Rogfast tilbake på agendaen som kroneksempel for kvifor dagens samferdselspolitikk ikkje er framtidsretta. Endå mindre hadde eg rekna med at så mange ser ut til å ha større problem med å sjå meg ståande i denne spagaten enn det eg har med å faktisk stå i den.

Eg står ikkje akkurat makeleg. Men eg skal stå i den for dei som har gitt meg mandatet og for våre ungdommar og barn som ikkje har stemmerett (enno). Det er neste generasjon som vil få rekninga for denne utdaterte samferdselspolitikken om me ikkje endrar kursen snart.

Mer fra: Debatt