Debatt

I går mintest vi

KOMMENTAR: Vi har ikkje råd til å lene oss tilbake. I dag og kvar einaste dag må vi minnast udåden til terroristen. Fascismen hans som utløyste bomba og skota midt i hjarterota til grunnverdiane våre, viser stadig fram «fifty shades» av sitt stygge ansikt, skriver Jarl Wåge.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skrevet av: Jarl Wåge

I går mintest vi -  TV-bilda. Dei som blei drepte og skadde i regjeringskvartalet. Regjeringskvartalet som blei rasert. Dei ubegripeleg vanvittige nyheitene frå Utøya. Alle ungdommane som måtte bøte med livet eller fekk sår og arr på kropp og sjel som dei må ha med seg resten av livet. Vi mintest pårørande som heilt sikkert framleis strevar med å finne ut av korleis dei skal takle sorga og saknet.

Alt saman utløyst av ein ung høgreekstremist styrt av mørkebrunt, glødande hat. Ein ung mann inspirert av andre norske og internasjonale høgreekstremistar til ein pervers tanke om at han forsvarte landet vårt mot landssvikarar.

I går fekk vi gripande, sterke og modige vitnesbyrd frå ungdom som opplevde terroren på nært hald. Ungdom som stod ansikt til ansikt med ondskapen. Som såg hatet i kvitauget.

Når eg skriv dette, er det 23. juli. Terrordagen derpå. Dagen då vi ikkje sjølvtilfreds kan klappe oss på skuldra og slå fast at no er vi ferdige med å minnast for denne gongen.

Vi har ikkje råd til å lene oss tilbake. I dag og kvar einaste dag må vi minnast udåden til terroristen. Fascismen hans som utløyste bomba og skota midt i hjarterota til grunnverdiane våre, viser stadig fram «fifty shades» av sitt stygge ansikt.

Ytterste høgre flanke i det politiske landskapet vårt, er, som 22/07-terroristen, sjølverklærte forsvarar av norske verdiar. Fienden dei forsvarer landet mot, er sosialistane, som det så forakteleg heiter. I tillegg ikkje-vestlege innvandrarar generelt og muslimar («den 11. landeplage», som Hege Storhaug kallar dei) spesielt. Når dei blir utfordra på kva dei legg i «norske verdiar», blir dei alltid vage og ulne, og verdi-fana blafrar ikkje like friskt i vinden.

Nokon har endt opp med bunad, hardingfele, brunost,ostehøvel og binders. Andre har prøvd seg med svin og sprit og «her i landet handhelsar vi. Lik og del.». Eit kvitt og kristent Noreg utan svartmussa potensielle muslim-terroristar er sjølvsagt den ultimate og endelege løysinga for å preservere verdiane våre.

Regjeringa Solberg har vedtatt ein strategi mot hatefulle ytringar. Det er prisverdig det. Statsministeren sjølv har snakka varmt om strategien. «Når de fine orda demmes blir motbyd`lig,» syng Halfdan Sivertsen. Om dei ikkje akkurat er motbydelege, orda, er dei i alle fall bare fine og tome. For her er det totungetaling av dimensjonar på gang. Jau, då. Dei vil sloss mot hatytringar. Samtidig finansierer regjeringa ein høgreradikal blogg som spreier hatytringar. Ein blogg som mellom anna har oppfordra oss til å snikfotografere innvandrarar for å vise kva slags påverknad dei har på det norske samfunnet.

Medan FrP var med i regjeringa, utnemnde Erna Solberg ein justisminister som hevdar at folkevandringa fra muslimske land bør opphøre. Same mann har ikkje meir sans for samar enn muslimar. Per-Willy Amundsen meiner det er ei ulykke at samane har status som urfolk. Då Finnmark og Troms skulle slåast saman til eitt fylke, var han opptatt av at samane ikkje måtte få fleire rettigheiter.

Justisministeren Solberg utnemnde etter Amundsen, Sylvi Listhaug, presterte å hevde på Face Book at Arbeiderpartiet prioriterer terroristar framfor tryggleiken til det norske folk. Hatytringa mot AP gjorde at ho måtte gå av, men hindra ikkje Solberg i å utnevne ho til nye ministerpostar etterpå.

I går, 22/7, skreiv @hastiha følgjande på Twitter: «Jeg føler at det er 22. juli hele året. Ikke fordi jeg tror jeg skal bli drept av en høyreekstremist hver dag. Men fordi jeg husker de timene da antatt hudfarge på terroristen var lik min. De timene da det var farlig for muslimer å bevege seg fritt. De timene er tilbake. Bare hele året.»

Tweeten gjorde djupt inntrykk på meg. Tydelegare kan det ikkje seiast, Erna Solberg, at regjeringa si satsing mot hatytringar er mislykka. Det er bare fine ord og vil ikkje vere noko anna om orda ikkje blir sett ut i handling.

Eg kjende på litt av den same redsla som @hastiha twitra om etter terroren 22. juli. «Tenk om terroristen var ein ekstremistisk islamist. Kva slags bølgje av latent muslimhat ville ikkje då materialisere seg og skylje over uskuldige muslimar?» Muslimhatet er ikkje lenger bare latent. Høgreradikale politikarar nøler ikkje med å proklamere at dei vil ha slutt på ikkje-vestleg innvandring. Dei enda meir ekstreme vil i tillegg kaste 250 000 muslimar som allereie er her, ut av landet. Vi kan bare forestille oss kva slags tsunami av hat vi vil bli vitne til om vi ein dag opplever islamistisk terrorisme på norsk jord?

Det er sjølvsagt ikkje lett å definere kva som er norske verdiar. Ikkje minst fordi dei stadig er i endring. Berre sjå kva som skjedde med handhelsing då koronaviruset innvandra til Noreg.

Likevel finst det nokre få og grunnleggjande verdiar i det norske samfunnet; demokrati, menneskeverd, fridom, likskap og brorskap. Det var desse verdiane, sjølve fundamentet i samfunnet vårt, som blei attakkert av 22/7-terroristen. Det er desse verdiane, ikkje binders og ostehøvel, alle ekstremistar, anten dei er religiøst eller politisk motiverte, ønskjer å knuse og tilintetgjere.

Det må vi aldri tillate dei å gjere. Difor kan vi ikkje ein einaste dag la vere å minnast 22. juli. Difor må vi heller aldri kvile i kampen mot ekstremistiske hatprofetar.

Mer fra: Debatt