Debatt

Lærdommar av korona-krisa

DEBATT: I dag ser me kva yrkesgrupper som er uunnverlege om samfunnet skal gå rundt.

Oslo 20200226. 
Sykepleiere på isolatposten på Ullevål sykehus. Det er hit eventuelle corona-smittede vil komme.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Leiv Olsen, medlem av Raudt Rogaland

Korona-pandemien tok oss på senga, både i Norge og dei fleste andre land. Endå me var varsla! I 2018 varsla Direktoratet for beredskap og sikkerhet om at ein pandemi, av eitt eller anna slag, var sannsynleg, og at samfunnet burde førebus. Ingenting blei gjort. No må me ikkje gjenta gamle feil, denne gongen må me finna ut kva me kan læra. Enkelte lærdommar bør vera openbare.

Uhemma frihandel, der ein satsar på at me til eikvar tid kan kjøpa det me treng der det er billegast ein eller annan stad på verdsmarknaden, har spelt fallitt. Når krisa inntreffer, er det ikkje sikkert me får tak i det me treng på verdsmarknaden, for produksjon stoppar opp, alle land vil slåst om å få tak i det som blir produsert, og overby kvarandre, transportkjedar går òg i stå. Uhemma frihandel gjer samfunna ekstremt sårbare i ei krisetid.

Alle samfunn treng å styrka sjølvberginga. Ingen kan vera 100 % sjølvberga, men Norge har altfor låg sjølvbergingsgrad av matvarer og andre produkt som er kritiske for at samfunnet skal fungera. Statens politikk må leggast om slik at me får opp eigenproduksjon av det som bør definerast som samfunnsnødvendig. Me treng beredskapsplanar og lagre av produkt som er kritiske for at samfunnet skal fungera. Me må bygga opp igjen dei statlege kornlagra i kornsiloar og me må gjeninnføra lagre for medisinar og utstyr i Norges medisinaldepot. Det var ein grov tabbe å avvikla desse. Slike lagre må vera statlege.

Grunnleggande samfunnsfunksjonar må vera offentlege, og offentleg eigde, og dei må vera dimensjonerte for å kunna handtera ei krise. Det betyr blant anna at sengekapasiteten på sjukehusa må aukast kraftig — for 40 år sidan hadde sjukehusa dobbelt så stor sengekapasitet som i dag. Me treng ikkje fleire monstersjukehus, men me treng fleire sjukehus. Mange nedlagde sjukehus må gjenopnast, og på nytt få heildøgnstilbod, for eksempel som fødestover. Det vil samtidig gjera det tryggare for gravide kvinner, som i dag mange stader har altfor lang veg til nærmaste fødeklinikk.

Helsevesenet må bemannast av folk med heile stillingar, og nok stillingar. Deltidsstillingar gir eit dårlegare helsevesen. I koronatider fører dei mange deltidsstillingane til større smittefare sidan mange helsearbeidarar jobbar på fleire arbeidssstader for å få fylt opp stillinga. Alle deltidsstillingar kan lett skiftast ut med heile stillingar dersom me aukar grunnbemanninga — noko som i alle fall er nødvendig dersom me skal ha kapasitet til å ta unna ei krise.

Det er vanskeleg å få til ønskelege omstillingar av helsevesenet så lenge det ikkje er politisk styrt. Helseforetaka må avviklast og sjukehusa må på nytt leggast direkte under folkevalde organ.

Faste stillingar må vera regelen i alle sektorar. Då må arbeidsmiljøloven strammast inn og bemanningsbyrå avskaffast. Vikariat og mellombels behov kan dekkast av vikariat og mellombels tilsettingar, men då må behovet vera nettopp det: mellombels.

Utan reinhald stansar all verksemd. Reinhald er ikkje ei «ikkje-kjerne-verksemd» som problemlaust kan settast ut på anbod, men ei sentral og heilt nødvendig oppgåve i alle verksemder, utan unntak. Den oppgåva må skjøttast av fast tilsette, som må ha ei anstendig lønn.

I dag ser me kva yrkesgrupper som er uunnverlege om samfunnet skal gå rundt. Mange av dei som gjer dei jobbane, er lågtlønte. Dei fortjener eit monaleg lønnsløft!

Samfunnet må ha eit offentleg sikkerhetsnett som sikrar at ingen står på bar bakke når krisa rammar oss. Då må me også innføra ei garantert minsteinntekt, ei trygd eller grunninntekt som ingen skal hamna under. Dette må vera ein universell rett, ein garanti for at den som hamnar under den fastsette minsteinntekta, automatisk skal få differansen utbetalt frå det offentlege.

Staten må driva aktiv næringspolitikk. Når krisa slår inn, ropar alle på staten, dei vil at staten skal berga dei. Når situasjonen blir normal, vil dei same folka at staten skal halda seg langt unna og overlata alt til den frie marknaden. Men den frie marknaden skapar kriser, med jamne mellomrom. Bare det offentlege er i stand til å legga dei langsiktige planane me treng, og bare det offentlege har dei verkemidla og finansielle ressursane som trengst for å utvikla den teknologien og næringane som får oss gjennom krisene. Bare staten har også dei finansielle musklane som trengst for å legga om samfunnet til det ikkje-fossilbaserte næringslivet me må få til for å dempa klimakrisa. Suksesshistoriene i norsk næringsliv har komme når staten har drive aktiv næringspolitikk, som då konsesjonslovane blei vedtatt tidleg på 1900-talet — dei sikra oss ei rask industrialisering med delvis norsk eigarskap — og då den norske oljebransjen blei bygd opp på 70-talet; utan den aktive statlege oljepolitikken hadde norske oljebransje aldri blitt utvikla, sog slett ikkje blitt verdsleiande, slik den i dag er på mange område.

I dag, under koronakrisa, vaklar mange bedrifter på konkursens rand samtidig som andre har ferdig planar for ny, ikkje-fossil industri, men manglar finansiering. Me har rekordmange permitterte, som treng ein jobb å gå til, og me har ivrige arbeidsgivarar som kan gi dei ein jobb, men treng startfinansiering. Regjeringa må gripa dagen og timen, dei må kopla ledige arbeidshender og arbeidsoppdrag: la dei som manglar arbeid, få jobb hos dei som har utvikla teknologien for det framtidige, ikkje-fossile samfunnet! — og gi desse startfinansiering. Då kan milliardane staten no ausar ut, gå til ei omstilling som er både fornuftig og heilt nødvendig, og Norge kan ta leiinga i det grønne skiftet.

Det er sikkert fleire lærdommar som kan trekkast. Alle dei eg har nemnt, bør vera openbare for alle. Det er ingen grunn til å drøya med å setta dei i verk.

Mer fra: Debatt